2021-11-11-okonomiplan

Kor sunn er kommuneøkonomien?KOMMENTAR 

Publisert av Arne Heimestøl 14.11.2021. Sist oppdatert 13.11.2021.

Denne veka la kommunen dokumentet årsbudsjett 2022 og budsjett- og økonomiplan 2022–2025 ut på høyring. Formannskapet skal behandle saka 23. november. Innstillinga frå formannskapet vert behandla av kommunestyret 16. desember.

Hedalen.no kjem til å publisere fleire artiklar som tek utgangspunkt i framlegget til budsjett- og økonomiplanen. Her er det mykje interessant lesestoff.

Kor sunn er kommuneøkonomien? spør vi i denne kommentaren. Skal vi kunne seie noko om dette, bør vi bruke måltal kommunestyret sjølv har vedteke, men samstundes lytte til det Kommunenes sentralforbund (KS) og Statsforvaltaren tilrår. Kommunestyret er ikkje nøydde til å følgje måltala, men erfaring gjennom mange år har vist at det kan vere klokt å gjere det.

Kjem truleg litt meir

Budsjett- og økonomiplanen tek utgangspunkt i framlegg til statsbudsjett frå regjeringa Solberg. Måndag 8. november la Støre-regjeringa fram ein tilleggsproposisjon. Her vart det varsla auka bevilgningar til kommunane. Ifølgje «Valdres» kan det dreie seg om 2 564 000 kr ekstra til Sør-Aurdal.

No skal Ap og Sp forhandle med SV. Vert dei einige, tvilar vi på at kommunane vert nedprioriterte. Så får vi sjå om det følgjer nye oppgåver med, eller om kommunen står heilt eller delvis fritt til å disponere det som eventuelt kjem i tillegg til framlegget frå Solberg-regjeringa.

Pengar på bok

I årsmeldinga for 2020 les vi at disposisjonsfondet ved årsskiftet 2020/2021 var på vel 46 millionar kroner. Det var 13,3 % av driftsinntektene i 2020. Diagrammet nedanfor viser at fondet har auka frå 2016 til 2020.

17. desember 2020 vedtok kommunestyret at måltalet for disposisjonsfondet skal vere 10 %. Her legg vi til at KS ikkje er fullt så strenge. Er disposisjonsfondet på minst 8 % av driftsinntektene, er ein på grønt nivå.

Kjelde: Årsmeldinga for 2020

Ved årsskiftet 2020/2021 var kommunen altså godt innanfor begge desse måltala. I budsjett- og økonomiplanen for 2022–2025 er det lagt opp til at ein skal halde seg innanfor målet kommunestyret har vedteke.

Illustrasjonen er henta frå budsjett- og økonomiplanen for 2022–2025

Netto driftsresultat

Kommunestyret har vedteke at netto driftsresultat skal vere på minst 1,75 % av driftsinntektene. KS sitt måltal for grønt nivå er minst 2 %. Diagrammet nedanfor viser at kommunen har nådd eige mål, med unntak i 2018, i tidsrommet 2016–2020.

Så bra ser det ikkje ut til å gå i økonomiplanperioden vi har framfor oss:

År2022202320242025
Netto driftsresultat– 0,2 %– 0,3 %– 1,2 %– 1,7 %

Skal ein nå måltalet på 1,75 %, må ein ha eit mindreforbruk på ca. 6 millionar kr. Legg kommunestyret inn 2,5 millionar som truleg kjem i tillegg til det Solberg-regjeringa la fram i sitt forslag til statsbudsjett, manglar ein 3,5 millionar kroner for å nå målet i 2022.

Netto lånegjeld

Kommunestyret har vedteke at netto lånegjeld ikkje bør vere større enn 75 % av driftsinntektene. No er det to reknemåtar som vert brukte her, og dei gjev svært forskjellige prosenttal.

År2022202320242025
Konsern89,4 %89,8 %90,3 %97,0 %
Utan konsern74 %74 %75 %83 %

Vi har spurt Statsforvaltaren i Innlandet kva for reknemåte dei bruker når dei vurderer kommunane si lånegjeld. Dette skriv seniorrådgjevar Christen Ness:

«Vi legger til grunn netto lånegjeld med konsern. Hele kommunens virksomhet inngår i tallene vi bruker, dvs. de er inklusive kommunale foretak, IKS og interkommunale samarbeider i tillegg til kommunens egne lån.»

Vi meiner det er klokt å bruke den same reknemåten som Statsforvaltaren. Viss gjelda held fram med å auke, vil årlege avdrag verte større. Dessutan er lånerentene på veg oppover, og renteutgiftene vil også stige.

Berekraftig kommuneøkonomi

I forslag til budsjettvedtak i økonomiplanen les vi i punkt 9 dette:

«Ordfører og Kommunedirektør initierer et arbeid for å sikre en bærekraftig kommuneøkonomi ved at det settes ned en arbeidsgruppe bestående av folkevalgte og administrasjon.»

Det er altså lagt opp til lagspel for å løyse betydeleg utfordringar i kommuneøkonomien i Sør-Aurdal. Det er kanskje ikkje så dumt. Formannskapet er arbeidsutval for kommunestyret og bør vere politikarane sin del av arbeidsgruppa.

Les også..

fotball

Fotballdrakter Hedalen IL / Begnadalen ILETTERLYSNING 

Fotballgruppa i HIL har hatt opptelling og har prøvd å ...
Foto: Arne G. Perlestenbakken

LysfestBEKJENTGJØRELSE 

Joker Hedalen, Lions Club Vassfaret og Bautahaugens Venner inviterer til ...
Folketall i 3. kvartal

Folketallsutvikling i 3. kvartal

Det har blitt 16 færre innbyggere i Sør-Aurdal sammenlignet med ...
Fekjær psykiatriske senter

Fekjær psykiatriske senter – Hedalen i Valdres (12 mil fra Oslo/Gardermoen) ANNONSE 

Stiftelsen Fekjær ble 21. oktober 2024 fra HSØ RHF tildelt ...
Blide og fornøyde elever. Foto: Arne Heimestøl

Omvisning på ny-renovert skole

De fleste i Hedalen har vel lagt merke til at ...
Foto: Arne G. Perlestenbakkenv

Barnedåp

Søndag 24.11. ble Gyda døpt i Hedalen stavkirke. Foto: Arne ...