Vaksinering

Rakfisken likar ikkje uvaksinerteYTRING 

Publisert av Egil Heggen 03.11.2021. Sist oppdatert 03.11.2021.

Ein kan døy av vaksine. Ein kan døy også om ein får ein meteoritt i skallen.

Han tok ein risiko, den engelske 8-åringen James som i 1796 vart med på eit eksperiment. Det gjekk fint med han. Han hjelpte legen bak eksperimentet til å lage vaksine mot den forferdelege koppesjukdommen.

I Noreg starta vaksinasjonsprogrammet mot koppar i 1810. Verdas helseorganisasjon (WHO) erklærte 170 år seinare at verda var koppefri. Det finst sikkert dei som meiner at koppevaksineringa var ein fiasko. Det finst også dei som trur at jorda er flat.

Mange følgde eksempelet til James og let seg frivillig prøve vaksinar mot covid-19. Hundrevis av millionar har takka ja til vaksine mot koronaviruset dei to siste åra.

Tusenvis av ekspertar på epidemi, helse- og vaksineeffektar har samla erfaringar som samvitsfulle helsearbeidarar i dei fleste land har trekt nytte av. Svært få har fått langvarige helseproblem av vaksineringa. Noreg har lagt vekt på å styre unna vaksinetypane som er mistenkte for å kunne ha uheldige biverknader.

Konklusjonen som vaksineskeptikarane for halvtanna år sidan sa at dei mangla, har vi for lengst fått: Covid-vaksinane er ein suksess.

Dei som enno ikkje har innsett det og seier nei-takk fordi dei trur det er farleg å vaksinere seg, bør heller ikkje gå ut i friluft. For då kan dei få ein meteoritt i skallen; sjansen for det er omtrent like stor som at vaksina vil ta knekken på dei.

Dei uvaksinerte kan ikkje klage på manglande informasjon om helsefaren ved covid-smitte.

Men risikoen dei uvaksinerte utset seg sjølve for, er ikkje det største problemet. Verre er det om dei er så sjølvopptatte at dei ikkje er klar over belastninga og risikoen dei påfører andre.

Dei uvaksinerte held liv i pandemien og gir viruset grobotn til å utvikle nye variantar.

Dei som puppar seg inn i alternative oppfatningar og hevdar at covid-19 ikkje finst, eller at det er eit harmlaust virus, bør ein gong til sjekke dokumentasjonen bak påstandane sine. Men det er kanskje for mykje å forlange? Det går som sagt an å tru at jorda er flat også.

Noko som ikkje er for mykje å forlange, er at vaksne, uvaksinerte held seg borte frå rakfiskfestivalen.

Les også..

Miniatyrskyting

Stor støtte sikrer rømningsveg

Hedalen Skytterlags Miniatyrgruppe har fått 101 700 kroner etter en ...
Kveldsmat og høytlesing

Torsdag 27. mars kl. 18.00–19.00 inviterer vi til kveldsmat og høytlesning!BEKJENTGJØRELSE 

Barn sammen med foreldre eller andre voksne er hjertelig velkomne ...
Omvisere

Stavkirkene i Sør-Aurdal søker omvisere/guider for sommeren 2025ANNONSE 

Sør-Aurdal kirkelige fellesråd organiserer turistvirksomheten ved Reinli og Hedalen stavkirker. ...
Utsikt fra Busufjell

ÅrsmøteBEKJENTGJØRELSE 

Nordre Hedalen Sameie avholder årsmøte på lokalet tirsdag 25. mars ...
Begnadalen barnehage

På besøk i Begnadalen barnehage

En grå og hustrig mandagsmorgen i mars tok vi turen ...
Hedalen Røde Kors Hjelpekorps

ÅrsmøteBEKJENTGJØRELSE 

Hedalen Røde Kors Hjelpekorps har årsmøte onsdag 26. mars 2025 ...