FRAMSIKT – eit framskrittLEIAREN
Sør-Aurdal kommune har teke i bruk dataverktøyet FRAMSIKT. Det er dette verktøyet som er brukt i tertialrapporten formannskapet skal behandle komande tysdag. Vi finn grunn til å dele ut ros både for noko av det vi les i rapporten – og for måten han er presentert på.
For det første er det grunn til å glede seg over prognosen som vert lagt fram: Årsrekneskapen for 2020 kan kome ut med eit mindreforbruk på 1,6 millionar kroner. Dette er positivt i pandemitida. Mange andre kommunar slit med til dels store budsjettsprekkar.
For det andre er rapporten meir omfattande enn tidlegare tilbakemeldingar, og det er enkelt å få oversyn over korleis ulike resultateiningar ligg an i høve til vedteke budsjett. Nokre område har brukt meir enn det ein etter budsjettet skal på denne tida av året. Dette er merkt med ropeteikn i rapporten og i tillegg kommentert.
Treng dei folkevalde fleire opplysningar, er det med andre ord lett å finne område ein kan stille spørsmål om og ytre seg om.
Kommunedirektøren opplyser at kommunestyret skal bruke FRAMSIKT i budsjettprosessen. Den startar når kommunestyret møtest 22. oktober. Posisjon og opposisjon kan nytte verktøyet til å lage sine eigne budsjettframlegg.
Hedalen.no har spurt om vi kan få lesetilgang i prosessen, men det avviser kommunedirektøren. Betyr dette at budsjettprosessen ikkje vert så open som han skal vere? Det bør både administrasjonen og kommunestyret tenkje gjennom.
I ein artikkel i Kommunal Rapport skriv Sivilombodsmannen om kor viktig opne møter er for lokaldemokratiet:
Åpenhet gjør det mulig for innbyggerne å kunne holde kommunestyrene ansvarlig for beslutningene som tas. Møteoffentlighet er derfor sentralt for et sterkt folkestyre.
Aktiv medvirkning fra innbyggernes side er en forutsetning for at det representative folkestyret i kommunene skal fungere på en god måte. For å få til dette, trenger innbyggerne informasjon om det de folkevalgte foretar seg.
Innsyn i hva som skjer i folkevalgte organer, er særdeles viktig i denne sammenheng. Det er derfor kommuneloven slår fast at møter i slike organer skal være åpne for allmennheten.
Er det som kommunestyret skal vere med på i FRAMSIKT, å rekne som møte? I så fall bør ein følgje reglane for møte slik vi les dei i kommunelova. Hovudregelen er nemleg at folkevalde organ behandlar og avgjer saker i formelle møte.
Det skal ikkje haldast uformelle, lukka samankomstar der det foregår reell saksbehandling. «Dette gjelder saksforberedelse, saksbehandling og fatting av vedtak», skriv Sivilombodsmannen.