Strøm

Mange bekkar små…LEIAREN 

Publisert av Arne Heimestøl 08.10.2022. Sist oppdatert 07.10.2022.

Den siste økonomirapporten som vart lagt fram for formannskapen torsdag 6. oktober, viser at Sør-Aurdal kommune kan kome ut med eit meirforbruk på 3 millionar kroner i 2022.

Inntektene ser ut til å verte 9 millionar kroner større enn rekna med, men utgiftene kan kome til å vekse med om lag 12 millionar kroner.

I formannskapsmøtet meinte Inger Lise Damslora (Ap) til at det er mange overskridingar.

– Kor skal dette ende sjølv etter at Begnadalen er borte? spurte ho og viste til nedlegginga av barneskulen i bygda.

I saka les vi at sektorane har jobba med å få ned meirforbruket, men det er ikkje alle postar i budsjettet kommunen styrer like mykje sjølv.

Kommunedirektøren disponerer likevel totalbudsjettet kommunestyret har vedteke. Er det gjort nok for å redusere forbruket?

Det ser ut til at kommunen bruker 5,7 millionar kr meir på straum enn det som er vedteke i budsjettet for 2022. På dette området saknar vi grundig informasjon om kva tiltak som er sette i verk, når dette skjedde, og kva som er mogleg å få til.

Kommunen kan ikkje lastast for høge straumprisar, men kanskje kan ein gjere meir for å redusere forbruket. Dette er viktig både med omsyn til økonomi og miljø.

Vi meiner administrasjonen med lys og lykter må undersøke om det er meir som kan gjerast for å halde budsjetta kommunestyret har vedteke. Gjer ein ikkje det, skaper ein større problem i åra som kjem. Også når det gjeld sparing, heiter det at mange bekkar små gjer ei stor å.

Vi minner om at den estimerte utgiftsveksten i 2022 er dobbelt så stor som innsparingsmålet kommunedirektøren nemnde i fjor på denne tida. Og statsbudsjettet som er lagt fram, vil neppe tette alle hol.

Les også..

Salto logo

Avslutning

BEKJENTGJØRELSE: Søndag 26. april kl. 15:30–18:00 blir det Salto-avslutning på ...
Tomta for Nye SAUS

Klart for byggestart: SAB og Nye SAUS går videre innenfor budsjett

I kommunestyrets møte 16. april orienterte bygningsingeniør Oddleiv Juvkam om ...
Dugnad

Tid for ryddedugnader

Mandag kveld var det ryddedugnad ved Fjellsyn og Kroken. Grus, ...
Hedalen stavkirke. Foto: Helge Nordby

Gudstjeneste

BEKJENTGJØRELSE: Velkommen til gudstjeneste i Hedalen stavkirke søndag 26. april ...
Begna Bruk

Begna Bruk og RingAlm etablerer nytt salgsselskap

Begna Bruk og RingAlm etablerer det nye salgsselskapet, Lumbra AS, ...
Nm i jaktfelt

Lokale skyttere med sterke prestasjoner i NM i jaktfelt

Buttentjern skytesenter på Eggemoen var 16.–19. april vertskap for årets ...