1

Gammalt handverk får nytt liv på Bautahaugen – Brakadokka får flistak

Publisert av Arne Heimestøl 12.05.2026. Sist oppdatert 21.05.2026.

På Bautahaugen Samlinger vart det laurdag vist fram eit gammalt handverk som tidlegare vart brukt på fleire bygningar i Valdres. Med hjelp av to hestar, granstokkar og ein eldre flishøvel vart det laga takflis til Brakadokka – eit bygg som no får nytt tak.

Prosjektet blir leia av bygningsvernrådgjevar Odd Arne Rudi i Valdresmusea.

Flishøvelen klar til bruk
Foto: Arne G. Perlestenbakken

Produksjon av flis

Under demonstrasjonen vart granstokkar festa i bakken under flishøvelen, medan to hestar stod for trekkrafta. Slik kunne ein produsere jamne trefliser som straks kunne bli brukte til taktekking.

Arbeidet gav publikum eit innblikk i ein metode som kravde både presisjon, muskelkraft – og tilgang på hestar.

Her kan du sjå korleis flisene blei til og korleis dei vart monterte.
Alle bilde og video: Arne G. Perlestenbakken

Må velje rett gran

Ikkje alle grantre eignar seg til takflis.

For å få flis som ligg jamt på taket og held regnet ute, må ein velje emne med omtanke. Rettvaksne stammer er ofte å føretrekkje fordi dei gir jamnare flis og mindre risiko for at materialen vrir seg.

Tre med mykje kvist er mindre eigna. Kvisten kan skape svake punkt i flisa, gje ujamne overflater og auke faren for sprekkar.

Tettvaksen gran blir rekna som god material. Tre som har vakse sakte, kan gje tettare ved og meir slitesterk flis.

Emne med råte, store sprekkar eller andre skadar vart vraka.

Klar til å høvle flis. Merk at stokken her var delt opp i passe lengder og festa til bakken.
Nyproduserte fliser
Fliser stabla og pressa for å rette dei ut.

Slik blir taket tekt

Fisene som blei brukte laurdag, er nyleg produserte av Sindre Nygård i enkeltpersonføretaket Befart og Bevart.

Flis blir tradisjonelt lagd lagvis med god overlapping for å halde regn og fukt ute.

Den nedste rada blir lagt først ved takfoten, før nye lag overlappar kvarandre oppover mot mønet. God overlapping er avgjerande for at taket skal vere tett.

Når Brakadokka no får nytt flistak, blir samtidig eit gammalt handverk halde i live.

Desse var med på å tekke tak laurdag: Christer Løvaas, Vemund Syversrud, Jan Dokkehaugen, Trym Tvedt og Andreas Goretzka. Trym vil fullføre arbeidet før sommarsesongen på Bautahaugen vert opna.

Var med på flisproduksjon

Arvid Vestrom

Arvid Vestrom fortel av han for mange år sidan var med på å produsere takflis på Liasaga ved Vesleelva i Hedalen. Stokkane vart berka og kappa i passe lengder. Flisene blei produserte av ein vassdriven høvel som gjekk fram og tilbake.

Vestrom fortel at han også har vore med på å leggje flistak. Flisene måtte vere rå. Buntar med fliser vart derfor senka i vatn slik at flisene vart mjuke og fine.

Flistak i Fekjær

Elling Fekjær. Foto: Arne G. Perlestenbakken
Elling Fekjær

Elling Fekjær fortel at låven på Fekjær fekk nytt flistak i 1946. Det taket var i bruk fram til utpå 1970-talet.

På garden finst det framleis ein flishøvel av same type som den som vart brukt på Bautahaugen laurdag. Det viser at denne typen taktekking har vore i bruk i Hedalen i nyare tid enn mange kanskje trur.

Odd Arne Rudi fortel at det i Fekjær framleis ligg om lag to kubikkmeter med flis. Desse flisene får Trym Tvedt bruke når han no skal fullføre arbeidet på huset i Brakadokka.

Odd Arne Rudi seier at ein truleg har nok flis til å fullføre prosjektet. Det er også att fleire granstokkar ved Brakadokka, og flishøvelen kan ein bruke saman med ein traktor når ein ikkje har hestar.

Trym Tvedt, Odd Arne Rudi og Jan Dokkehaugen arbeider alle i Valdresmusea.

Les også..

Begnadalen.no i ny drakt – etter 24 år på nettet

Begnadalen.no har fått helt ny nettside. Den nye løsningen ble ...

Bildeglimt fra idrettens dag

Vi har bildene tale for seg selv.

Workshop i Hypopressiv trening med Johanne Drivarbekk

ANNONSE: 📅 Lørdag 26. september  ⏰ Kl. 10.00–14.00 📍 Brunbakklievegen 1, ...

Gå med oss til gapahuken – hele familien

BEKJENTGJØRELSE: Onsdag 16. sept. kl.18.00 fra parkeringsplassen ved skytebanen. Servering ...
Hedalen barne- og ungdomsskole. Foto: Dagfinn Heimestøl

Satte sju-grensen til side i mai – nå foreslås den videreført

I mai vedtok kommunestyret enstemmig en midlertidig ordning som sikret ...

Marius fikk Hilmar-prisen 2026

TALE VED UTDELING AV HILMARPRISEN 2026: Kjære alle sammen – ...