Lausdriftfjøs på Øverby

Fjøsen på Øverby har teke form

Publisert av Arne Heimestøl 23.09.2021. Sist oppdatert 23.09.2021.

Grunnarbeida er fullførte. Den 1800 kubikkmeter store gjødselkjellaren er på plass. 400 kubikkmeter med betong – om lag 50 betongbillass frå Ryfoss – har gått med.

Den 700 kvadratmeter store golvflata er også på plass. Her er det mellom anna klargjort for spaltegolv, foringsområde, liggjebåsar og bingar .

Stålkonstruksjonane som skal vere feste og bering for tak og veggar i fjøsen, kom på plass i løpet av éin arbeidsdag.

No står montering av veggar i tre for tur. Denne leveransen frå Østerdalen er noko forseinka. – Vi har fått løfte om at elementa skal vere på plass seinast i veke 41, fortel Geir.

Limtredagarane i taket er også monterte, så når veggane er festa til stål og golv, kan taket komme på plass – forhåpentlegvis før snøen kjem.

Nyfjøsen vert, saman med den gamle fjøsbygningen, den største fjøsbygningen i Hedalen.

Før jul

I god tid før jul håpar Geir og Guttorm Øverby å ta den nye lausdriftfjøsen, med plass til 56 mordyr og 30 ungdyr, i bruk. Garden har ein mjølkekvote på 150 tonn. Ynskjer ein å auke den, kan ein no kjøpe større kvote av staten. Garden vil ha kapasitet til å kunne produsere inntil 450 tonn med mjølk kvart år viss ein vel å kun satse på denne produksjonen.

– Til å begynne med satsar vi altså på ein kombinasjon av mjølkekyr og ammekyr. Så fort som råd er, vil vi fylle opp fjøsen med dyr, seier Guttorm.

God fôrkvalitet i år

– På eige område på Hedalsengene har garden 44 dekar dyrka jord. No har vi skrive leigekontrakt med fleire grunneigarar. Skogrydding er gjennomført, og når nydyrking av desse områda er fullført, vil vi ha 200 dekar på Hedalsengene, fortel Geir. – Totalt vil garden då ha 400 mål med dyrka mark.

Når kapasiteten i den nye fjøsen vert utnytta, vil det gå med mellom to og tre rundballar med fôr kvar dag.

– I år er fôrkvaliteten god, og mengda er normal, seier Guttorm. Om fem år er planen at han skal ta over gardsdrifta. No arbeider han i eit maskinfirma, men han bruker også mykje tid saman med faren på garden.

– Godt arbeid

Guttorm og Geir er godt nøgde med samarbeidet med kommunen, firmaa som har delteke i byggearbeida og arbeidsfolka som har bidrege til at fjøsen snart er fullført – om lag i tråd med budsjettet på 7,5 millionar kroner.

Bygget står på stø grunn, og området rundt fjøsen er fylt opp og klargjort for bruk.

Bildeglimt frå byggjeprosessen

Støyping av golv i møkkakjellaren. Foto: Geir Øverby
Det gjekk med 125 kubikkmeter betong til golvet i møkkakjellaren. Foto: Geir Øverby
Støyping av møkkakjellarveggar. Foto: Geir Øverby
Montering av stålbogar. Foto: Geir Øverby
Limtredragarane er på plass. Foto: Geir Øverby
Svein Strandbråten i Brødrene Dokken har laga veg for både maskiner og dyr på nordsida av fjøsen. Foto: Arne Heimestøl
Gjødselkjellaren
Nei, dette er ikkje det nye parkeringshuset i Hedalen. Bildet viser gjødselkjellaren i fjøsen. I taket ser du mellom anna spaltegolvet. Foto: Arne Heimestøl

Les også..

Hyttetomter i Helsenningberget

Saman om framtidsretta breiband og mobilnett

LEIAREN: Eidsiva Digital har varsla at dagens breibandsteneste til Søbekkseter ...
Fekjær psykiatriske senter

Kokk i 60 % stilling – i perioder 100 %

ANNONSE: Kjøkkenet ved Fekjær psykiatriske senter lager mat til ca. ...
Fekjær psykiatriske senter

Fekjær psykiatriske senter ønsker å styrke bemanningen med sykepleier, vernepleier og sosionom

ANNONSE: Fekjær psykiatriske senter (FPS) er en stiftelse innen spesialisthelsetjenesten. ...
Fekjær psykiatriske senter

Fekjær psykiatriske senter søker sommervikarer/tilkallingsvikarer

ANNONSE: Fekjær psykiatriske senter (FPS) er en stiftelse innen spesialisthelsetjenesten. ...
Kjartan og Knut

Bygda er for alle

KUNNGJERING: I veke 7 er det tid for markering av ...
17. mai

17. mai-komiteen 2026

BEKJENTGJØRELSE: Komiteen for 2025 inviterer herved 17. mai-komiteen for 2026 ...