Museumsjubileum får stor plass i Årbok for Valdres
Årbok for Valdres 2026 er no i handelen. Valdres Folkemuseum sitt 125-årsjubileum pregar årets utgåve, som også byr på stortingshistorie, gravfunn og ein ny teori om namnet Valdres.
Valdres Historielag har sett av ein eigen del med 13 artiklar til museumsjubilanten. Her får mellom andre den tidlegare museumsstyraren Eiliv Odde Hauge fyldig omtale.
– Som omslaget viser, er det eit oppegåande museum som blir presentert, slett ikkje tyngd av alderen, skriv redaktør Nils Rogn i ei pressemelding.
Frå pensjonatarkiv til skjelettfunn
Museumsdelen gjev også innblikk i arkivet frå Husaker pensjonat og i folkemusikkarkivet. Eit skjelettfunn på Storeøye i 1955 er eit anna av emna lesarane får møte.
Den generelle delen av årboka inneheld 19 artiklar. Her startar historielaget ein serie om stortingsrepresentantar frå Valdres.
– Vangsgjeldingen Ole Q. Kvam var den fyrste, han kom på tinget alt i 1821, opplyser Rogn.
Portrett av Marit Prest
Årets portrett er av Marit Slettum, betre kjend som Marit Prest. Årboka inneheld dessutan ein lengre artikkel om brennevinskontroll i Valdres på 1850-talet.
Skulehistoria kjem denne gongen frå Øystre Slidre. Lesarane får også bli med på ein tur langs Saltmannvegen frå Røn til Skakadalen i Vang.
Nye teoriar om gravfunn og stadnamn
Eit hundre år gamalt gravfunn frå Kvåle i Vestre Slidre får grundig omtale. Ifølgje Rogn har nye granskingar ført til interessante teoriar om funnet.
– Ein ny teori om opphavet til namnet Valdres blir også grundig presentert, skriv han.
Boksal og kviss på Rakfiskfestivalen
Valdres Historielag blir til stades på årets Rakfiskfestival med sal av årboka og andre lokalhistoriske bøker.
Dei som kjem innom, kan også prøve seg på ein liten kviss med lokalhistoriske spørsmål.

























