Vaksinering mot korona

Vaksineringa tek tid

Publisert av Arne Heimestøl 13.04.2021. Sist oppdatert 15.04.2021.

I denne veka startar Sør-Aurdal kommune vaksinering av gruppe 4. Dette gjeld personar i alderen 65–74 år og personar mellom 18 og 64 år som har sjukdommar/tilstandar med høg risiko for alvorleg utvikling. I aldersgruppa 65–74 år var det 493 personar i 2020.

Vaksinar

I veke 15 har kommunen fått tildelt 16 hetteglas med Pfizer-vaksine. Det held til 96 dosar. I veke 16 kjem det 14 hetteglas med same vaksine – 70 dosar.

Til no har kommunen berre motteke vaksinar som skal setjast i to dosar. Andre dose vert sett seks veker etter at ein har fått den første.

AstraZenika

20 % av kommunens vaksinedosar går til helsepersonell. Fleire i denne gruppa har fått første dose av AstraZenika-vaksine. – Korleis vi skal fullføre vaksineringa av dei som har fått første dose med denne vaksinen, veit vi ikkje enno, seier kommunedirektør Haakon Boie Ludvigsen.

Status per 9. april

580 har per 9. april fått første vaksinedose i Sør-Aurdal. 204 er fullvaksinerte. Det er 2904 innbyggjarar i Sør-Aurdal.

Vaksinasjonar til no etter alder

Vaksinerte etter alder 5.4.–10.4.

Les også..

Busetnad og stadnamn i Hedalen – del 4

I hovudfagsoppgåva Hedalens gardshistorie frå 1940 går cand. philol. Harald ...
Hedalen kunst- og husflidslag

Invitasjon til kurs i brodering – korssting for nybegynnere. Alder: 14–25 år

BEKJENTGJØRELSE: Er du nysgjerrig på brodering og har lyst til ...
HIL-logo

Telenorkarusellen

BEKJENTGJØRELSE: HIL arrangerer Telenorkarusellen med renn og skileik på stadion ...
HIL-logo

Onsdagsrenn 11. februar 2026

Klubbrennet onsdag denne uka ble arrangert i klassisk stil med ...
Kamilla

Stress, søvn og skjerm

På Helsenorge kan vi lese at stress er kroppens reaksjon ...

Enebolig til salgs

ANNONSE: Enebolig med fin beliggenhet og gode solforhold i et ...