Signe prest ledet gudstjenesten. Foto: Arne G. Perlestenbakken

Preike i Hedalen stavkirke søndag 4.10.

Publisert av Signe Elisabeth Kvåle 05.10.2020. Sist oppdatert 05.10.2020.

Dette hellige evangeliet står hos evangelisten Matteus i det 8. kapitlet:

14 Jesus kom hjem til Peter og så at svigermoren hans lå til sengs med feber. 15 Han rørte ved hånden hennes, og feberen slapp henne. Hun sto opp og stelte for ham.

    16 Da det ble kveld, brakte de til ham mange som hadde onde ånder. Han drev åndene ut med et ord og helbredet alle som var syke. 17 Slik skulle det ordet oppfylles som er talt gjennom profeten Jesaja: Han tok bort våre plager og bar våre sykdommer.  

Slik lyder det hellige evangeliet.

Dagens preiketekst er så kort at den ville fått plass i dryge tre twittermeldingar på 140 teikn kvar. På twitter må ein uttrykke seg kort og poengtert, og det ser ut til at Matteus verkeleg prøver å vere kort og poengtert her.

Forteljinga består av 7 små setningar.

Her er den første: Jesus kom hjem til Peter og så at svigermoren hans lå til sengs med feber.

Om du reiser til Israel og til nordenden av Gennesaretsjøen, så ligg Kapernaum der den dag i dag. Og om arkeologane har rett, så veit vi at akkurat her, mellom desse steinane. Gjekk Jesus og Peter og alle dei andre i fylgjet deira. Der ligg synagoga Jesus kanskje besøkte oftast, og der låg huset til Peter. I huset hans låg svigermora sjuk. Kanskje av malaria – vi veit ikkje. Det er ganske mange sjukdommar som fører feber med seg. Febar var farleg, nesten heilt opp til våre dagar. Penicillin vart ikkje lett tilgjengeleg for alle før etter krigen faktisk.

I desse få orda blir heile situasjonen skildra, så sjukdommen, så at Jesus var tilstades og at han såg den sjuke.

Den neste setninga er ganske enkelt: Han rørte ved hånden hennes, og feberen slapp henne.

Dette er merkeleg. Det er vanskeleg å snakke om sånne forteljingar, fordi så mange av oss ikkje opplever slike helbredelsar. For oss som vanlegvis satser på Guds hjelp gjennom legar og medisin, kva gjer vi med dette biletet av Gud og av helbredelse? Kvar er Jesus i den pågåande korona-pandemien? Kvar var Jesus då Vest-Afrika var ramma av ebola og folk måtte slutte å ta seg av dei døande og døde slektningane sine? Kvar er Jesus i stroka der kvinner og jenter må gå i timesvis etter vatn og risikerer å bli bortført og valdtekne på vegen. Kvar er Herrens lidande tenar då?

Eg har ikkje noko anna svar enn dette: han er midt i lidinga. Med mangelfullt utstyr, med gråten i halsen, med sjuke og døande og redde menneske rundt seg. Evangeliet er at Jesus er der og bryr seg. At mine og dine plager bryr han.

Den tredje, korte setninga er slik: Hun sto opp og stelte for ham.

Peters si svigermor set i gang med det som mødre og svigermødre til alle tider har gjort; ho står opp og steller for han og dei andre. I dag hadde ho sikkert sett på kaffen og steikt vafler. Ho vende tilbake til sitt vanlege, alminnelege, kvardagslege liv – sikkert med ekstra takk i sinnet. Hennar måte å vise takk på, var å gjere det ho kunne best: vise takk og omsorg i praktisk handling. Ho takka og ho handla.

Men det stoppar ikkje der. Her er fjerde setning: Da det ble kveld, brakte de til ham mange som hadde onde ånder.

Akkurat slik som et lys ein mørk seinsommarkveld trekker til seg alt av insekt, eller slik syltetøyglaset i september trekker til seg veps på kaffibordet ute, slik var det i huset til Peter den kvelden. Der Jesus var, der kom alle dei som hadde eitt eller anna behov. Alle dei som trudde eller håpa at Jesus kunne gjere noko. Eller dei som berre hadde høyrt om at han kunne det. Han såg og han handla.

Men ikkje berre det: Han drev åndene ut med et ord og helbredet alle som var syke.

