Arne Heimestøl

Er orda grenda og bygda minusord – eller noko mindreverdig i Sør-Aurdal?YTRING 

Publisert av Arne Heimestøl 28.06.2021. Sist oppdatert 26.06.2021.

Dei siste dagane har eg spandert nokre timar på å lese høyringsutkastet til den nye kommuneplanens samfunnsdel mot 2030. Det er eit interessant dokument som fleire bør lese og kome med innspel til. Eg vel å ytre meg på Hedalen.no.

Kommuneplanen er eit styringsverktøy som inneheld ein samfunnsdel og ein arealdel. Samfunnsdelen legg føringar for samfunnsutvikling og tenester, og arealdelen handlar om arealutvikling, vekst og vern i kommunen.

Kommunestyret skal ta stilling til kommuneplanen i kvar valperiode. No er samfunnsdelen av planen ute på høyring, og fristen for å kome med innspel er sett til 25. august.

På side 5 i planutkastet har ein teke med eit sitat frå innspelsmøte i Reinli: «Fra grendepatriot til Sør-Aurdalspatriot!»

Javel…

Når du ytrar deg, kan du velje ord som gjev mottakaren eit positivt, nøytralt eller negativt inntrykk.

  • Nullord kan gje ein tekst eit nøytralt inntrykk.
  • Plussord kan gje mottakaren positive assosiasjonar.
  • Minusord kan gje ytringar eit negativt inntrykk.

Lat meg gjere det heilt klart: Eg er stolt av både grenda og bygda eg bur i.

I dei 34 åra eg har budd i Sør-Aurdal, har eg ikkje alltid hatt varme kjensler for kommunen – Sør-Aurdal.

Skal eg få høgare vi-kjensle i kommunen eg bur i, ber eg om at planen får større respekt for at Sør-Aurdal både skal ha levande grender, levande bygder og eit levande kommunesenter.

Det er ikkje til å stikke under ein stol at kommunesenteret har hatt størst merksemd dei siste åra. Utbygging av Sør-Aurdalshallen, opprusting av Bagn skole og ny kommunedelplan for Bagn er eksempel på dette.

No er det på tide at dei folkevalde ser på kva ein kan gjere for resten av bygdene og grendene.

Skal vi stoppe eller snu negativ folketalsutvikling, må vi, som planutkastet tek til orde for – samarbeide.

Samarbeid er, slik eg ser det, felles innsats frå likeverdige partar for å gjennomføre oppgåver og nå mål.

Dette bør planen synleggjere ved mellom anna å ta på alvor at vi har historisk låge fødselstal i kommunen vår no.

Knapt noko er viktigare enn å satse på føreseielege levekår og tilrettelegging for unge familiar som vil bu, eller som vil busetje seg der dei sjølve vil slå seg ned i kommunen vår.

At planen ikkje med eit ord nemner bulystprosjektet kommunen har vedteke, finn eg oppsiktsvekkjande. Dette må sjølvsagt rettast opp.

Les også..

Bilde fra elgbanen

Årsmøte i Hedalen skytterlag

BEKJENTGJØRELSE: Det blir årsmøte i Hedalen skytterlag søndag 8. februar ...
Hedalen helselag ny logo

Gå med oss 21. januar

BEKJENTGJØRELSE: Onsdag 21. januar møtes vi ved Bergum i Øvrevegen ...
Hedalen stavkirke

Gudstjeneste

BEKJENTGJØRELSE: Velkommen til gudstjeneste i Hedalen stavkirke søndag 25. januar ...
sko

God aktivitet i skogbruket tross lavere tømmerpriser

Selv om tømmerprisene har falt noe fra toppen våren 2025, ...
HIL-logo

Onsdagsrenn 14. januar 2026

Snøen er endelig på plass, og onsdag ble sesongens første ...

Konsert med filmmusikk på Hedalsheimen

Torsdag var det igjen konsert på Hedalsheimen. Denne gangen sto ...