Bagn skule. Foto: Privat

Bagn skule får bokmål som hovudmål

Publisert av Arne Heimestøl 23.05.2022. Sist oppdatert 05.08.2022.

Det vart ein lang debatt og heile tre gruppemøte før kommunestyret konkluderte i sak 023/22 – Skifte av hovudmål ved Bagn skule. Kommunedirektøren bad også om pause i saka, og det var tilleggsforslaget hans som til slutt vart vedteke med dobbeltrøysta til ordføraren. Eit spørsmål no er om denne saksbehandlinga får eit etterspel.

Kritisk til prosessen

Lars Erik Thorsrud (Sp) var kritisk til prosessen som er gjennomført i saka. Han viste til merknaden kommunestyret samrøystes vedtok då saka vart behandla i kommunestyret 3. februar 2022:

«Det har hittil vært lite informasjon til befolkningen om endring av målform. Kommunestyret ber derfor rådmann sikre at de stemmeberettigede får tilstrekkelig informasjon om hva dette innebærer for opplæring i grunnskole og på videregående. Dette må skje i god tid før stemmelokalene åpner.»

Torsrud
Lars Erik Thorsrud (Sp). Foto: Arne Heimestøl

– Informasjonen som kom, vart lagd ut på kommunen si heimeside, og han vart først publisert etter purring frå Sør-Aurdal Mållag, sa Thorsrud.

– Valdeltakinga ved folkerøystinga var på 20 %. Det er lågt. Valet burde ha vore lagt til eit anna val for å få større valdeltaking, meinteThorsrud, som viste til Veileder om lokale rådgivende folkeavstemninger.

Han sa likevel at han, med bakgrunn i resultatet av folkerøystinga, kom til å støtte kommunedirektørens forslag om skifte av hovudmål på Bagn skule.

Forslag frå Senterpartiet

På vegner av Senterpartiet la Arnstein Li fram dette tilleggsforslaget:

«1. Elever ved Bagn skule som har hatt nynorsk skal ha rett til å fortsette med skriftlig opplæring på nynorsk, og skal ha rett til norskundervisning i egen gruppe uavhengig av hvor mange de er. Dette på lik linje med elever som skifter hovedmål etter overføring til ny skole, jamfør opplæringsloven §2-5 femte ledd: ”Elevar som blir overførte til ein ny skole med eit anna hovudmål enn det dei har hatt på årstrinna 1–4, har framleis rett til skriftleg opplæring på det opphavlege hovudmålet. Dei har rett til norskundervisning i eiga gruppe, uavhengig av kor mange dei er.”

2. Administrasjonen skal sikre at nynorsk får sin tilmålte plass som sidemål i henhold til gjeldende læreplan i norsk.

3. Skolene i Sør-Aurdal skal ha felles strategier, planer og mål slik at skolene driftes etter samme prinsipper, slik det er påpekt i Forvaltningsrevisjonsrapport fra Kommunerevisjon IKS 2019.»

Sidemålet sin plass i undervisninga

I det første innlegget sitt viste Li til saksframstillinga der det er sitert frå opplæringslova: «De to siste årene i grunnskolen skal elevene ha undervisning i både bokmål og nynorsk jf. opplæringsloven § 2-5, sjette ledd.»

Arnstein Li. Foto: Arne Heimestøl

– Det er ikkje vist til læreplanen i norsk, som er forskrift, og som skal styre opplæringa. I denne står det at elevane heilt frå starten av grunnskoleopplæringa skal lytte til og samtale om skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk. Vidare skal elevane lese og lytte til forteljingar, eventyr, songtekstar, faktabøker og andre tekstar på bokmål og nynorsk, samt utforske forskjellar og likskapar mellom skriving på hovudmål og sidemål.

På dette punktet fekk Li fullt medhald av kommunalsjef Inger Randi Islandsmoen Kleven.

Lovtolking

Det var det første punktet i tilleggsforslaget til Senterpartiet som skapte debatt.

Her sa kommunalsjefen at ein skule ikkje kan ha to hovudmål. Ho meinte òg at forslaget til Senterpartiet gjekk lenger enn det det er heimel for i opplæringslova.

Foreldre kan velje om eigne barn skal ha lærebøker på bokmål eller nynorsk i alle fag – med unntak av i norskfaget. I dette faget skal barna ha lærebøker på hovudmålet.

