Folkevalde kan ha fått beskjed om å teie om for mykje
Ei undersøking Hedalen.no har gjort av reglementa for folkevalde organ i dei seks Valdres-kommunane, viser at fem av dei har formuleringar som kan gje inntrykk av at folkevalde har ei meir omfattande teieplikt enn det lova gjev grunnlag for.
Det gjeld Sør-Aurdal, Etnedal, Nord-Aurdal, Vestre Slidre og Øystre Slidre. Vang skil seg frå dei fem andre.
Styresmaktene åtvara kommunane i 2015
Problemstillinga er ikkje ny. 30. januar 2015 sende Kommunal- og moderniseringsdepartementet eit eige brev til alle kommunar og fylkeskommunar med overskrifta «Kommunale og fylkeskommunale reglementer om folkevalgtes taushetsplikt ved lukking av møter».
Bakgrunnen var at departementet var blitt merksam på kommunale reglement som kunne gje inntrykk av at lukking av eit møte automatisk førte til teieplikt.
Departementet formulerte hovudregelen slik:
«Det at møtet er lukket innebærer i seg selv ikke at de folkevalgte får taushetsplikt om alle opplysninger som fremkommer på møtet.»
Departementet slo fast at folkevalde i denne samanhengen berre har teieplikt om opplysningar som etter lov eller med heimel i lov er underlagde teieplikt. Kommunane har heller ikkje høve til å innføre ei generell teieplikt gjennom lokale reglement berre fordi ei sak blir behandla i lukka møte.
Kommunane blei derfor oppmoda om å gå gjennom reglementa sine og gjere nødvendige endringar dersom dei hadde føresegner som gjekk lenger enn det som følgde av lov.
Same året formulerte regjeringa prinsippet endå tydelegare i Prop. 121 S (2014–2015): «Det er ikke adgang til å fastsette i reglementene at taushetsplikten gjelder alt som skjer i et lukket møte.»
Det same grunnleggjande skiljet er vidareført i den nye kommunelova:
- Eitt spørsmål er om eit møte kan eller skal lukkast.
- Eit anna spørsmål er kva konkrete opplysningar dei folkevalde har lovbestemt teieplikt om.
Lukka møte betyr ikkje teieplikt om alt
Kommunelova § 11-5 regulerer når møte i folkevalde organ skal eller kan haldast for lukka dører.
Eit møte skal mellom anna lukkast når organet behandlar ei sak som inneheld opplysningar som er omfatta av lovbestemt teieplikt, eller ei sak som gjeld ein arbeidstakars tenestlege forhold.
Lova opnar også for lukking i enkelte andre situasjonar, mellom anna av omsyn til personvern eller når tungtvegande offentlege interesser tilseier det, dersom vilkåra elles er oppfylte..
Men at eit møte er lovleg lukka, betyr ikkje i seg sjølv at alt som blir sagt i møtet, er underlagt teieplikt etterpå.
Det er dette skiljet departementet åtvara kommunane mot å viske ut gjennom lokale reglement.
Sør-Aurdal: Plikt til å teie om drøftingane
I Sør-Aurdal sitt reglementshefte heiter det:
«Når det er vedtatt at en sak skal drøftes for stengte dører, har de som sitter i kommunale organ plikt til å tie om drøftingene og om de vedtak som blir gjort.»
Og:
«Denne plikten varer til det er vedtatt noe annet eller til grunnene for vedtaket om stengte dører faller bort.»
Her blir teieplikta knytt direkte til at saka skal behandlast bak stengde dører. Ordlyden omfattar både drøftingane og vedtaka – ikkje berre opplysningar som etter lov er underlagde teieplikt.
Formuleringa ligg dermed nær den typen reglementsføresegner departementet i 2015 bad kommunane gå gjennom og endre.
Nord-Aurdal: Teieplikt også utan lovbestemt teieplikt
Nord-Aurdal skriv i sitt politiske reglement først at representantar og tilsette som deltek i behandlinga av saker med teieplikt etter forvaltningslova § 13, er bundne av denne.
Men reglementet går vidare:
«For saker som ikke følger lovbestemt taushetsplikt, men som likevel er behandlet i lukket møte, gjelder taushetsplikten inntil den blir opphevet eller begrunnelsen for behandling i lukket møte faller bort.»
Ordlyden gjev dermed uttrykk for at det finst ei teieplikt også i saker som ikkje er omfatta av lovbestemt teieplikt.
Det er nettopp denne typen reglementsføresegner departementet i 2015 bad kommunane rydde opp i.
Formuleringa kan gje dei folkevalde inntrykk av at kommunen gjennom sitt eige reglement har innført ei teieplikt som kjem i tillegg til den lovbestemte.
Vestre Slidre: Nesten same formulering
Vestre Slidre har ei formulering i sitt politiske reglement som ligg nær den Nord-Aurdal bruker:
