Torhild Larsen Nygård

– Hva tror du er meningen med livet?

Publisert av Torhild Larsen Nygård 01.08.2022. Sist oppdatert 01.08.2022.

Preken i Hedalen stavkirke 31. juli 2022.

Det står skrevet i evangeliet etter Markus: En av de skriftlærde, som hadde hørt på dette ordskiftet og lagt merke til hvor godt Jesus svarte, gikk bort til ham og spurte: «Hvilket bud er det første av alle?» 29 Jesus svarte: «Det første budet er dette: ‘Hør, Israel! Herren vår Gud, Herren er én. Du skal elske Herren din Gud av hele ditt hjerte og av hele din sjel og av hele ditt sinn og av all din kraft.’ Det andre er dette: ‘ Du skal elske din neste som deg selv.’ Ikke noe annet bud er større enn disse.» Den skriftlærde sa til ham: «Du svarer godt, mester! Det er sant som du sier: Herren er én, og det er ikke noen annen enn han. Å elske ham av hele sitt hjerte og av all sin forstand og av all sin kraft og å elske sin neste som seg selv, det er mer verdt enn alle brennoffer og andre offer.» Da Jesus hørte hvor klokt han svarte, sa han til den skriftlærde: «Du er ikke langt borte fra Guds rike.» Og ingen våget å spørre ham mer.

Slik lyder det hellige evangelium.

”Hva tror du er meningen med livet?”

Eg hugsar godt at eg fekk dette spørsmålet på ein prøve i filosofi på VGS. Eg hugsar ikkje kva eg svarte, men eg prøvde å fletta inn tankar frå alle dei ulike filosofane me hadde lært om. Då eg fekk prøven att, med beste karakter, leste eg gjennom svaret og innsåg – at det var totalt meiningslaust. Kva i hulaste er meininga med livet? Eg hugsar at eg låg på golvet og såg opp i taket. Lenge. Prøvde å vrenga hjernen. ”Gud, kva er meininga?”

Då blei det klart for meg at Jesus svarar på spørsmålet:

Du skal elske Herren din Gud av hele ditt hjerte og av hele din sjel og av hele ditt sinn og av all din kraft, og du skal elske din neste som deg selv.

Det er i relasjonane meininga ligg!

Relasjonane mellom Gud og menneska, mellom menneska, menneska sin relasjon til seg sjølv og til skaparverket. Ja, den treeinige Gud er i seg sjølv ein kjærleiksrelasjon.

For meg var dette herleg frigjerande. Livet handlar ikkje om prestasjonar, om val og gjeremål. Djupast sett handlar det om relasjonar. Om å ta imot og om å gje kjærleik.

Men sjølv om mange kan vera einige i at størst av alt er kjærleiken, så dukkar det opp enorme oppfølgingsspørsmål:

Kva betyr det å elska? Korleis kan me leva etter det største bodet?

Du skal elske Herren din Gud av hele ditt hjerte og av hele din sjel og av hele ditt sinn og av all din kraft.

Å elska handlar tydelegvis om meir enn gode kjensler. Presten Sunniva Gylver skreiv følgjande om denne teksta i avisen Vårt Land på fredag: «Når vi skal elske med både hode, hjertet, sjelen og vår kroppslige kraft, må vi elske med hele oss. Hverdagskjærlighet.»

«Du skal elska Gud og din neste som deg sjølv», kallar me ofte for det dobbelte kjærleiksbod. Men høyrer me nøyare etter, er det faktisk trippelt. Det handlar om å elska Gud, for enkeltheits skuld: Elska oppover. Det handlar om å elska vår neste: Elska utover. Det handlar om å elska oss sjølve: Innover.

Korleis elskar me oppover, korleis elskar me Gud? For eksempel ved å vera her på gudsteneste. Ved å lovsynga og takka Gud, ved å henvenda oss til han med det som opptek oss. Ved å tora å stola på at Gud elskar oss, elskar me Gud. Jesus viser også at me elskar Gud ved nettopp ved å elska det han elskar – å elska kvarandre og å elska oss sjølv.

Å elska utover: Å elska vår neste. Kva betyr det? I Lukasevangeliet står det at den skriftlærte som spør Jesus om kva som er det største bodet, stiller eit oppfølgingsspørsmål: «Kven er så min neste?» Då svarar Jesus med å fortella likninga om den barmhjertige samaritan. Han som hjelpte ein framand som var blitt overfalt på vegen. Det er radikal kjærlighet!

Og me er kalla til nettopp det – å visa barmhjertigheit mot dei som treng det. Men me treng ikkje å venta til me møter nokon som er halvt i ihelslått i vegkanten. Me kan starta med å leita etter det gode i dei me møter, både kjente og ukjente, ja visa kvardagskjærleik.

Og til slutt – for mange av oss kanskje det vanskelegaste: Å elska innover. Å elska seg sjølv. Om du går på do på Joker i Tyinkrysset på veg mot Filefjell, er det et speil over vasken der det står: «Hvis du leter etter feil – ikke bruk kikkert, men speil.»

Og Jesus seier noko liknande når han kritiserer dei som ser flisa i sin brors auge, men gløymer bjelken i sitt eige. Men eg trur mange av oss er for flinke til å finna feil i spegelen. Eg vil heller oppmoda til å øva på å sjå deg i spegelen og seia: «Du er skapt i Guds bilete. Du er vakker. Du er skapt med dine unike evner og behov. Du er elska.»

På den måten tek me ut bjelken av vårt eige auge og kan blir frie og trygge til å elska vår neste utan å utsletta oss sjølve. Ein berekraftig kjærleik er vendt både oppover, utover og innover.

Ære være Faderen, Sønnen og den Hellige ånd som var, er og blir en sann Gud fra evighet til evighet. Amen.

Les også..

1. klasse ved Hedalen barne- og ungdomsskole

Åtte førsteklassinger i år

Fire gutter og fire jenter begynte i 1. klasse mandag ...
tur

Til lag og foreninger i HedalenYTRING 

I Hedalen helselag prøver vi så godt vi kan å ...
Tall fra SSB

20 færre innbyggere i Sør-Aurdal

Ved utgangen av 2. kvartal var det 2 876 innbyggere ...
Logo Hedalen idrettslag

Idrettens dag søndag 11.9.2022 kl. 12.00BEKJENTGJØRELSE 

Inngang og parkering på grusbanen. Dette skjer: LENGDE60MHØYDEREBUS/NATURSTITRAMPETTAIRTRACKLASERSKYTINGAKTIVITETSPARK KL. 13.30: ...
Flotte blåbær

Bærnytt ekstra: Svært flotte blåbær nå!

Stedvis finnes det store mengder flotte blåbær i Hedalslinna. Bærene ...
Begnadalen skole. Foto: Arne Heimestøl

Få høringsuttalelser om Begnadalen skole

Ordfører Marit Hougsrud opplyser at det har kommet inn fire ...