Marianne Granheim Trøyflat

La elevane få lære nynorsk!YTRING 

Publisert av Marianne Granheim Trøyflat, leiar i Valdres Mållag 16.05.2022. Sist oppdatert 16.05.2022.

Språk er ein viktig del av kulturen vår. Det er inngangsport til å forstå andre kulturar og det legg grunnlaget for all ny læring. Derfor er det gledeleg at dette er eit tema som engasjerer mange av innbyggjarane i Sør-Aurdal. 

Torsdag 19. mai skal kommunestyret bestemme om Bagn skule skal byte frå nynorsk til bokmål som første opplæringsspråk. Den rådgjevande folkerøystinga, som vart halde i slutten av mars i år, enda med 60 prosent fleirtal for bokmål. Valoppslutninga var på 20 prosent. Dette er ein av fleire ting å ta omsyn til for dei som no skal bestemme om kva elevane skal vekse opp med som det dominerande språket i klasserommet.

Dei folkevalde i Sør-Aurdal har framleis både rett og plikt til å ta ei sjølvstendig avgjerd i denne saka. I den vurderinga må fleire moment inn. Elevar som har nynorsk som første opplæringsspråk i skulen, får eit forsprang. Etter tiande trinn krev kompetansemåla for grunnskulen at elevane skal kunne lesa og skrive begge dei norske språka. Da er det sjølvsagt ein fordel å ha lært nynorsk grundig frå starten. Bokmålet dominerer overalt i samfunnet. Nynorsken er underrepresentert, og er meir avhengig av systematisk opplæring når ein skal sikre kompetansen til elevane.     

Å innføre bokmål som hovudmål på Bagn skule vil ikkje frita nokon for å møte nynorsk i skulekvardagen. Leseopplæringa skal skje på begge språka og ein skal også sikre at alle elevar har fått prøve å skrive både bokmål og nynorsk. Det er samstundes lagt opp til at elevane skal få innsikt i samanhengen mellom skriftspråk og talemål. Valdresdialekten ligg nært nynorsken. Den som er oppteken av å verne om valdresdialekten som ein av dei stoltaste kulturtradisjonane våre, bør tenke seg om to gonger før vedkomande fjernar nynorsk som hovudmål for elevane i Bagn.  

Dei folkevalde har framleis ein sjanse til å sikre nynorsk som hovudmål ved Bagn skule. Å ha nynorsk som hovudmål vil ikkje gi elevane nokon ulemper seinare i livet. Snarare gir det eit forsprang når krava til skriveferdigheiter i begge språka for alvor set inn, i skulen og på andre arenaer. Den som vernar om nynorsken, vernar om dialektane. Den som er stø i sitt eige språk, lærer lettare nye. Gjennom ord blir verda stor.  

Marianne Granheim Trøyflat, leiar i Valdres Mållag 

Les også..

Utsikt nordover bygda fra Bautahaugen 17. mai 2021. Foto: Helge Nordby

Busetnad og stadnamn i Hedalen – del 1

I hovudfagsoppgåva Hedalens gardshistorie frå 1940 drøftar cand.philol. Harald Dokkehaug ...
Hedalen stavkirke ved juletider

Nyttårshøymesse

BEKJENTGJØRELSE: Det blir høymesse i Hedalen stavkirke v/Solgunn prestevikar og ...

Preken julaften 25 Begnadalen og Hedalen – Brobyggeren

Bønn: Kjære Jesus. Takk for at du lot deg føde ...
SOLLIE

En liten julefortelling

Fortellingen er basert på julen 1952–53 og er fortalt av ...
Hedalen musikkorps

Stemningsfull julekonsert i Hedalen stavkirke

Hedalen stavkirke var nesten helt full av forventningsfulle tilhørere da ...

Onsdagstreff med mat og trivsel på Hedalsheimen

Onsdagstreffene som Klara, Marly, Magnhild, Karin og Kari arrangerer på ...