Skrukkefyllhaugen. Foto: Arne G. Perlestenbakken

Populært å kome til Skrukkefyllhaugen

Publisert av Arne Heimestøl 11.10.2020. Sist oppdatert 11.10.2020.

Då det vart klart at ein kunne dra på ferie i Noreg i sommar, fekk Bjarne Berg og Marit Stensrud det travelt. Det var mange som ville leige Skrukkefyllhaugen i Vassfaret.

– Skulle dette late seg gjere, måtte vi ha ein godkjend smittevernplan, fortel Bjarne. Dette ordna vi raskt, og kommunen godkjende planen. Frå slutten av juni og til no har husa på Skrukkefyllhaugen vore utleigde i alle helger, og det har vore fleire gjestedøgn elles i vekene òg.

Bjarne Berg (med bilde av Berte Skrukkefyllhaugen) og Marit Stensrud . Foto: Arne G. Perlestenbakken
Bjarne Berg (med bilde av Berte Skrukkefyllhaugen) og Marit Stensrud . Foto: Arne G. Perlestenbakken

Kven er det som vil leige Skrukkefyllhaugen?

– Det er folk i alle aldrar og frå ulike stadar i Noreg. Vi har for eksempel hatt besøke av mange familiar dette året.

Kveld på Skrukkefyllhaugen
Kveld på Skrukkefyllhaugen. Foto: Bjarne Berg

Godt tilrettelagt

Det er mange som vil til Vassfaret. Trafikken har vore vesentleg større i år enn i 2018 og 2019. Det kan ein finne ut ved å sjå på kor mange som har passert den elektroniske bommen ved inngangen til Vassfaret.

Og Skrukkefyllhaugen er eit godt utgangspunkt for mange aktivitetar. I vatnet Skrukkefylla kan ein fiske. Her er det båt. Ynskjer ein å padle, tilbyr Marit og Bjarne utleige av to kanoar.

Til fjells kan ein kome seg på begge sider av Vassfaret. Har du ikkje vore i Bjørnehiet Festningen, bør du gjere som elgbikkja til Bjarne. Ta deg ein tur!

Bjørnehiet Festningen sørvest for Aurdalsfjorden. Foto: Bjarne Berg

Mat og drikke ordnar gjestene sjølv. Putevar, laken og dynetrekk tek ein med heimefrå. Sengetøy elles er det på staden.

Mellom kvart besøk må husa reingjerast – slik smittevernplanen krev. Tiltaka har fungert godt. Koronasmitten har helde seg unna.

Skrukkefyllhaugen kan ein forresten leige heile året. – Det er fleire som ynskjer å besøke staden i til dømes jule- og nyttårshelga, fortel Bjarne.

Og så er vel Vassfaret mobilfri sone, slik at dei besøkande kan få ferie og fri frå knottinga si òg?

– Nesten, svarer Bjarne. – Er nauda stor, kan du ro midt ut på Aurdalsfjorden. Der har fleire til og med fått oppdatert fjesbøkene sine. Men vi kan ikkje garantere at det går.

Skrukkefyllhaugen

Skrukkefyllhaugen er ein av dei mest kjende stadane i Vassfaret. Plassen vart rydda omkring 1850 av Marit Andersdatter Bjørke og Østen Olsen Dølvenseie. Bustaden ligg på ein haug ovanfor vatnet Skrukkefylla. Vatnet er, og har vore, eit godt fiskevatn. Her kunne ein enkelt fylle «fiskeskrukka» si. Slik fekk vatnet namnet sitt.

Berte Skrukkefyllhaugen (1854–1950) var ein av dei siste fastbuande i Vassfaret. Ho var dotter til  fattigfolka Marit Andersdatter Bjørke og Østen Olsen Dølvenseie. Dei fekk fem born, men Berte var den einaste som vart eldre enn sju år.

Berte gifta seg og flytta til Flå i Hallingdal. Då ho og familien hennar etter ei tid ville flytte tilbake til Skrukkefyllhaugen, var husa på haugen nedbrende. Det skulle vere fattigkommisjonen i Søndre Aurdal som stod bak denne ugjerninga.

Skrukkefyllhaugen grodde til. I 2005 overtok Bjarne Berg og Marit Stensrud plassen. Dei søkte om løyve til å setje opp hus slik dei ein gong var på Skrukkefyllhaugen. No er tre tømmerhus på plass, og Skrukkefyllhaugen er i juni kvart år møteplass for dei svært godt besøkte Vassfardagane.

Garnfangst fra Skrukkefylla. Vassfardagen 2019. Foto: Arne G. Perlestenbakken
Garnfangst fra Skrukkefylla. Vassfardagen 2019. Foto: Arne G. Perlestenbakken
Frå Vassfardagen 2019. Foto: Arne G. Perlestenbakken
Frå Vassfardagen 2019. Foto: Arne G. Perlestenbakken
Bjørn Johansen frå Besøkssenteret for rovdyr i Flå. Det var sommarope på Skrukkefyllhaugen i år òg. Video: Arne G. Perlestenbakken
Vassfardagen 2019. Foto: Arne Heimestøl
Vassfardagen 2019. Foto: Arne Heimestøl

Les også..

Olmhus Næringskveld. Foto: Mitt Sør-Aurdal

NæringslivskveldBEKJENTGJØRELSE 

Torsdag 25. april kl 19.30 arrangerer vi næringslivskveld i Sør-Aurdal. ...
Elling Goplerud

Gamle bjørnehistorier fra Hedalen – del 3 av 6

Året deretter hadde far tømmerhugst syd for Goplerudseteren, og en ...
Bagn. Foto: Åse Østgård Hagen

Kommunen har publisert årsmelding og årsregnskap for 2023

I årsmelding og årsregnskapet leser vi at regnskapet for 2023 ...
Fekjær psykiatriske senter

Er du vår nye psykologkollega i et unikt terapeutisk samfunn?ANNONSE 

Stiftelsen Fekjær – Hedalen i Valdres. 12 mil fra Oslo ...
Flom ved Sør-Aurdal ungdomsskole. Foto: Sonja Bordewich

Kommunen fikk medhold: Avslag på dispensasjon fra byggeforbud

I forbindelse med uværet "Hans" i august 2023 steg grunnvannet ...
Foto: Arne G. Perlestenbakken

Gnistrande framsyning av «Eg er Tølleiv»

Laurdag kveld var det nypremiere på Åsgårdsreia teaterlag si teaterframsyning ...