Sør-Aurdal Historielag på tur
I år gjekk haustturen til Øystre Slidre den 18. september. Denne kommunen har verkeleg mykje spennande å by på! 35 deltakarar fekk sjå og høyre mykje og variert kulturhistorie: Skiferbruddet i Rogne som starta alt tidleg på 1800-talet, samling av gamle hus hos Odd Arne Rudi i Svinlibrøta, og Hegge stavkyrkje frå 1216 som framleis er i bruk. Ein titt inn i lyskapellet på Beitostølen overvelda oss med den vakre glaskunsten.
«Høvda sylv og tre» kunne friste med mykje fint sølvarbeid, mellom anna Valdreslogo-smykker.
På Eker gård var det mykje flott kunst å sjå, og ikkje minst alle blomar og vekster som fanst rundt om på garden.
Ein sveip innom Vang med besøk på gamle, ærverdige Bygdin Høyfjellhotell med god middag toppa det heile. Takk for turen til alle som deltok, og til Anne Karin Eid som organiserte det heile.
Her kan du lesa meir om nokre av stadene vi vitja:
Skiferbruddet i Rogne:
https://isola.no/kundeservice/vaare-fabrikker/skifer-rogne
Svinlibrøta:
https://fortidsminneforeningen.no/aktuelt/hussamleren-i-valdres/
https://www.avisa-valdres.no/odd-arne-er-fortapt-i-gamle-bygningar/f/5-54-1073510
Hegge stavkyrkje:
https://snl.no/Hegge_stavkirke
Eker gård:
https://ekergaard.no/

















































