Arne Heimestøl

Når ein drøymer om Hedalen.no

Publisert av Arne Heimestøl 21.05.2020. Sist oppdatert 21.05.2020.

Nye Hedalen.no er på nettet, og ein god del ser ut til å fungere slik det var tenkt. Men utviklingsarbeidet er ikkje ferdig, og no pønskar eg på ulike løysingar om nettene.

Måndag vart ein hektisk dag. Eigentleg var planen å leggje om frå gammal til ny publiseringsløysing tysdag ettermiddag. Omlegginga kom altså eit døgn tidlegare enn planlagt, og då måtte eg få over oppslaga som var publiserte etter den historiske 17. mai-feiringa i det nye systemet.

Til å begynne med var heile Hedalen.no nede. Etter kvart kom sidene opp, men med feilmeldingar og åtvaringar. Det meste retta seg i løpet av tysdagen, og på 20-årsdagen for starten av Hedalen.no kunne vi publisere helsing frå styret i Stifelsen Hedalen.no.

Navigasjon

Hedalen.no er laga slik at innhaldet skal kunne visast på både mobiltelefonar, nettbrett og datamaskinar. Ein lesar tok kontakt på e-post og lurte på kor det hadde vorte av sidene for lag og foreiningar. Dette var eit verdifullt innspel, for det gjorde meg merksam på at «hamburgermenyen» øvst til venstre på startsida ikkje var synleg på mobiltelefon utan at han vart aktivert.

Meg god hjelp av Einar Breen vart denne utfordringa løyst onsdag kveld. På mobiltelefon får ein altså tak i menyvala øvst på sida ved å aktivere knappen med dei tre horisontala strekane.

Arkivet

Gamle Hedalen.no får ein tilgang til ved å klikke på «Arkiv» øvst til venstre. På sida ein kjem til, skal ein også etter kvart kunne søkje opp eldre oppslag. Google held på med å indeksere sidene, slik at søk kan gje gode resultat. Dette arbeidet tek tid.

Startsida på Hedalen.no har plass til vanlege oppslag, ytringar og annonsar av ulike slag. Innlegga vert plassert i rammer, og dei vert styrt av dato og klokkeslett. Slik kan rekkefølgja bli endra, men det innlegget som er eldst, vil hamne i arkivet når det ikkje lenger er plass til det på startsida. Annonser har ein utdateringsdato. Det fungerer slik at dei automatisk vert tekne ned når dei ikkje lenger skal visast.

Arkivsida må vi arbeide meir med. Det same må vi med søkfunksjonen. Søk på startsida leitar førebels etter oppslag og sider i den nye publiseringsløysninga. Dette fungerer slik det skal.

Vêrstasjonen

Vêrstasjonen er med på startsida. Øvst til høgre finn du bilete frå web-kameraet på Søbekkseter. Dette bildet vert automatisk oppdatert fleire gonger i døgnet. Klikk på bildet viss du vil gå til nettsida som høyrer med til vêrstasjonen.

Bilde på Nye Hedalen.no

Vi treng nye bilde til Hedalen.no. Kvart bilde må vere minst 1100 pixlar breitt. Det beste er å sende bilde i originaloppløysing til redaksjonen@hedalen.no. Vi oppfordrar lag og foreiningar til å sende inn bilde som vi kan bruke når vi kunngjer aktivitetar. Slike bilde kan vi lett gjenbruke.

Personvern

Hedalen.no bruker Google Analytics til å samle statistikk over trafikken på sidene. Vi kan sjå kor mange som besøker sidene kvar dag, men vi veit ikkje kven lesarane er. Likeeins kan vi sjå kor mange det er som bruker mobiltelefon, nettbrett og datamaskinar. I tillegg har vi oversikt over kva for nettlesarar som vert brukte.

Nyheitsartiklar og ytringar har ikkje innebygd reklame slik du finn i andre nettaviser.

Vidareutvikling

I månadene som kjem, vil Hedalen.no arbeide meir med å utvikle gode tekniske løysingar. Vi håper mellom anna å få på plass ein aktivitetskalender.

Fleire presentasjonssider skal også på plass. Kom gjerne med innspel og spørsmål om du vil det.

Det viktigaste er fylle nettavisa med nyheitsartiklar og ytringar. Dette håper vi lesarane kan hjelpe oss med.

Reklame

Reklameknappane er med på startsida og på sider der kvar artikkel vert vist. Merk at knappane endrar rekkefølgje kvar gong du lastar ei slik side. Einar Breen har programmert denne løysinga.

Vi vil gjerne ha fleire slike reklameknappar og annonsar. Google Analytics fortel at startsida har i underkant av 1000 daglege brukarar. Dei siste 28 dagane har vi hatt over 7000 brukarar. Sjå skjermdump av statistikk nedanafor.

Google Analytics

Les også..

Påskenøtt 2024

Påskenøtt 2024

Her kommer årets påskenøtt🐣. Dette er noe som finnes i ...
Arbeidsmarkedet i Innlandet i mars

Fortsatt lav ledighet og mange ledige stillinger i Innlandet

Arbeidsledigheten i Innlandet holder seg fortsatt lav med 1,9 prosent ...
Klar for rumpeldunkkamp

Den mystiske boksen

Mellomtrinnet ved Hedalen skole har gjennomført et 8-ukers tverrfaglig prosjekt med ...
Løype fra Jevnlismyra

Nykjørte løyperBEKJENTGJØRELSE 

Onsdag kl. 14.10: Rolf Gunnar har kjørt løype fra Jevnlismyra ...
Skitur torsdag

Siste vinterleirskoleuke

Denne uka hadde Vassfaret leirskole sin siste uke med vinterleirskole. ...
Mellombygget

– Arbeidene går godt framover

Bygningsingeniør Oddleiv Juvkam forteller at flere anbud på opprusting av ...