Det var mye vindfall i vegbana fra Hedda hytter til Fekjær. Foto: Arne G. Perlestenbakken

Godt og gale om kommunal beredskapLEIAREN 

Publisert av Arne Heimestøl 13.07.2022. Sist oppdatert 12.07.2022.

19. november 2021 råka ein vinterstorm, med orkan i kasta, delar av Sør-Aurdal svært hardt. Det vart mange og store materielle øydeleggingar. Til alt hell gjekk ingen menneskeliv tapt.

Seinare på vinteren kom det tre stormar til. Den eine av desse førte til nye materielle skadar.

Spørsmålet no er om dei vêrfenomena vi har opplevd den siste tida, kan bli ein ny normal etter kvart som konsekvensar av klimaendringar kjem meir og meir til syne.

Det er mange slags kriser vi må vere budde på. Sør-Aurdal kommune har ein kriseplan. Denne planen bad Hedalen.no tidleg etter den første stormen om å få innsyn i. Dette fekk vi avslag på. Statsforvaltaren oppheva dette vedtaket, og no er sladda versjon av planen publisert på nettstaden vår.

Det vi les i denne planen, er interessant. Ein god del er tufta på desse dokumenta:

Få hadde venta så omfattande skadar som den første vinterstormen ga. Kommunen sette krisestab. Politiet og Valdres brann- og redningsteneste kom på plass medan stormen herja som verst. Etter kvart vart Sivilforsvaret sett inn, og Sør-Aurdal Energi og teleselskap starta på eit svært omfattande oppryddingsarbeid.

Beredskapsplanen slår fast at kommunen i slike kriser har ansvar for alle innbyggarane i kommunen. Rettleiaren til DSB definerer befolkninga som dei som bur, og dei som oppheld seg i kommunen.

Vi meiner det er grunn til å stille spørsmål om kommunen fullt ut tok dette vide ansvaret.

I § 6 i Forskrift om kommunal beredskapsplikt les vi at kommunens beredskapsplan skal reviderast minimum éin gong pr. år. Planen vi no har fått tilgang til, vart sist oppdatert i mai 2020.

På side 10 i planen les vi følgjande:

«En vurdering og gjennomgang av hendelsesforløpet i forbindelse med en krise foretas så snart som mulig etter at krisesituasjonen er avsluttet og situasjonen er normalisert. Dette gjelder alle oppgaver og aktiviteter som ligger innen kommunal kriseledelse. Dette med sikte på avdekking av mangler eller svakheter i kommunal krisehåndtering – med sikte på iverksetting av tiltak for å utbedre disse.

Evaluering av krisehåndtering utarbeides som en skriftlig rapport. Ved vesentlige avvik fra planen skal disse innarbeides i revidert plan, som så tas opp til politisk behandling i kommunestyret.»

16. juni 2022 var oppdatering av plan for kommunal kriseleiing sett opp som sak i kommunestyret. Alle dokument, også revidert plan, var unnatekne offentleg innsyn. Hedalen.no har bedt om innsyn i det siste planforslaget, men har til no ikkje fått det.

Kommunestyret vedtok samrøystes å sende saka attende til administrasjonen. Den neste planen skal delast i to – ein offentleg del, og ein del som er unnateken offentleg innsyn.

Dette meiner vi er bra.

Når saka kjem opp på nytt, må det følgje med ein evalueringsrapport, sjå s. 36 i DSB sin rettleiar. Denne bør også omtale samarbeidet kommunen hadde med naudetatane, statsforvaltaren, sivilforsvaret og andre under og etter krisa.

Ikkje mindre viktig er det at publikum får kome til orde. Ein ny plan må derfor sendast ut på høyring før planen vert endeleg godkjend av kommunestyret.

Statsforvaltaren har tilsynsansvar med kommunal beredskapsplikt. Det er etter vårt syn naturleg å invitere dette organet inn i arbeidet med den nye beredskapsplanen.

Vi må vite kven som har ansvar for kva når kriser oppstår, og denne informasjonen må vere lett tilgjengeleg. Her har Sør-Aurdal kommune ein solid jobb å gjere.

Les også..

klubbmesterskap

Jaktlagskyting – nytt stedBEKJENTGJØRELSE 

Den årlige jaktlagsskytingen mellom jaktlagene i Sør-Aurdal og Øvre Ådal ...
Salto logo

SommeravslutningBEKJENTGJØRELSE 

Sommeravslutning – søndag 27. april kl. 14:00–16:30 på Storruste. Alle ...
Foto: Valdresmusea_Bautahaugen samlinger_VFF 724 Røang_Herbarium

Arkivkveld i HedalenKUNNGJERING 

Bautahaugen samlinger og Valdresmusea arrangerer igjen arkivkveld i Hedalen! Under ...
Sollgunn Vårlid Stensæter

«Som ringer i vann»

Preken første påskedag Hedalen stavkirke 20.04.25 Påsken er en tid ...
Arnfinn von Fyren Horne

Glemte skatter: Norges eldste steinkirker fra 1200-tallet

I Norges landskap, fra kystens klipper til innlandets bølgende åser, ...
Kviss

Valdresmål – kviss

Håkon Bakkene, Synnøve Fjelltun og Marianne Granheim Trøyflat har sammen ...