Leiar

Kommunestyret i koronatidaLEIAREN 

Publisert av Arne Heimestøl 15.09.2020. Sist oppdatert 15.09.2020.

Torsdag 17.9. er kommunestyret innkalla til heildagsmøte i gymnastikksalen på SAUS.

Det er snart tre månader sidan forrige kommunestyremøte, og det er få saker på sakslista.

I starten av møtet skal kommunalsjef for oppvekst og kultur, Inger Randi Islandsmoen Kleven, gi ei orientering om oppfølging av forvaltningsrevisjonsrapporten med tema oppvekst.

Vi undrar oss over at dette temaet ikkje er oppført som sak på sakslista. Ordførar Marit Hougsrud grunngjev dette slik: «Saken tas som en orientering, ja. I denne saken har vi allerede vedtatt forvaltningsrapporten med de tiltakene som er foreslått. Dette vil være en orientering og en statusoppdatering i forbindelse med arbeidet.»

Slik vi har forstått det, kan kommunestyrerepresentantar stille spørsmål, men dei kan ikkje meine noko om det som vert lagt fram, og kommunestyret kan heller ikkje gjere vedtak når ein ikkje har ei sak ein skal handsame.

Vi meiner det hadde vore ein fordel om orienteringa hadde vorte lagd fram som ei sak. Då hadde ein hatt eit saksframlegg, og kommunestyrerepresentantane hadde hatt høve til å førebu seg. Oppvekst har vore eit brennheitt tema i kommunen i over ti år. Vi vil derfor bli svært forundra om kommunestyret ikkje vil meine noko om det som kjem fram i orienteringa.

I budsjettmøtet 17. desember 2019 vedtok kommunestyret følgjande:

«For å imøtekomme de økonomiske utfordringene i økonomiplanen ber vi om at administrasjonen legger fram en tiltaksliste med tydelig oversikt over konsekvenser. Alle områder og tjenester skal gjennomgås uavhengig av tidligere vedtak. Denne legges fram for kommunestyret i mai.»

Dette vedtaket er ikkje følgt opp, og vi har spurt ordføraren kva som skal skje med denne saka. Her er svaret vi har fått på e-post:

«Driftstilpasningsprosessen vil dessverre ikke bli gjennomført slik vi først tenkte pga korona. Prosessen går kontinuerlig, og vil nå gå sammen med budsjettarbeidet denne høsten.»

Kven som har bestemt dette, lurer vi på. Det er i alle fall ikkje kommunestyret. Vi meiner kommunestyretvedtaket frå 17.12.2019 står ved lag til nytt vedtak er gjort.

Les også..

Jul med Valdresmål og Meining

Jul med Valdresmål og Meining holder 17 konserter før jul. ...
Øivind Næss

Øivind Næss tilsatt som kommunedirektør

Kommunestyret vedtok i dag, 11. desember 2025, å tilby Øivind ...

Lysmesse

Sist søndag var det lysmesse i Hedalen stavkirke ved Ellen ...
Hedalsheimen. Foto: Helge Nordby

Minnegave

Hedalsheimens venner takker for minnegave ved Inger Erika Holte Jensens (Minsten) ...
Hedalen Løypelag kjører opp 12 mil med høystandardløyper

Skisporet blir Sporet

Sporet er en ny, landsdekkende føremeldingstjeneste for skiløyper i Norge, ...

Koselig førjulskonsert

Torsdag 4. desember var det konsert i Den kulturelle spaserstokken ...