Fram til og med 7. trinn må elevane bruke det same hovudmålet som skolen i dei skriftlege arbeida sine. Skal det gjerast unntak frå dette, må det skje gjennom enkeltvedtak og med heimel i opplæringslova. I slike tilfelle vert elevar ein del av ei eiga språkgruppe.

Ho la til at administrasjonen hadde vore i kontakt med Statsforvaltaren om tolkinga av opplæringslova.

Trass det kommunalsjefen sa, var det fleire, særleg frå opposisjonen, som ga støtte til punkt 1 i tilleggsforslaget frå Senterpartiet. – Vi ønskjer at dei som har nynorsk i dag, får halde fram med det, sa ordførar Marit Hougsrud.

Nytt forslag frå kommunedirektøren etter at saka var teken opp til behandling

– Eg rår kommunestyret til å ikkje gjere vedtak som bryt med norsk lov, sa kommunedirektør Haakon Boie Ludvigsen. Han la til at at administrasjonen har lov til å komme med endringsforslag før ei sak er behandla, og ville ha kommunalsjefen med på å lage forslag til vedtak.

– Det må vere lov å gje eit tilbod som er betre enn det opplæringslova legg opp til, og så får vi sjå kva Statsforvaltaren seier om det, sa Kjell Eriksen (TPK).

Etter ein pause og nye gruppemøte la kommunedirektøren fram eit nytt forslag: «Kommunestyret ber administrasjonen om å gjøre vurderinger knyttet til barnets beste i behandlingen av eventuell søknad om bytte av hovedmål til nynorsk i de tre kommende årene fra 2022/2023 gjeldende fra og med 5. til og med 7. trinn dette skoleår. For egen språkgruppe vil det kreves et minimum av 10 elever med enkeltvedtak om bytte av hovedmål til nynorsk.»

– Eg synest kanskje at det litt pinleg at vi i eit vedtak må skrive at vi skal ta oss av barnets beste. Dette burde vere sjølvsagt, sa Kjell Eriksen.

Kommunedirektørens forslag vart sett opp mot punkt 1 i Senterpartiet sitt tilleggsforslag. Senterpartiets forslag til vedtak fall med 9 mot 10 stemmer (7 Sp (med ordførarens dobbeltstemme), 1 H, 1 Ap, 1 UA).

Her er heile vedtaket i saka

«Bagn skule endrer hovedmål fra nynorsk til bokmål fra og med skoleåret 2022/2023. (Samrøystes)

Kommunestyret ber administrasjonen om å gjøre vurderinger knyttet til barnets beste i behandlingen av eventuell søknad om bytte av hovedmål til nynorsk i de tre kommende årene fra 2022/2023 gjeldende fra og med 5. til og med 7. trinn dette skoleår. For egen språkgruppe vil det kreves et minimum av 10 elever med enkeltvedtak om bytte av hovedmål til nynorsk. (Vedteke med 10 mot 9 stemmer)

Administrasjonen skal sikre at nynorsk får sin tilmålte plass som sidemål i henhold til gjeldende læreplan i norsk. (Samrøystes)

Skolene i Sør-Aurdal skal ha felles strategier, planer og mål slik at skolene driftes etter samme prinsipper, slik det er påpekt i ”Forvaltningsrevisjonsrapport fra Kommunerevisjon IKS 2019.» (Samrøystes)

Les også..

Fekjær psykiatriske senter

Fekjær psykiatriske senter – Hedalen i Valdres (12 mil fra Oslo/Gardermoen) ANNONSE 

Stiftelsen Fekjær ble 21. oktober 2024 fra HSØ RHF tildelt ...
Blide og fornøyde elever. Foto: Arne Heimestøl

Omvisning på ny-renovert skole

De fleste i Hedalen har vel lagt merke til at ...
Foto: Arne G. Perlestenbakkenv

Barnedåp

Søndag 24.11. ble Gyda døpt i Hedalen stavkirke. Foto: Arne ...
Årbok for Valdres

Årbok for Valdres historielag

Valdres Historielag er kommet med sin tradisjonelle årbok. Nå i ...
Idrettsprisen og kulturprisen Foto: Arne G. Perlestenbakken

Glimt fra kulturkvelden

Sist fredag fikk Bautahaugens Venner Sør-Aurdal kommunes kulturpris for 2024. ...
Melodden

Reisebrev fra onkel reisende Mac

Hedalen. Et sted blant mektige fjell og dype daler. Hvor ...