Kart over det aktuelle området

Vassfaret er med i utkast til KULA-rapport

Publisert av Arne Heimestøl 12.06.2021. Sist oppdatert 11.06.2021.

Vassfaret er eitt av 18 område som er med i Riksantikvaren sitt høyringsdokument over landskap av kulturhistorisk interesse i Oppland (KULA). Torsdag 17. juni kjem høyringsfråsegn opp til behandling i kommunestyret i Sør-Aurdal. Etter høyringa vil Riksantikvaren utarbeide ein endeleg rapport.

KULA – landskap av nasjonal interesse

– Landskapet er som ei levande historiebok, les vi i forordet til dokumentet. – Det fortel om liv og verksemd i Noreg slik det ein gong var, om endringar gjennom tidene, og om korleis det er i dag. Spor etter menneske finst overalt i landskapet – i det opne jordbrukslandskapet, i skog og mark, på fjellet og i byar og tettstader.

For å bidra til å ta vare på nasjonalt viktige landskap utarbeider derfor Riksantikvaren eit landsomfattande register: Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse (KULA). Dette er eit oppdrag frå Klima- og miljødepartementet og blir gjennomført i nært samarbeid med regional kulturminneforvaltning og med involvering av kommunane.

Med KULA-registeret signaliserer kulturminneforvaltninga tydeleg kva for landskap som har nasjonal interesse, og ønskjer med dette å bidra til ei meir føreseieleg arealplanlegging.

Vassfarplassen
Vassfarplassen. Foto: Arne Heimestøl

– KULA tek vare på verdiar

Vi har spurt tidlegare skogbrukssjef, Arild Haglund, om kva han synest om at Vassfaret no vert med i KULA-rapporten til Riksantikvaren. Han kvitterer med dette sitatet frå informasjonsarket vi har lenka opp ovanfor:

«KULA-registeret er ikke en verneplan, og landskapene blir ikke fredet eller vernet ved at de blir med. KULA er et signal om at det er viktig å ta hensyn til verdiene, og skal være et kunnskapsgrunnlag som kommunene og andre etater kan bruke i sin arealplanlegging.

Det er viktig at landskapene fortsatt er i bruk og at jorda og skogen drives videre. Fortsatt drift kan i mange tilfeller være avgjørende for å ta vare på landskapsverdiene. En KULA-status skal ikke stoppe utviklingen, men bidra til en god utvikling som ivaretar verdiene.»

Tilsvarande rapport i Buskerud

Ein del av Vassfaret ligg i Buskerud i Viken. Den endelege rapporten frå denne delen av Vassfaret vart ferdig i 2020. Kommunane Sør-Aurdal, Nesbyen og Flå har område i Vassfaret. 84 km2 av området ligg i Buskerud. 109,7 km2 finn vi i Oppland.

Kommunestyresaka

Kommunedirektøren har dette forslaget til vedtak:

«Sør-Aurdal kommune er særs godt nøgd med at Vassfaret er vald ut til å være med i KULA. Området er eit viktig område, både for fritidsaktivitetar, historie, natur, kultur og kulturlandskap.

Sør-Aurdal kommune er positive til at det kan vere både bandlegging i tråd med naturvernloven og omsynssone for landskap i området, slik det er avmerkt i kartet på side 75 i høyringsdokumentet. Vi håpar at det vil bli gjeve tilskot til områda i KULA, slik at desse punkta kan gjennomførast.»

Les også..

Hytta

Skjulte krigshemmeligheter i Vassfar-hytte

Suzanne Clareus Weston er i dag eier av hytta Raggebu ...
Erling Sande. Foto: Senterpartiet

– Nå får du billigere vann og avløp – ny momsreduksjon sparer deg for en tusenlapp

PRESSEMELDING FRA SENTERPARTIET: Tirsdag 1. juli ble momsen på vann ...
Drosje

Bestillingsbussen

ANNONSE: Skal du til eller fra Hedalen, Bagn, Begnadalen, kan ...
Ola Jonny Fossholt

Etterlyste markering

Rehabiliteringen av Hedalen barne- og ungdomsskole er nå fullført. Prosjektet ...
Hedalsheimen. Foto: Helge Nordby

Norge renner over av penger. Men det gjør ikke Sør-Aurdal kommune.

YTRING: «Hver nordmann har i gjennomsnitt litt over 3,4 millioner ...
Jannicke Hexum Foto: Arne Heimestøl

Omvisning i kirka

ANNONSE: Hedalen stavkirke er åpen for omvisning i perioden 29. ...