«For saker som ikkje følgjer lovfesta teieplikt, men som likevel er behandla i lukka møte, gjeld teieplikta inntil ho blir oppheva eller grunngivinga for behandling i lukka møte fell bort.»
Også her blir det vist til ei teieplikt i saker som ikkje er omfatta av lovfesta teieplikt.
Ordlyden reiser spørsmål om korleis denne føresegna kan hengje i hop med departementet si klare fråsegn om at kommunane ikkje kan innføre ei slik generell teieplikt gjennom lokale reglement.
Øystre Slidre: Teieplikt om drøftingar og vedtak
Øystre Slidre har i sitt reglement med gjennomgåande reglar for møte og saksbehandling eit eige punkt om teieplikt ved møte for stengde dører.
Der les vi dette:
«Når det etter kommunelova § 11-5 er vedteke at ei sak skal drøftast for stengde dører, har dei som sit i organet og dei kommunale tenestemennene som er til stades, plikt til å teie om drøftingane og om dei vedtak som blir gjort. Denne plikta varer til det er gjort vedtak om noko anna, eller til at grunnen til vedtak om stengde dører fell bort.»
Her blir teieplikta knytt direkte til at saka skal behandlast bak stengde dører. Ordlyden omfattar både drøftingane og vedtaka.
Dermed oppstår det same prinsipielle problemet: Sjølve lukkinga av møtet blir etter ordlyden utgangspunktet for ei generell teieplikt, i staden for at teieplikta blir avgrensa til dei konkrete opplysningane som er verna av lov.
Etnedal: Teieplikt om drøftingar og vedtak
Også Etnedal kommune har ei formulering som etter ordlyden kan oppfattast som å gå lenger enn den lovbestemte teieplikta.
I kommunen sitt reglement for folkevalde organ 2024–2028 (ikkje publisert på nettet) står det under punkt 1.8 om møteoffentlegheit:
«Når det er vedtatt at en sak skal drøftes for lukkede dører, har alle som er til stede plikt til å tie om drøftingene og om de vedtak som blir gjort. Denne plikten varer til det er vedtatt noe annet eller til grunnene for vedtaket om lukkede dører faller bort.»
Dette er ordlyden i reglementet som kommunestyret vedtok 21. mars 2024.
Formuleringa inneber at sjølve vedtaket om å lukke møtet utløyser teieplikt om både drøftingane og vedtaka.
Også denne formuleringa ligg dermed nær den typen føresegner departementet åtvara mot i 2015.
Vang har valt ei anna løysing
Vang kommune skil seg tydeleg frå dei fem andre kommunane.
I Vang sitt politiske reglement les vi mellom anna dette:
«Når ei sak skal behandlast for lukka dører, plikter dei folkevalde å teie om dei opplysingane som etter lov er underlagt teieplikt.»
Her blir det ikkje sagt at dei folkevalde skal teie om heile drøftinga eller om alt som kjem fram i eit lukka møte.
Teieplikta blir i staden avgrensa til «dei opplysingane som etter lov er underlagt teieplikt».
Det er ein vesentleg forskjell.
Vang si formulering ligg dessutan tett opp til formuleringa departementet viste til i brevet frå 2015.
Fem av seks kommunar
Gjennomgangen til Hedalen.no viser dermed eit tydeleg skilje mellom Vang og dei fem andre Valdres-kommunane.
Felles for formuleringane i Sør-Aurdal, Etnedal, Nord-Aurdal, Vestre Slidre og Øystre Slidre er at dei på ulike måtar knyter teieplikt til at ei sak er behandla i lukka møte.
I Nord-Aurdal og Vestre Slidre er dette særleg tydeleg fordi reglementa uttrykkeleg omtalar teieplikt i saker som ikkje er omfatta av lovbestemt teieplikt.
I Sør-Aurdal, Etnedal og Øystre Slidre blir teieplikta etter ordlyden knytt til drøftingane og vedtaka når ei sak blir behandla for stengde dører.
Vang avgrensar derimot teieplikta til dei opplysningane som etter lov er underlagde teieplikt.
Kvifor er formuleringane framleis der?
Undersøkinga til Hedalen.no reiser derfor eit nærliggjande spørsmål:
Kvifor har fem av dei seks Valdres-kommunane framleis formuleringar som ligg svært nær den typen reglementsføresegner departementet bad kommunane rydde opp i for meir enn elleve år sidan?
Det er også grunn til å spørje kva konsekvensar formuleringane kan ha hatt i praksis.
Dersom folkevalde har oppfatta reglementa slik at dei generelt ikkje kan uttale seg om drøftingar eller vedtak frå lukka møte, også når det dei ønskjer å omtale, ikkje er omfatta av lovbestemt teieplikt, kan reglementa ha avgrensa kva dei har meint at dei kunne uttale seg offentleg om.
Dette svarar ordførarane
Ordførar Jørand Ødegård Lunde, Vang kommune:

