Vaksinering mot korona

Vaksinetempoet aukar, men mange må vente ei stund til

Publisert av Arne Heimestøl 05.04.2021. Sist oppdatert 16.04.2021.

Denne artikkelen har Hedalen.no laga basert på opne kjelder. Finn nokon feil eller manglar, er det fint om vi får beskjed om det. Målet med artikkelen er å gje innbyggarar i Sør-Aurdal nøktern og korrekt informasjon om framdrifta i koronavaksineringa i kommunen.

Status ved inngangen til april

I veke 13 får Sør-Aurdal kommune 8 hetteglas med vaksinar. I veke 14 kjem det 14, og i veka deretter mottek kommunen 16. I kvart hetteglas er det minst 6 dosar. Dette betyr at det i desse vekene er nok vaksine til minst 228 dosar.

Til no har 497 personar fått vaksine med første dose i Sør-Aurdal. 205 er fullvaksinerte. Korleis kommunen vil prioritere bruken av nye dosar – til fullvaksinering – eller til fullvaksinering og førstegongsvaksinering, veit vi ikkje.

Før påske fekk vi opplyst at kommunen var i gang med å vaksinere dei som er fødde i 1942. I tillegg veit vi at inntil 20 % av tilgjengelege vaksinar i kommunene kan gjevast til utvalde grupper av helsepersonell i primærhelsetenesta.

I Noreg er det per 31. mars distribuert 693 646 dosar med Pfizer, 73 200 med Moderna og 179 200 med AtraZeneka. Per same dato hadde Sør-Aurdal kommune motteke 695 dosar.

Snart din tur?

I Sør-Aurdal kommune er det 2 904 innbyggarar. I første omgang er det personar over 18 år som får tilbod om vaksine. Bruker vi tal frå Statistisk Sentralbyrå, ser vi at det er om lag 530 personar under 18 år i kommunen.

Dersom alle som i første omtang kan få vaksine, takkar ja, er det altså 2374 som skal vaksinerast.

Folketal i ulike aldersgrupper

Nedanfor kan du sjå kor mange innbyggarar det er i kvar aldersgruppe over 18 år.

AldersgruppeInnbyggjarar
75–79 år158
70–74 år188
65–69 år205
60–64 år202
55–59 år245
50–54 år221
45–49 år182
40–44 år153
35–39 år138
30–34 år148
25–29 år126
20–24 år165
15–19 år158

Vaksinetypar

Nedanfor viser vi oversikt over vaksinetypar som FHI vurderer kan bli aktuelle. Legg merke til at dei fleste typane skal setjast med to dosar.

VaksinetypeDosar
Pfizer2
Moderna2
AstraZeneca2
Janssen1
CureVax2
Novavax?

Nøkternt scenario

Nedanfor ser du eit nøktern scenario som FHI publiserte 30. mars.

Vaksinering

For optimistisk?

Spørsmålet vi stiller, er om det nøkterne vaksinescenarioet FHI har laga, er for optimistisk for kommunen vår. Viss det held mål, skulle nemleg alle i aldersgruppa 75–84 år no ha fått tilbod om første vaksinedose. Heng vi litt etter i Sør-Aurdal?

Les også..

Utdeling av kulturprisen Foto: Arne Heimestøl

Hedalen.no i 2024

Hedalen.no i 2024 rommet både små og store hendelser – ...

Sør-Aurdal blant midtsjiktet i UNICEF-analyse av barns rettigheter

Sør-Aurdal kommune havner på 201. plass i UNICEF Norges kommuneanalyse ...
Normisjon

Hedalen misjonsforening

BEKJENTGJØRELSE: Hedalen misjonsforening har møte hos Kirsten og Arne Heimestøl ...
Hedalen stavkirke

Hvor kommer navnet Hedalen fra?

Når vi spør hvor navnet Hedalen kommer fra, handler det ...
Hedalen kunst- og husflidslag

Strikkekafé

BEKJENTGJØRELSE: Hedalen kunst- og husflidslag inviterer til strikkekafé på Fjellsyn ...

Idrettsprisen 2025

På kommunens hjemmeside leser vi at idrettsprisen for 2025 tildeles ...