Kyr på beite

Har landbruket i Noreg ein plass i framtida?YTRING 

Publisert av Johannes Oppedal 08.07.2021. Sist oppdatert 08.07.2021.

Ifølgje SSB har 38 500 årsverk i jordbruket vorte borte på 20 år.

Årets jordbruksoppgjer hamna i Stortinget etter at partane fekk eit tilbod frå staten som var mindre enn halvparten av kravet. Tilbodet har frå landbruket si side fått karakteristikken «Ein hån mot norsk matproduksjon».

«Vi er på god veg til å byggej det nye Romarriket der herskapet skal nyte utan å yte, og tenarskapet må vi importere for å klare å ta unna alle dei praktiske yrka som det nye Elite-Noreg er for gode til å utføre sjølve.»

Johannes Oppedal er pensjonert bonde.
Johannes Oppdal er no pensjonist. Han har vore bonde og bussjåfør.

Sitatet er meint som ei oppsummering av to tiårs utvikling av «den norske modellen». Det er ikkje berre i landbruket at ein slit, det gjeld også ei rekke andre av dei praktisk utøvande yrka i dag som t.d. byggebransjen, anleggsbransjen, helse- og omsorgssektoren, hotell og restaurant med fleire.

Jordbruksoppgjeret har ikkje nådd si målsetjing om ei økonomisk utkome for kanskje den aller viktigaste næringa, nemleg den som skal produsere den maten vi skal leve av. Dette gjeld ikkje berre i dag, men òg i framtida. Det blir i tida som kjem viktig å sørge for ivaretaking av den matproduksjonen vi har i Noreg, men det hastar å få opp augene for utfordringa.

Noko er hakkande gale når den økonomiske modellen som ligg til grunn for jordbruksoppgjeret, har sentralisert landbruket til berre store, og få einingar i kvar bygd. Bondefellesskapet blir på denne satsinga borte i mange bygder, bygdene døyr ut, og jordbruket vil etter kvart også bli borte.

Driv du med dyr, har du eit 24/7 ansvar, og du er alltid på vakt! Om det er julekvelden eller bryllaupsdagen din, er det det same. Dersom automatikken ryk, dyr vert sjuke eller avløysaren vert sjuk, så må du sjølv stille opp, for dyra må ha mat og stell.

Det er også blitt ein psykisk belastning for mange å vere bonde. Du må vere på tå hev heile tida, og du må tole kritikk frå alle kantar av storsamfunnet. I alle yrke der ein er lønsmottakar, så får ein godtgjersle for å vere på vakt. Denne skilnaden tærer, og naturleg nok har mange av den framtidige generasjonen ikkje lyst til å overta det arbeidet ein gard i drift krev.

Ein gard er ei bedrift med naturgrunnlag og teknisk utstyr. I tillegg kjem arbeidskrafta til drifta. Jordbruksavtalen skil ikkje mellom desse greinene, og difor er det blitt opprør.

Når ein får opplyst at lønnsevna i jordbruket er så låg at «bondefamilien» må ut på anna arbeid for å få budsjettet til å nå saman, sjølv om arbeidet gjerne representerer både to og tre årsverk, då er noko gale.

Ein liten digresjon: Når det gjeld hovudkravet i år, som var på 2,1 milliardar, så ga regjeringa i 2020 Børsen ei skattegåve på 2,6 milliardar berre for dette året. Denne skattegåva vart nytta til å kutte i formuesskatten til aksjonærar.

Det bør vere langt viktigare å ha mat å ete. Mykje viktigare enn at dei rike blir enda rikare. Landbruksoppgjeret handlar mykje om prioriteringar og evne til å forstå næringa sine utfordringar.

«Midlane er der, dersom det er vilje til å fylgje opp måla i landbrukspolitikken», seier nestleiar i Raudt , Marie Sneve Martinussen.

«Vi er skuffa og sinte, men det verkar ikkje som regjeringa har forstått alvoret i situasjonen», seier Anders Felde, leiar i Vestland Bondelag.

Det er regjeringa med statsministeren, Erna Solberg, som ikkje vil skape ei framtid for norske bønder og vilje til å satse på norsk landbruk. Det er statsministeren som må ta ansvaret, seier fylkesleiaren. Vidare meinar Felde det er ein skandale å snakke om søtsaker, slik Solberg gjorde, når det var mattryggleik som stod på dagsordenen i Stortinget.

Det hadde vore betre om Solberg hadde forstått viktigheita av mattryggleiken og styrka landbruket før det er for seint.

Ved inngangen til dette årtusenet (1999) vart det utført 88 300 årsverk i jordbruket i Norge. Tilsvarande tal i 2020 er 49 800 årsverk. Det vil seie at 38 500 årsverk er blitt borte frå næringa dei siste 20 åra, konkluderer Statistisk sentralbyrå (SSB).

Men det er ikkje berre statsministeren som skal vere syndebukk, det er alle som ikkje vil vere med å støtte opp litt for å sjå verdien av trygge og gode produkt og ærleg arbeid. Det gjeld dessverre svært mange av oss. Vi definerer ei rekke av dei praktisk yrka som «polakk-arbeid» i ein nedlatande tone som ikkje skapar lyst til å søke seg dit for våre oppveksande, norske ungdommar.

Som ei avsluttande oppsummering vil eg oppmode alle til å tenkje godt igjennom korleis det vil vere å ikkje ha norsk mat, og i verste fall å ikkje kunne vite at ein har trygg mat på bordet!

Det arbeidet bonden gjer for oss, og viktigheita av å framleis sørge for å sikre sjølvforsyning av trygg, norsk mat, blir nok endå viktigare i framtida.

Det er for seint å støtte opp om bonden og landbruket den dagen det ikkje er bønder att!

Bygda og heile landet treng bonden!

Les også..

Hedalen stavkirke. Foto: Dagfinn Heimestøl

SamtalegudstjenesteBEKJENTGJØRELSE 

Velkommen til samtalegudstjeneste i Hedalen stavkirke 28. april kl. 18.00. ...
Strøm

Strømstøtteordning for frivillige organisasjoner

17. april ble det åpnet for søknader om strømstøtte for ...
Ola Sukke

Om å spenne inn livreimaYTRING 

Håkon Sukke har oppfordra oss til å publisere ein artikkel ...
Bagn. Foto: Åse Østgård Hagen

Plagiert saksframstilling?

Forslag til alkoholpolitisk handlingsplan for kommunen skal behandles av formannskapet ...
Klar for rumpeldunkkamp

Eva Hansen og kampen om den lille perla

Mellomtrinnet ved Hedalen skole har gjennomført et 8-ukers tverrfaglig prosjekt med ...
Stor aktivitet på trampollina Foto: Arne Heimestøl

Godt besøkt Salto-samling

Lørdag ettermiddag var det sesongavslutning for Salto i Storruste. Salto ...