Redaktør Arne Heimestøl. Foto: Kjell Hallvard Flø

KnutbyYTRING 

Publisert av Arne Heimestøl 16.08.2020. Sist oppdatert 16.08.2020.

I sommar har eg sett den svenske dokumentarserien «Drap i Knutby». Serien har ei aldersgrense på 12 år, og eg rår dei som er eldre enn det, til å sjå dei seks seriedelane, kvar på 33 minutt. Du finn dokumentaren på NRK.

10. januar 2004 vart Alexandra Fossmo i Knutby i Sverige funnen skoten og drepen i si eiga seng. Daniel Linde, som var busett i nabohuset, vart også forsøkt drepen, men overlevde.

Den norskætta pinsepastoren Helge Fossmo vart dømd til livsvarig fengsel for medverknad til drap og drapsforsøk. Elskerinna, Sara Svenson, tilsto drap og drapsforsøk, og vart dømd til psykiatrisk behandling på ubestemt tid.

Dette skjedde altså i ein kristen kyrkjelyd. Men dokumentaren fortel meir om usunne og alvorlege tilhøve. Ein av leiarane, Åsa Waldau, trudde ho var Kristi brud, og dokumentaren nemner også eksempel på overgrep og tvang.

Peter Gembäck var pastor i kyrkjelyden i Knutby i fleire år. Etter kvart forstod han at mykje av det han hadde vore med på, var hakkande gale. Han melde difor seg sjølv og to andre pastorar til politiet. Kyrkjelyden er no lagd ned.

– Skal vi gjere noko med usunn religion, held det ikkje berre å ta eit oppgjer med ideologien som ligg bak og handlingane den fører til. Vi må kjenne att det genuint menneskelege i sekt-mekanismane, og innsjå at dei fleste av oss er ein del av problemet, skriv journalist Alf Gjøsund i avisa «Vårt Land». Har han rett, handlar dette altså om mange.

Dette temaet er aktuelt i norsk skule òg. I den generelle delen av den nye læreplanen les vi at kritisk tenking og etisk medvit er både ein føresetnad for og ein del av det å lære i mange ulike samanhengar, og bidrar til at elevane utviklar god dømmekraft.

Fleire av dei som står fram i dokumentaren om Knutby, har teke kraftig oppgjer med mykje av det dei var med på. Det gjev håp.

Les også..

Fra innsiden av Fekjær

YTRING: En ny dag gryr i Hedalen. På Fekjær våkner ...
Kjell Eriksen. Foto: Arne Heimestøl

Vil diskutere kommunestyrets rolle som øverste styringsorgan

Kommunestyrerepresentant Kjell Eriksen (Ap) ønsker en bred diskusjon om hvordan ...
Nye SAUS

Administrasjonen anslår kostnadsnivået til 110 millioner kroner

Kommunestyret skal 18. juni ta stilling til veien videre for ...

Entreprenør til bygging av enebolig i Oslo

ANNONSE: Entreprenør søkes til bygging av enebolig i Oslo kommune. ...

Status mandag ettermiddag

INNSAMLINGSMÅLET ER NÅDD. En forening har varslet at de støtter ...
Vassfartur for sjetteklassinger

28 sjetteklassinger på tradisjonsrik tur i Vassfaret

Onsdag 12. juni arrangerte Lions Club Vassfaret den årlige vassfarturen ...