Kommunestyret

Offentlege møte i Sør-Aurdal kommuneLEIAREN 

Publisert av Arne Heimestøl 28.02.2022. Sist oppdatert 27.02.2022.

I paragraf 100 i Grunnlova les vi at alle har rett til innsyn i dokumenta til staten og kommunane og til å følgje forhandlingane i rettsmøte og folkevalde organ. Det kan i lov setjast grenser for denne retten av omsyn til personvern og av andre tungvegande grunnar. Denne retten er også nemnd i paragraf 11-5 i kommunelova.

I paragraf 11 i kommunelova les vi òg at leiaren for det folkevalde organet set opp saksliste for det einskilde møte. Sakliste og andre offentlege dokument skal vere tilgjengelege for alle. Møte i folkevalde organ skal kunngjerast på føremålstenleg måte. Det skal òg førast møtebok for møte i alle folkevalde organ, og det som er offentleg i møteboka, skal vere tilgjengeleg for ålmenta.

På heimesida til Sør-Aurdal kommune finst det ein møteplan. Her skulle ein tru at alle møte i folkevalde organ var lista opp, men slik er det ikkje. Kontrollutvalet sin møteplan ligg på IKT Valdres si side.

På nyheitssida til kommunen vart det 22.2. kunngjort at arbeidsgruppa for berekraftig kommuneøkonomi skulle ha det andre møtet sitt 24.2. Kva for organ dette eigentleg er, har både Kommunal Rapport, Statsforvaltaren og Hedalen.no sett søkelyset på. Kommunedirektøren har varsla at det kjem opp ei eiga sak om dette i kommunestyret 10. mars.

Skjermdropp av møtekalenderen. Her er det vel plass til meir?

Vi meiner at kommunen bør kunngjere alle møte i folkevalde organ på same plass – i møtekalenderen. Her må ein òg vere nøye med å leggje ut alle offentlege dokument som høyrer med.

Les også..

Brøtning fra Øvre Grunntjern til Nedre Grunntjern. Foto: Arne G. Perlestenbakken

Vassfarbrøtningen

Hvordan ble de veldige skogene i Vassfaret forvandlet til eksportvare? ...
Kommunedirektør Øivind Næss Foto: Arne G. Perlestenbakken

Avtale om kommunedirektørens fratreden

Arbeidsgiverutvalget i Sør-Aurdal kommune og kommunedirektør Øivind Næss har inngått ...

Nesbyen–Hedalen veglag orienterer

Det har kommet spørsmål til styret for veglaget angående vedlikehold ...

Stabilt arbeidsmarked med mange ledige stillinger i Innlandet

Arbeidsmarkedet i Innlandet var fortsatt stabilt i juni. Ved utgangen ...

Statsforvalteren sier nei til hogst langs sidebekk i Hedalen

Statsforvalteren i Innlandet har avslått Sør-Aurdal kommunes søknad om å ...

Nytt fra Bautahaugen

Under et arrangement på Bautahugen samlinger 9. mai fikk publikum ...