Bagn skule

Vil skifte av hovudmål hjelpe elevar til å bli betre i norsk?

Publisert av Arne Heimestøl 24.05.2021. Sist oppdatert 23.05.2021.

Bagn skule har nynorsk som hovudmål i skriftleg opplæring. Kommunen opplever no ein sterk auke i tal på føresette som søkjer om skifte av hovudmål for eigne barn.

Neste år er det 65 elevar i dei fire første årskulla ved skulen. I 1.–4. trinn har fleire enn ti foreldre på kvart trinn søkt om, og fått innvilga, byte av hovudmål for sine barn.

Slik ser situasjonen for skuleåret 2021/2022 ut no:

Elevar som skal ha bokmålElevar som skal ha nynorskElevtal
1. klasse14418
2. klasse18018
3. klasse11112
4. klasse13417

Dialekt og demokrati

Lars Erik Thorsrud var den einaste som hadde ordet då kommunestyret behandla saka Skifte av hovudmål ved Bagn skule sist torsdag. – Eg har den finaste dialekten i Noreg, og den dialekten ligg nær opp til nynorsk. Thorsrud ga slik støtte til nynorsk som hovudmål, men la til at han også meiner at demokratiet må få avgjere saka.

Lars Erik Thorsrud (Sp). Foto: Arne Heimestøl
Lars Erik Thorsrud (Sp). Foto: Arne Heimestøl

Bestilte utgreiing

Kommunestyret vedtok samrøystes å be kommunedirektøren setje i gang ei utgreiing av skifte av hovudmål ved Bagn skule.

Dette seier § 2-5 i opplæringslova om målformer i grunnskulen:

«Kommunen gir forskrifter om kva målform som skal vere hovudmål i dei enkelte skolane. Hovudmålet skal nyttast i skriftleg opplæring og i skriftleg arbeid. Frå og med 8. årstrinnet vel elevane sjølv kva skriftleg hovudmålform dei vil bruke.

I den munnlege opplæringa avgjer elevane og undervisningspersonalet sjølve kva for talemål dei vil bruke. Undervisningspersonalet og skoleleiinga skal likevel i størst mogleg grad ta omsyn til talemålet til elevane i ordval og uttrykksmåtar.

Foreldra vel målform i lærebøkene til elevane til og med 7. årstrinnet. Frå og med 8. årstrinnet vel elevane sjølv. I norskopplæringa skal elevane ha lærebøker på hovudmålet.

Når minst ti elevar på eitt av årstrinna 1–7 i ein kommune ønskjer skriftleg opplæring på eit anna hovudmål enn det kommunen har vedteke, har dei rett til å tilhøre ei eiga elevgruppe. Retten gjeld så lenge det er minst seks elevar igjen i denne gruppa. Når elevane er spreidde på fleire skolar i kommunen, vedtek foreldra med vanleg fleirtal kva skole tilbodet skal givast ved.

Elevar som blir overførte til ein ny skole med eit anna hovudmål enn det dei har hatt på årstrinna 1-4, har framleis rett til skriftleg opplæring på det opphavlege hovudmålet. Dei har rett til norskundervisning i eiga gruppe, uavhengig av kor mange dei er.

Dei to siste åra i grunnskolen skal elevane ha opplæring i begge målformer. Departementet kan gi forskrifter om fritak frå opplæring i sidemålet for elevar som får særleg språkopplæring.

I samband med skifte av hovudmål eller når eit fleirtal i kommunestyret eller minst 1/4 av dei røysteføre krev det, skal det haldast rådgjevande røysting. Røysterett har alle som bur i det området i kommunen som soknar til skolen, jf. § 8-1, og som har røysterett etter valgloven § 2-2. Røysterett i høve til skriftleg opplæring har dessutan foreldre eller forsytar til barn på barnesteget ved skolen, utan omsyn til bustad eller statsborgarskap.»

Læreplan og opplæringslov

Ny opplæringslov vil venteleg vere på plass i 2023. Læreplanen som skulane tok i bruk for 1.–9. trinn frå 1. august 2020 (alle trinn frå hausten 2021), er forskrift. Gjennom heile grunnskoleløpet vil elevar møte både nynorsk og bokmål.

