Skalle

Skalletrengsel i Sør-Aurdal?YTRING 

Publisert av Arne Heimestøl 30.01.2022. Sist oppdatert 31.01.2022.

I eit blogginnlegg skriv Torgeir Dimmen, cand. philol. med nordisk hovudfag, mediefag og historie, dette:

«Smak på følgjande påstand, som stadig er å finne i det offentlege ordskiftet om sidemålet sin plass i skulen: Meir øving i hovudmålet og mindre­ opplæring i sidemålet gjer elevane flinkare­ i norsk. Er det sant?»

Bakgrunn for denne ytringa

Torsdag 3. februar skal kommunestyret behandle ei utgreiing om skifte av hovudmål frå nynorsk til bokmål ved Bagn skule. Kommunedirektøren foreslår at det skal gjennomførast ei rådgjevande folkerøysting om endring av hovudmål ved skulen frå og med skuleåret 2022–2023.

Kommunen fastset ved forskrift om ein skule skal bruke nynorsk eller bokmål i den skriftlege opplæringa.

Kva har skalletrengselteorien med denne saka å gjere? Eg lurer på om det som eigentleg ligg bak, er skepsis til at elevar i kommunen vår skal ha opplæring i både bokmål og nynorsk slik det er lagt opp til i den nye læreplanen.

Eigen bakgrunn

For fleire er det nok kjent at eg har vore lærar til eg hausten 2020 gjekk av med pensjon. Frå 1987 til 2007 arbeidde eg ved Hedalen barne- og ungdomsskole, dei siste ni åra i deltidsstilling.

I 1998 vart eg tilsett i Globalskolen, ein nettskole som gjev kompletterande undervisning i norsk, samfunnsfag og KRLE til norske barn i grunnskolealder som er busette i utlandet.

Elevar ved Hedalen barne- og ungdomsskole var dei første åra i Globalskolen si historie vertsklasse for elevar i same klasse i Globalskolen.

Dei fleste elevane eg hadde i Globalskolen, hadde bokmål som hovudmål og nynorsk som sidemål. Men alle skulle ha opplæring i begge skriftspråka.

Dette var noko av bakgrunnen for at eg tok initiativ til – og vart redaktør på – Norsksidene, ein ressurs som Globalskolen framleis deler med Skule-Noreg. Desse sidene finst på både bokmål og nynorsk.

Norsk er nynorsk og bokmål

På utdanningsdirektoratet si side les vi dette:

«Norsk språk omfattar dei to likestilte skriftspråka bokmål og nynorsk. Begge skriftspråka skal kunne brukast i alle delar av samfunnet, og retten til å velje fritt om ein vil bruke nynorsk i skriftlege arbeid, er ein av dei grunnleggande språklege rettane i Noreg.

Kommunane fastset om bokmål eller nynorsk skal vere hovudmål for grunnskolane. Hovudmålet skal brukast i alle skriftlege oppgåver og meldingar til elevane.

Dersom minst ti elevar på eitt av trinna 1–7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til å få opplæring i ei eiga elevgruppe.»

Du kan lese meir om dette i artikkelen Målformer i grunnskulen.

Læreplanen i norsk

Den første lese- og skriveopplæringa skal gjennomførast på elevane sitt hovudmål. Men i kompetansmål etter 2. trinn les vi at elevane skal lytte til og samtale om skjønnlitteratur og sakprosa på både bokmål og nynorsk.

Etter 4. trinn skal elevar ha utforska forskjellar og likskapar mellom skriving på hovudmål og sidemål, og på resten av mellomtrinnet skal elevane prøve ut skriving av tekstar på sidemålet sitt.

Vi kan slå fast at den nye læreplanen legg opp til tidleg start av sidemålsopplæringa på barnetrinnet – sjølv om hovudmålet har størst plass i undervisninga.

På ungdomstrinnet skal elevane både lese og skrive tekstar på begge skriftspråka, og den formelle sidemålsopplæringa får større plass enn på barnetrinnet.