Ja, slik er altså den femte setningen. Han helbreda dei. Og det er jo dette som er så kinkig for oss moderne menneske. Vi ser så sjelden sånne helbredelsar. Kva skjedde? Kva var det Jesus eigentleg oppnådde? Kva ville han?

Dei som vart helbreda av Jesus, vende tilbake til sine vanlige liv, men som friske. Dei vart sikkert sjuke igjen seinare av andre ting. Dei døydde då deira tid var inne. Jesus helbreda ikkje alle, og uansett ikkje dei som ikkje kom dit han var. Kva ville han?

Han ville vise at han brydde seg om dei som kom, som var der han var. Og så ville han vise at noko nytt er i ferd med å skje: Guds rike, Guds makt på jorda, er i ferd med å bli synleg.

Men likevel; kvifor og korleis? Høyr den sjette setninga: Slik skulle det ordet oppfylles som er talt gjennom profeten Jesaja:

Det som skjedde, hadde ei hensikt. Jesus gjorde disse hendingane til teikn, til ledd i ei stor forteljing som går langt tilbake og som skal fortsette lenge enno. Han viser oss at sjølv det å bli helbreda, som er viktig nok for den det gjelder, kan ha endå viktigere sider ved seg enn det å bli frisk.

I vår tid er vi – unnskyld uttrykket – sjukeleg opptekne av helse. Vi kan knapt tenkje oss noko som er viktigare enn det. Vi aksepterer ikkje at vi skal ha vondt. Vi kaller det ”uverdig” at noen skal ha vondt ”i verdens rikaste land”. Kva kan vel være viktigare enn å forhindre det?

Hør da, den sjuende og siste setningen i teksten vår: Han tok bort våre plager, og bar våre sykdommer.

Derfor skjedde det. Det var endå viktigere enn helbredelsen: å vise at han som skulle ta bort alt det som verkeleg plager oss, alt det som gjer oss verkeleg sjuke, det som hindrar oss i å vere dei vi er skapt til å vere, han er komen til oss.

Helbredelsane er teikn, vegvisarar. Dei viser oss at det finns krefter som er i ferd med å nyskape og omdanne heile universet, også oss. ”Se, jeg gjør alle ting nye!”

I mellomtida kan vi også sjå at Jesus er tilstades hos oss. Han ser oss alle. Han bryr seg. Han vil ta bort det som held oss nede, det som hindrar oss i å være dei menneska vi er skapte til å vere, i Guds bilde. Han er tilstades midt i lidinga, oftast gjennom dei menneska som gjer det dei er best til, utdanna som, og utstyrt til. Som hjelper og bryr seg i praktisk handling. I alle konfliktområder, på alle sjukehus, i flyktningbåtane på Middelhavet- der er han. Og på korset, med dei mange tusen andre som er blitt korsfestet. Han er der nokon lir.

Men så bryter livskreftene gjennom. Jesus sto opp!

Det er dei livskreftene vi får ane ein liten forsmak av i dagens vesle forteljing: ”Feberen slapp”, ”han helbredet alle som var syke”.

Slik skal vi forstå og sjå at det er han som er komen, han som skal ta bort våre plager og bære våre sjukdommar, ein gong for alle. Ingen annen. Han var det som kom til Peters hus. Ingen annan. Han som kom med livet.

Ære være Faderen og Sønnen og Den Hellige Ånd, som var, er og blir én sann Gud fra evighet og til evighet. Amen.

(Denne preika er inspirert av Jon Aalborg)

Les også..

Norske kroner Foto: Ben Andreas Harding

Kommunens gjeldsrenter vokser

Kommunens totale langsiktige gjeld var ved årsskiftet 240,6 millioner kr. ...
Illustrasjonsbilde av skogbrann. Foto: DSB

Generelt bålforbud

Mandag 15. april startet perioden med generelt bålforbud i Norge. ...
Hedalen stavkirke. Foto: Dagfinn Heimestøl

SamtalegudstjenesteBEKJENTGJØRELSE 

Velkommen til samtalegudstjeneste i Hedalen stavkirke 28. april kl. 18.00. ...
Strøm

Strømstøtteordning for frivillige organisasjoner

17. april ble det åpnet for søknader om strømstøtte for ...
Ola Sukke

Om å spenne inn livreimaYTRING 

Håkon Sukke har oppfordra oss til å publisere ein artikkel ...
Bagn. Foto: Åse Østgård Hagen

Plagiert saksframstilling?

Forslag til alkoholpolitisk handlingsplan for kommunen skal behandles av formannskapet ...