Sør-Aurdalsheimen

Sluttrapportering Sør-AurdalshallenLEIAREN 

Publisert av Arne Heimestøl 14.05.2021. Sist oppdatert 16.05.2021.

Torsdag 20. mai skal kommunestyret behandle saka Sluttrapportering byggeprosjekt Sør-Aurdalshallen.

Kommunedirektøren har tidlegare sagt til Hedalen.no at kommunestyret skulle få ein revidert rekneskap for prosjektet. Saka vert likevel lagt fram for kommunestyret utan dette, og inneheld berre nokre enkle hovudtal presentert av saksbehandlar. Trass dette tilrår kommunedirektøren at «Prosjektrekneskapen, som er ein del av rapporten, vert teken til etterretning.»

Sør-Aurdalshallen er det største investeringsprosjektet kommunen nokon gong har gjennomført. Det endelege budsjettet var på 160 millionar kroner, etter å ha auka kraftig fleire gonger.

Når dei folkevalde vert bedne om å godkjenne rekneskapen for dette prosjektet, treng dei eit solid, uavhengig og fagleg grunnlag å støtte seg på. Det som no vert lagt fram i saka, er etter vår meining ikkje ein fullstendig prosjektrekneskap, og det ligg heller ikkje føre noko uttale frå revisor.

Vi meiner at dei folkevalde må avvise saka, og be om ein fullstendig prosjektrekneskap som er revidert og godkjend av revisor.

Les også..

Salto logo

Velkommen!

BEKJENTGJØRELSE: Det blir Salto på Kroken torsdag 19.2. kl. 17.30. ...

Busetnad og stadnamn i Hedalen – del 4

I hovudfagsoppgåva Hedalens gardshistorie frå 1940 går cand. philol. Harald ...
Hedalen kunst- og husflidslag

Invitasjon til kurs i brodering – korssting for nybegynnere. Alder: 14–25 år

BEKJENTGJØRELSE: Er du nysgjerrig på brodering og har lyst til ...
HIL-logo

Telenorkarusellen

BEKJENTGJØRELSE: HIL arrangerer Telenorkarusellen med renn og skileik på stadion ...
HIL-logo

Onsdagsrenn 11. februar 2026

Klubbrennet onsdag denne uka ble arrangert i klassisk stil med ...
Kamilla

Stress, søvn og skjerm

På Helsenorge kan vi lese at stress er kroppens reaksjon ...