Kommunestyret

Det handlar om Noreg

Publisert av Arne Heimestøl 01.03.2021. Sist oppdatert 28.02.2021.

Det er mogleg å stabilisere folketalet i distrikta i åra som kjem, men det vil krevje ein aktiv distrikspolitikk. Dette er éin av konklusjonane i NOU 2020:15 Det handler om Norge.

18. desember 2020 vart utgreiinga send ut på høyring. I høyringsbrevet les vi at utvalet skulle utgreie konsekvensane av demografiutfordringar i distrikta for statleg, kommunal og privat sektor, og komme med forslag til moglege løysingar.

Formålet med utvalet var mellom anna å få meir kunnskap om korleis fleire eldre og færre yrkesaktive vil påverke mindre sentrale strok i landet, få identifisert konsekvensar og utfordringar, særleg med omsyn til å oppretthalde berekraftige samfunn, og få forslag til korleis utfordringane kan bli møtt av styresmakter og private.

Utvalet sine vurderingar

Ambisjonane for Noreg må vere at distrikspolitikken bidreg til berekraftige samfunn i heile landet. Ein må tilpasse situasjonen slik at folk og verksemder vil komme til, og bli, i distrikta

  • Ein må stabilisere folketalet fram mot 2040.
  • Aldring må møtast med nasjonal politikk og finansiering.
  • Flytting frå sentrum til periferi må til.
  • Tilfredsstillande infrastruktur for transport og samhandling må vere på plass.
  • Bustadmarknadane må fungere.
  • Ein må leggje vekt på kompetanse og utdanning.
  • Det må vere rom for å prøve ut nye verkemiddel.

Sjå KS Innlandet sin presentasjon på ordførarmøtet i Innlandet 3.2.2021 .

Innlandet fylkeskommune

3. februar vart det gjennomført eit ordførarmøte på Teams i Innlandet. Her kan du lese presentasjonen Fylkeskommunens blikk på «Norman-utvalget».

Kommunen si høyreuttale

Kommunestyret i Sør-Aurdal behandla torsdag 25.2. saka NOU 2020-15 – Høringssvar, «Det handler om Norge». Kommunestyret slutta seg til utarbeidd uttale.

Mot tre stemmer vedtok kommunestyret følgjande tillegg til punktet budstadpolitikk framsett av Olav Kristian Huseby (H).

«Attraktive bustadar trekker til seg folk. Bustadar i distrikta aukar ikkje i verdi på same måten som i sentrale strok. Bustadar i byane kan ha høg verdistiging og vere ei investering. I distrikta kan desse investeringane tape verdi. Dette kan føre til at det er mindre interessant å bygge bustadar i distrikta. Sør-Aurdal kommune ynskjer støtteordningar til utvikling av budstadområde, byggesaksarbeid og renovering av buplassar i distriktskommunar. Attraktive bustadar i distriktet vil tiltrekke seg folk.»

Kommunestyret slutta seg samrøystes til dette tilleggsforslaget frå Finn Olav Teslo (Ap):

«d. satse på fleksibel fagutdanning for å imøtekomme den økende demografiutfordringen i samfunnet. De må ha tilbud om 100 % stilling ved endt utdanning.»

 

Les også..

Heder

Nasjonalforeningens fortjenestenål utdelt 11. juni

til Svein Harald Lie, Oddbjørg Brenden Hansen, Sigrid Haugen og ...
Logo HIL

Fotballfest<span class="badge-status" style="background:#335cad">BEKJENTGJØRELSE</span> 

Etter G13-kampen mot Raufoss førstkommende lørdag inviteres alle spillere til ...
Hedalen stavkirke. Foto: Helge Nordby

Menighetsbladet<span class="badge-status" style="background:#335cad">BEKJENTGJØRELSE</span> 

Nå kan du lese sommerutgaven av menighetsbladet på nettet. En ...
Kommunestyret

Flere kan ha vært inhabile

Nå viser det seg at både Per Tørris Holde (Sp) ...
Tingvoll. Foto: Arne Heimestøl

To vegprosjekter i Sør-Aurdal på fylkets prioriteringsliste

To av Sør-Aurdals mest nedslitte fylkesveger er foreslått som investeringstiltak ...