Harald Dokkehaug

Huldra og gjæslejenta – ei huldrehistori ifrå Hedaln fortalt på dialekt

Publisert av Sigrid Haugen 01.03.2022. Sist oppdatert 01.03.2022.

Ei gammal kjering førtel:

I gamle daga va det meir hulder og underjordiske ell det e nå. Dei både såg og hørde huldra, mange va det som tala ved henne, og det hende enner og heiån gongen at nokkon vart haugtaken.

Je hukser ei gammal kjering som gjekk på legd her i Hedaln. Ho va halt på høgre foten, hugser je. Og følk førtelde ei histori om hoss det gjekk te at denne kjeringa vart halt; ho hdde fått eit spenn tå ei hulder.

Med ho va ei ong jente va ho ein gong i skogen og gjætte, og så vart det borte ein liten kelv før henne; ho gjekk lite ifrå buskapen før å leite ette kelven, og da kom ho tvert på ein gammal mann som låg på bakken og sov. Ho vekte’n og sporde om’en hadde sett nokko te kelven hennes. Nei, sa mann, det hadde’n itte. Men bli med me så ska je hjølpe de med å sjå ette’n. Ja, jenta hadde itte bære vett ell at ho følde’n. Ho syntes nok mann bar se lite rart åt, men ho tenkte litte større over det før han stansa frammed ein stor stein. Der tok’en henne i armen og drog henne med se rett inn igjønom stein og inn i haugen.

Nå skjønte ho det va ein haugkall ho hadde treft, men nå fans det ingen utveg te å kommå ut att. Ho skulle bli med inn te alt det andre haugfolket, sa mann. Men fysst skulle ho få sovå ut, og han synte henne ei seng. Der la ho se og somna te; og ho vakna itte førell ho hørde låten tå den vesle klukka som heng inni Hedalskjørkja. Følk hadde skjønt at ho va vørte haugtaken, og så hadde dei take ned klukka og gjekk nå i skogen og ringde med henne. Klukkelåten kom nemmere og nemmere, og da sprang døra te haugen opp, så ho kunne gå rett ut i dagen att; haugtyet mista makta si når det vart ringt med den klukka.

Men med det samre ho skulle gå ut om døra kom det ei gammal og sint huldrekjering faran ette henne så rompa stod som ein strek rett ut i været. Ho spende te jenta så ho trilla ut otor haugen og vart liggan ved ein stein te følk kom og fann henne.

Ette at huldra hadde spent henne fekk ho ei vond mierm, og ho vart halt alle sine dagar ette det.

D.

(Henta fra avisutklipp etter Harald Dokkehaug. Han var filolog og studerte på 1930-talet. I 1941 ga han ut Hedalens gardshistorie i håndskrevet form.)

Les også..

Hellsenningen

Hvilke effekter har hyttebygging?

Innlandet fylke: Verdiskapinga fra fritidsboligene er størst etter at hyttene ...
Klar for rumpeldunkkamp

Andreas Tate

Mellomtrinnet ved Hedalen skole har gjennomført et 8-ukers tverrfaglig prosjekt med ...
Olmhus Næringskveld. Foto: Mitt Sør-Aurdal

NæringslivskveldBEKJENTGJØRELSE 

Torsdag 25. april kl 19.30 arrangerer vi næringslivskveld i Sør-Aurdal. ...
Elling Goplerud

Gamle bjørnehistorier fra Hedalen – del 3 av 6

Året deretter hadde far tømmerhugst syd for Goplerudseteren, og en ...
Bagn. Foto: Åse Østgård Hagen

Kommunen har publisert årsmelding og årsregnskap for 2023

I årsmelding og årsregnskapet leser vi at regnskapet for 2023 ...
Fekjær psykiatriske senter

Er du vår nye psykologkollega i et unikt terapeutisk samfunn?ANNONSE 

Stiftelsen Fekjær – Hedalen i Valdres. 12 mil fra Oslo ...