Eliteokse frå Vestbygda

Eliteokse frå Hedalen

Publisert av Arne Heimestøl 02.12.2020. Sist oppdatert 02.12.2020.

Nyleg vart det kjent at oksen Nybraaten P er godkjend som Norsk Raudt Fe – eliteokse. Det er Jon Osvald Gunderhuset i Vestbygda i Hedalen som har levert denne oksen.

Med bakgrunn kunnskap om arv frå far og mor til oksen vart oksekalven fire månader gammal seld til Geno. No vert den vaksne Nybraaten P brukt i vidare avl.

Jon Osvald Guderhuset saman med kua som er mor til eliteoksen. Foto: Arne G. Perlestenbakken

Mjølk- og kjøtproduksjon

Guderhuset har for tida seks mjølkekyr på garden sin i Vestbygda. Heime har han 50 dekar dyrka jord, men han leiger slått fleire andre stader i bygda òg.

Fram til 2015 dreiv Jon Osvald garden saman med faren, Ola Gunderhuset. Verksemda hadde namnet Nybraaten samdrift. Då faren døydde, skifta drifta namn.

Ein kollega i landbruket i Hedalen fortel at Gunderhuset eigentleg skulle ha hatt premie for feilfri elitemjølk i 15 år i år. Dette vert det ikkje noko av ettersom drifta har fått nytt namn.

Seterdrift

Fram til 2015 hadde Nybraaten samdrift seterdrift i Bogen. Dei siste åra har dette vore vanskeleg å gjennomføre, men setra vert framleis brukt til beite for ungdyr.

Fra setra i Bogen i 2005. Foto: Arne G. Perlestenbakken
Frå setra i Bogen i 2005. Foto: Arne G. Perlestenbakken
Fra setra i Bogen i 2005. Foto: Arne G. Perlestenbakken
Frå setra i Bogen i 2005. Foto: Arne G. Perlestenbakken
Frå setra i Bogen. Foto: Arne G. Perlestenbakken
Mjølkerommet på setra i Bogen. Foto: Arne G. Perlestenbakken
Frå setra i Bogen. Foto: Arne G. Perlestenbakken
Fra setra i Bogen i 2005. Foto: Arne G. Perlestenbakken
Ola og Jon Osvald i 2005. Foto: Arne G. Perlestenbakken
Fra setra i Bogen i 2005. Foto: Arne G. Perlestenbakken
Frå setra i Bogen i 2005. Foto: Arne G. Perlestenbakken
Frå fjøset på garden. Foto: Arne G. Perlestenbakken

Les også..

Svømming i basseng

Skjerper rutinene

Tirsdag 9. desember var det en alvorlig hendelse i forbindelse ...
Joker Hedalen

Joker Hedalen får ny pakkeutlevering: – Nå også Helt Hjem

Joker Hedalen utvider servicetilbudet sitt og kan snart tilby pakkeutlevering ...
Jennlismyra

Ny skiløype fra Jennlismyra

Styret i Hedalen idrettslag har en tid hatt tanker om ...
SAUS. Foto: Arne Heimestøl

Nye SAUS foreslås planlagt for 80 elever

Formannskapet skal torsdag 29. januar ta stilling til rammene for ...
Hedalen kunst- og husflidslag

Scrapbooking og kortlaging med Hedalen kunst- og husflidslag

BEKJENTGJØRELSE: Vi inviterer deg til en uformell og hyggelig kveld ...

Godt oppmøte på HLR-kurs i Hedalen

Tirsdag 20. januar inviterte Hedalen idrettslag, Hedalen Røde Kors og ...