Leiar

Gode forvaltarar?LEIAREN 

Publisert av Arne Heimestøl 11.12.2020. Sist oppdatert 11.12.2020.

Hausten 2019 fekk vi ny kommunelov. Denne lova har auka fokus på langsiktig økonomiplanlegging. Her les vi at kommunestyre skal vedta finansielle måltal for kommuneøkonomien. Relevante og sentrale dimensjonar er lånegjeld, netto driftsresultat og disposisjonsfond.

Handlingsreglar i Sør-Aurdal kommune

Kommunestyret har vedteke desse handlingsreglane:

  1. Kommunen bør ikkje ha høgare netto lånegjeld enn 75 % av driftstinntektene i kvart årsbudsjett.
  2. Netto driftsresultat skal vere på minst 1,75 % av driftsinntektene.
  3. Disposisjonsfondet bør vere på 10–15 % av driftsinntektene.

Raudt nivå på to av tre

Gjeld

Legg vi Kostra (SSB) og Fylkesmannen sin definisjon til grunn, har kommunen ei lånegjeld på  vel 282 millionar kr. Netto lånegjeld er på 82,4 % av driftsinntektene, altså godt over det kommunestyret har vedteke.

Med historisk lågt rentenivå kostar kvar lånte million kommunen no i gjennomsnitt
65 000 kr i årlege renter og avdrag. Lang nedbetalingstid, små avdrag og nye låneopptak gjer at gjelda framleis vil vere høg. Dette set tydelege spor i driftsbudsjettet.

Netto driftsresultat

Formannskapet si budsjettinnstilling viser at netto driftsresultat vil ligge godt under måltalet på 1,75 %.

Disposisjonsfondet

Disposisjonsfondet er no på rundt 40 millionar kr. Det vil seie at det er på vel 12 % av estimerte driftsinntekter i 2021.

Vi legg til at KS opererer med desse tala: Raudt nivå: 5 % eller lågare, gult nivå: er 5 – 8 prosent av driftsinntektene, og grønt nivå er det når fondet er større enn 8 % av driftsinntektene.

Kva no?

Kommunestyret vedtok følgjande i budsjettmøtet i 2019:

« For å imøtekomme de økonomiske utfordringene i økonomiplanen ber vi om at administrasjonen legger fram en tiltaksliste med tydelig oversikt over konsekvenser. Alle områder og tjenester skal gjennomgås uavhengig av tidligere vedtak. Denne legges fram for kommunestyret i mai.»

Kommunestyret har ikkje fått denne saka. Ein manglar altså eit viktig verktøy for å gjere større endringar i kommuneøkonomien. Det må ein få.

Denne jobben bør administrasjonen sjølv gjere, for dei kjenner organisasjonen best. Arbeidet bør vere ferdig i god tid før neste budsjettbehandling.

Vi legg til at både administrasjonen og politikararane som gode forvaltarar bør styre etter handlingsreglane ein til eikvar tid har. Ikkje minst bør nye investeringar vurderast i lys av desse.

Les også..

Brakadokka og Kulterudstabburet. Foto: Arne G. Perlestenbakken

Snart blir det nytt tak på Brakadokka!

Valdresmusea planlegg tekkekurs på Brakadokka fyrst i mai. Dette er ...

Glimt fra onsdagstreff

Onsdag 28. januar var det nok en trivelig samling på ...
HIL-logo

Onsdagsrenn 2. februar 2026

Onsdag denne uka ble det arrangert klubbrenn i fristil med ...
Vassfaret. Foto: Arne Nævra

Villmarkskveld i Hedalen med Arne Nævra

BEKJENTGJØRELSE: Det blir villmarkssus i Nordre Hedalen forsamlingshus fredag 6. ...
Hedalen helselag ny logo

Ostekurs 18. mars

BEKJENTGJØRELSE: I samarbeid med Hedalen Helselag ble det høsten 2025 ...
Asfalt

Flere kilometer fylkesveg i Sør-Aurdal får ny asfalt i 2026

To strekninger på fylkesvegnettet i Sør-Aurdal får nytt asfaltdekke i ...