Foto: Vang kommune
«Takk for førespurnad. Både lukking av møte og praktisering av teieplikt skjer i med heimel i lov. Med andre ord har vi eit lovkrav på oss til unnta visse opplysningar frå ålmenta.
Eg ser at Vang har ein presis ordlyd her, men eg har ikkje grunnlag for å tru at praksis er vesentleg ulik sidan vi har same lovverk å forhalda oss til.»
Ordførar Marit Hougsrud, Sør-Aurdal kommune:
«Lukking av møter og praktisering av taushetsplikt skjer med hjemmel i lov.

Foto: Arne G. Perlestenbakken
Jeg tviler på at det store ulikheter i praktiseringen av dette, siden det er det samme lovverket som gjelder for alle.
Når det gjelder hva som skal være taushetsbelagt av ulike drøftinger i lukkede møter, vil det være avhengig av type sak. Det vil være naturlig å bli enige i møtet, om noe av drøftingene eller deler av saken kan være offentlig tilgjengelig.
For vår del vil det være naturlig å se på ordlyden i gjeldende reglement når vi skal revidere dette.»
Ordførar Bjarne Budal, Øystre Slidre kommune:

Foto: VNK v/ Lene Hovi
«Omfanget av politiske saker med teieplikt er svært lite i Øystre Slidre kommune, kanskje 1-3 saker i året.
Reglementet til kommunen blir praktisert i samsvar med departementet sitt tolkingsbrev om korleis lova om teieplikt er å forstå.
Vi har t.d. fleire saker der saka er offentleg, men det kan vera eit vedlegg som er unnateke for offentleg innsyn, der møtet vert lukka dersom innhaldet i vedlegget skal refererast.
Vi vil vurdere å presisere reglementet på dette punktet ved framtidig revisjon av reglementet.»
Ordfører Knut Arne Fjelltun, Nord-Aurdal kommune:

Foto: Elin Strand
«Generelt så prøver vi så langt som mulig å ha åpne møter, men det kan en sjelden gang i blant være behov for å lukke et politisk møte etter hjemmel i lovverket.
Jeg kan ikke huske at detaljene i dette reglementet er praktisert, eller situasjoner der det har vært bevisst bruk av paragrafen for å taushetsbelegge informasjon fra et lukket møte.
Uansett, vi tar denne informasjonen til etterretning, og skal ta med oss disse innspillene neste gang vi reviderer politisk reglement.
Det vil senest skje i forbindelse med neste kommunevalg der politisk reglement revideres innen første virkeår for ny periode.»
Ordførar Haldor Ødegård, Vestre Slidre kommune:
«Takk for spørsmål

Foto: Stine Bækkelien/avisa Valdres
VSK vil så langt som mogleg halde opne møter i saker som ein del av offentlegheitsprinsippet.
Når det gjeld personsensitive opplysningar lukker vi møtet av omsyn til den som er omtala. I enkelte saker i prosess av forretningsmessig/kontraktsmessig karakter, blir møter ofte lukka fram til det blir teke endeleg avgjerd.
Det er ofte fleire moment i slike saker og vi har grundig vurdering opp mot lovverket før vi lukker saka.
Er det som du peiker på formulering i reglementet som ikkje er etter lovverket, tek vi med oss det til vurdering fram til neste rullering.»
Linda Mehlum Robøle, ordfører i Etnedal kommune:

Foto: Lene Hovi/VNK
«Takk til Hedalen.no som setter søkelyset på et viktig tema.
Både ansatte og folkevalgte i kommunen plikter å forhindre at andre får tilgang til taushetsbelagte opplysninger.
Brudd på lovpålagt taushetsplikt er alvorlig og straffbart etter straffeloven.
Eksempler på taushetsbelagte opplysninger kan være noens personlige forhold eller tungtveiende offentlige interesser som f.eks. konkurransehensyn eller forretningsmessige vurderinger.
Møter i folkevalgte organ i Etnedal er som hovedregel helt åpne og tilgjengelig for publikum.
Lukking av møte praktiseres med hjemmel i lov. Når et møte lukkes vil det være nettopp taushetsbelagte opplysninger som kommer fram og drøftes, ellers ville møtet vært åpent.»
Fleire vil sjå på ordlyden
Svar frå ordførarane endrar ikkje hovudfunnet i gjennomgangen til Hedalen.no: Fem av dei seks kommunane har framleis reglementsformuleringar som kan gje inntrykk av ei vidare teieplikt enn den lovbestemte.
Fleire av ordførarane opplyser samtidig at praksisen etter deira syn er i samsvar med lovverket. Sør-Aurdal, Nord-Aurdal, Vestre Slidre og Øystre Slidre signaliserer alle at ordlyden i reglementa kan eller skal vurderast ved framtidig revisjon.
Skiljet som departementet peikte på i 2015, står dermed framleis sentralt: Eit møte kan vere lovleg lukka utan at alt som blir sagt i møtet, dermed er underlagt teieplikt.

