Ved slutten av grunnskuleopplæringa skal elevane ha tre standpunktkarakterar, éin i norsk munnleg, éin i norsk skriftleg hovudmål, og ein i norsk skriftleg sidemål.

Kva er er smart?

Mellom 10 og 15 % av innbyggarane i Noreg bruker nynorsk som hovudmål. Skal elevane bli gode i norsk (bokmål og nynorsk), treng dei å lese og skrive tekstar på begge skriftspråka.

Fordi bokmålsdominansen i samfunnet er så sterk, bør elevane, anten dei har nynorsk som hovudmål eller sidemål, få grundig lese- og skriveopplæring i dette skriftspråket.

Frå 8. trinn kan elevane velje om dei vil bruke nynorsk eller bokmål som hovudmål i dei skriftlege arbeida sine. Dette kan ungdomstrinnselevar gjere uansett kor dei bur i kommunen.

Eg meiner det er smart å velje nynorsk som hovudmål fordi ein då får meir øving i det ein har mest behov for. Bokmålsdominansen i samfunnet gjer at ein får mykje gratis når ein skal skrive på bokmål.

I blogginnlegget eg viste til i innleinga, konkluderer Dimmen slik:

«Språkevna har ikkje ein avgrensa plass i hjernen­ som kan bli full. Skallen er ikkje innretta­ slik at læring av eit nytt språk eller ein ny språkvariant fortrengjer plassen til dei språka ein alt kan.

Det er altså ikkje slik at språka vi har innanbords, kjempar om den same plassen. Tvert om. Dei supplerer kvarandre.»

Undervegsvurdering

Elevane har rett på undervegsvurdering. Fire prinsipp er sentrale for å få til ei undervisning som fremjar læring:

  • Elevane skal forstå kva dei skal lære, og kva som er forventa av dei (læringsmål).
  • Dei skal få tilbakemeldingar som fortel om kvaliteten på arbeidet eller prestasjonen (kjenneteikn på måloppnåing).
  • Dei skal få råd om korleis dei kan forbetre seg (suksesskriterium).
  • Elevane skal vere involverte i eige læringsarbeid ved mellom anna å vurdere eige arbeid og eiga utvikling (sjølvrespons).

Ein tekst er sjeldan ferdig når førsteutkastet er skrive. Gode tekstar vert til gjennom fleire rundar, og slikt arbeid krev at både lærarar og elevar gjer seg umak med å gje gode undervegsresponsar.

Kommunestyret

Kommunestyret har mynde til å lage forskrift om hovudmål.

Saksutgreiinga dei har fått denne gongen, er i tynnaste laget. Både elevar, foreldre og kommunestyret må ha god kunnskap om kva måla i norskfaget er – og korleis ein kan nå desse – før kommunestyret konkluderer.

Eit moment ekstra bør dei folkevalde ta seg tid til å vurdere: Kor klokt er det å flytte randsona for nynorsk lenger vestover?

Les også..

Folketall i 3. kvartal

Folketallsutvikling i 3. kvartal

Det har blitt 16 færre innbyggere i Sør-Aurdal sammenlignet med ...
Fekjær psykiatriske senter

Fekjær psykiatriske senter – Hedalen i Valdres (12 mil fra Oslo/Gardermoen) ANNONSE 

Stiftelsen Fekjær ble 21. oktober 2024 fra HSØ RHF tildelt ...
Blide og fornøyde elever. Foto: Arne Heimestøl

Omvisning på ny-renovert skole

De fleste i Hedalen har vel lagt merke til at ...
Foto: Arne G. Perlestenbakkenv

Barnedåp

Søndag 24.11. ble Gyda døpt i Hedalen stavkirke. Foto: Arne ...
Årbok for Valdres

Årbok for Valdres historielag

Valdres Historielag er kommet med sin tradisjonelle årbok. Nå i ...
Idrettsprisen og kulturprisen Foto: Arne G. Perlestenbakken

Glimt fra kulturkvelden

Sist fredag fikk Bautahaugens Venner Sør-Aurdal kommunes kulturpris for 2024. ...