Stormskadar

Det var ikkje stormen si skuld!

Publisert av Arne Heimestøl 01.04.2022. Sist oppdatert 31.03.2022.

Mange skogeigarar vart hardt råka av stormen som herja i mellom anna Hedalen 19. november 2021. Fleire vegar var uframkomelege og måtte ryddast før anna oppryddingsarbeid kunne kome i gang. Stormen for, slik ei gammal historiebok ordla seg om ei anna sak, fram med ein ofseleg beiskleik. Slik opplevde nok Tor Einar Fekjær det òg.

Her vart det noko vanskeleg å ta seg fram. Foto: Tor Einar Fekjær

Søkte om naturskadeerstatning

Fekjær var godt kjend med forsikringsordningane til Skogbrand, men han søkte om naturskadeerstatning for skog som hadde falle over skogsbilvegen han har frå garden sin og aust i åsen. Berre på ein strekning på om lag 600 m var det tale om mellom 100 og 200 kubikkmeter med vindfall.

Direkte og indirekte skade

Landbruksdirektoratet har behandla søknaden, og har kome til at Fekjær ikkje kan få noko erstatning. I avslagsbrevet skriv direktoratet at storm den 19.11.2021 førte til at eit tre velta og la seg over vegen slik at det måtte ryddast bort.

Erstatning kan ein få ved naturskade som direkte skuldast naturulykke, som skred, storm, flom, stormflo, jordskjelv og vulkanutbrot, jf. naturskadeersatningsloven § 4 første ledd. Direktoratet legg til at skadane må «være voldt umiddelbart ved naturulykke, og at avledede skader ikke dekkes, jf. Prop. 80 L (2013–2014) s. 37.» På grunnlag av dokumenta i denne saka har Landbruksdirektoratet kome til at skaden ikkje «direkte skuldast» storm.

Direktoratet skriv vidare at det gjennom forvaltnings- og rettspraksis er fastsett at ein skade som skuldast vinden i seg sjølv, den direkte påverknaden av stormen, gjev rett til erstatning. Skadar som skuldast at stormen bevegar gjenstandar eller objekt i naturen som så gjer skade på grunn eller installasjonar, gjev derimot ikkje rett til erstatning. Dette er, må vite, definert som indirekte skade. I eit slikt tilfelle er stormen naturulykke, men det er ikkje sjølve stormen som forårsaka skaden.

Les også..

Bærene er store nå.

Hvor godt kjenner du skogsbærene?

Norske skoger og myrer byr på viltvoksende bær. Hva vet ...
Hedalen kulturfestival

«Fire begravelser og ett bryllup» til Hedalen kulturfestival. NB! Aldersgrensen på forestillingen senkes til 13 år.

BEKJENTGJØRELSE: Lørdag 1. august gjester teaterregissør, dramatiker og teatersjef Morten ...
Brøtning fra Øvre Grunntjern til Nedre Grunntjern. Foto: Arne G. Perlestenbakken

Vassfarbrøtningen

Hvordan ble de veldige skogene i Vassfaret forvandlet til eksportvare? ...
Kommunedirektør Øivind Næss Foto: Arne G. Perlestenbakken

Avtale om kommunedirektørens fratreden

Arbeidsgiverutvalget i Sør-Aurdal kommune og kommunedirektør Øivind Næss har inngått ...

Nesbyen–Hedalen veglag orienterer

Det har kommet spørsmål til styret for veglaget angående vedlikehold ...

Stabilt arbeidsmarked med mange ledige stillinger i Innlandet

Arbeidsmarkedet i Innlandet var fortsatt stabilt i juni. Ved utgangen ...