Hund

Litt om skikk og bruk i skiløyper

Publisert av Arne Heimestøl 22.02.2021. Sist oppdatert 23.02.2021.

Vi er inne i den første av tre vinterferieveker. Mange vil nytte høvet til å ta seg skiturar, anten det er i lysløypa ved skolen, løypa som går frå Jevnlismyra eller i éi eller fleire av det mange mil med løyper som Hedalen løypelag har køyrt opp.

Hundar på tur

Fleire synest det er greitt å ta med éin eller fleire hundar på tur. Dette kan ein ha stor glede av sjølv, og det er fullt mogleg å gjere dette utan å irritere andre skigåarar.

Sør-Aurdal kommune har laga ei forskrift om hundehald. Her les vi følgjande i § 1 – føremål:

Sør-Aurdal kommune vil med denne forskrifta

  • leggje til rette for at hundehald som vektlegg tryggleik og alminneleg ro og orden
  • redusere konfliktnivået mellom hundeeigarar og ålmenta
  • medverke til at spesielt barn ikkje vert skremde eller skadde av hundar
  • medverke til at hundar ikkje jagar bufe på beite

Bandtvang i visse periodar

I § 2 i forskrifta les vi at det er bandtvang i alle lysløyper og andre preparerte løyper i tidsrommet 20. februar–5. mars (vinterferien) og i påska.

Hundebæsj i skiløyper

Vi trur at mange vil setje pris på om hundebæsj vert fjerna frå skiløypene. I forskrifta vi viser til ovanfor, les vi at hundehaldar straks pliktar å fjerne ekskrement som hunden let etter seg i mellom anna skiløyper.

Det finst eigne posar som kan brukast til slikt arbeid. Bæsjen kan du ved hjelp av posen få ut av løypa. Posen skal du ikkje kaste i naturen, men i restavfallet.

Skutertrafikk i løypene

Mange set stor pris på det arbeidet Hedalen løypelag og Hedalen idrettslag gjer med å syte for løyper i bygda og på fjellet. Her vert det brukt både snøskutarar og større løypemaskiner.

Andre motoriserte køyretøy bør, så langt det er råd, halde seg unna skiløypene.

Så er det viktig å hugse på at om ein skal bruke snøskuter i utmark, så må dette vere i tråd med motorferdsellova. Sør-Aurdal kommune kan gje meir informasjon om dette.

Les også..

Arkivbilde

Julemesse

BEKJENTGJØRELSE: Hedalen misjonsforening inviterer til julemesse på Hedalen barne- og ...

Gå med oss onsdag 11. november

BEKJENTGJØRELSE: Onsdag 11. november møtes vi i Lisbråtån (Hedalen Sveis ...
Foto: Arne Heimestøl

Vil kreve minst fem påmeldte for onsdags-SFO

Administrasjonen i Sør-Aurdal foreslår minst fem påmeldte for å tilby ...

«Hjem fra Danmark»

Sjelden har det vært så mange hedøler i Hønefoss kirke ...
Bilde fra overrekkelsen på Hedalsheimen. Representert v/ Magnhild Briskodden, LC Vassfaret repr. v/ Tore Hansebakke og Gunnar Hansen

Lions Club Vassfaret 50 år

På forsommeren 1976 blei lionsklubben Vassfaret stiftet. Mottoet for klubben ...
Salto logo

Velkommen!

BEKJENTGJØRELSE: Salto (begge gruppene) har samling på Hedalsheimen torsdag 12.11. ...