Her tek vi med nokre mål:

  • Etter 2. trinn: Mål for opplæringa er at eleven skal kunne lytte til og samtale om skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk
  • Etter 4. trinn: Mål for opplæringa er at eleven skal kunne lese og lytte til forteljingar, eventyr, songtekstar, faktabøker og andre tekstar på bokmål og nynorsk og i omsetjing frå samiske og andre språk, og samtale om kva tekstane betyr for eleven
  • Etter 7. trinn: Mål for opplæringa er at eleven skal kunne lese lyrikk, novellar, fagtekstar og annan skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk, svensk og dansk og samtale om formål, form og innhald
  • Etter 7. trinn: Mål for opplæringa er at eleven skal kunne prøve ut skriving av tekstar på hovudmål
  • Etter 10. trinn: Mål for opplæringa er at eleven skal kunne lese skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk og i omsetjing frå samiske og andre språk, og reflektere over formålet til tekstane, innhald, sjangertrekk og verkemiddel
  • Etter 10. trinn: Mål for opplæringa er at eleven skal kunne skrive tekstar med funksjonell tekstbinding og rett teiknsetjing og meistre rettskriving og ordbøying på hovudmål og sidemål

Det er verdt å merke seg at den skriftlege sidemålsopplæringa startar på mellomtrinnet.

Sluttvurdering

Etter 10. trinn skal elevane ha tre karakterar i norsk: i skriftleg hovudmål, skriftleg sidemål og norsk munnleg.

Ulikt grunnlag for å bli gode skrivarar

Torgeir Dimmen

I ytringa Nynorske elefantar skriv leiar for Nynorsksenteret, Torgeir Dimmen, mellom anna dette:

«Nynorskelevar og bokmålselevar har svært ulikt grunnlag for å bli gode skrivarar – både i hovudmålet og i sidemålet.

Bokmål dominerer på så å seie alle norskspråklege arenaer utanfor skulen, også i kjerneområda for nynorsk.

Born og unge i alle landsdelar møter difor sjeldan tekstar som kan fungere som nynorskspråklege førebilete. Mengdetreninga manglar, både for elevar med nynorsk som hovudmål og for dei som skal lære nynorsk som sidemål.

Manglande læremiddel og læringsressursar på nynorsk forsterkar denne ubalansen.

Resultatet er at mange nynorskselevar strevar med å bli stødige brukarar av hovudmålet, og at bokmålselevane strevar med å lære sidemålet.

Dei må bruke mykje tid på grunnleggande øvingar, medan lærarar i nynorskskular knapt nok treng tenke på systematisk sidemålsopplæring. Elevane deira har vore bada i bokmål heilt frå barnehagealder, og mange er gjerne betre i bokmål enn i nynorsk.»

Norsk er nynorsk og bokmål

– Norsk språk omfattar dei to likestilte skriftspråka bokmål og nynorsk. Begge skriftspråka skal kunne brukast i alle delar av samfunnet, og i opplæringa skal elevane bli fortrulege med det norske språkmangfaldet.

– I norskfaget skal elevane lære å uttrykke seg skriftleg med stadig større tryggleik både i hovudmålet og i sidemålet sitt, skriv Utdanningsdirektoratet.

Kva kan ein gjere i alle delar av kommunen for at elevane skal meistre heile norskfaget så godt som mogleg?

Les også..

Hedalen kunst- og husflidslag

StrikkekaféBEKJENTGJØRELSE 

Årets siste strikkekafé på Fjellsyn tirsdag 3. desember. Vi koser ...
Foto: Arne G. Perlestenbakken

Juleverksted

Tirsdag 26. november arrangerte Hedalen kunst- og husflidslag juleverksted. Mange ...
Kari-Anne Jønnes

Et bedre Norge for framtida – Høyre tar ansvarYTRING 

Den viktigste oppgaven vi har, er å overlate samfunnet i ...
fotball

Fotballdrakter Hedalen IL / Begnadalen ILETTERLYSNING 

Fotballgruppa i HIL har hatt opptelling og har prøvd å ...
Foto: Arne G. Perlestenbakken

LysfestBEKJENTGJØRELSE 

Joker Hedalen, Lions Club Vassfaret og Bautahaugens Venner inviterer til ...
Folketall i 3. kvartal

Folketallsutvikling i 3. kvartal

Det har blitt 16 færre innbyggere i Sør-Aurdal sammenlignet med ...