Hedalen kirkesogn

Gamle stadnamn i Hedalen

Publisert av Arne Heimestøl 10.05.2026. Sist oppdatert 04.05.2026.

Då Harald Dokkehaug skreiv hovudfagsoppgåva Hedalens gardshistorie i 1940, gjorde han meir enn å kartleggje gardar og busetnad. Han gjekk også grundig inn i stadnamna i bygda – og prøvde å finne svar på kva namna kunne fortelje om natur, busetnad og menneske gjennom hundrevis av år.

Dokkehaug arbeidde systematisk med namnematerialet og bygde analysane sine på samanlikningar med gammalnorske ordformer, lydutvikling og lokale uttalar. Samstundes var han forsiktig i konklusjonane sine. Fleire tolkingar blir ofte presenterte side om side, og han understrekar sjølv at mykje av arbeidet handlar om kva som er sannsynleg – og vurderingar – ikkje sikre fasitsvar.

Onsknatten kan ha samband med Odin

Eitt av dei mest spennande namna er Onsknatten, som Dokkehaug meiner kan ha samband med gudenamnet Odin. Han understrekar at han ikkje kan slå dette fast, men meiner teorien har mykje for seg.

Namnet blir rekna som uvanleg, og han peikar på at fjellet ligg rett ovanfor kyrkja – der eit gamalt hov kan ha stått i førkristen tid. Det kan, ifølgje Dokkehaug, tyde på ein mogleg religiøs samanheng.

Samtidig vurderer han fleire alternative forklaringar, mellom anna at namnet kan komme frå ord knytte til middagstid, hornformasjonar eller eldre personnamn.

Naturen har sett spor i namna

Mange av stadnamna ser ut til å ha opphav i landskapet rundt.

Fjellnamnet Petat blir forklart med ord som viser til noko lite, spisst eller knudrete. Opphavleg kan namnet ha høyrt til ein mindre fjellformasjon kalla «Petatkøllen», før det spreidde seg til eit større område.

Rennsjedalen er knytt til innsjønamnet Rennsjevatna. Dokkehaug meiner fyrsteleddet truleg kjem frå ordet for reinsdyr, medan sisteleddet stammar frå det gammalnorske ordet sjór, som betyr innsjø.

Også namnet Urula er sterkt knytt til naturen. Her peikar Dokkehaug på to mogelege opphav: enten urd og steinrøyser – eller yr og regn. Begge forklaringane passar godt til landskapet.

Spor etter tidleg busetnad

Fleire namn gir også innblikk i tidleg gardshistorie.

Skinningsrud meiner Dokkehaug kan vere ein av dei eldste rud-gardane i bygda. Namnet kan ha opphav i eit gammalnorsk tilnamn knytt til skinnarbeid eller garving.

Storruste vart ifølgje kjeldene rydda på nytt på 1650-talet, men Dokkehaug meiner det kan ha vore eldre busetnad der lenge før dette.

Også Sukke blir rekna som ein svært gamal gard. Her meiner han namnet kan vera knytt til eit bekkenamn eller ordet sukka, som tyder søkk i terrenget.

Les også..

Ny asfalt

Vegarbeidene fullført

Fylkesveg 2456 mellom Tollefsrud i Begnadalen og Jennlismyra i Hedalen ...
Brunnbakklia og Skolehagen. Foto: Dagfinn Heimestøl

Årsmøte

BEKJENTGJØRELSE: Det blir årsmøte i Brunbakklia og Skolehagen velforening på ...

Vi inviterer til kveldsmat og høytlesing!

BEKJENTGØRELSE: Vi inviterer til kveldsmat og høytlesing torsdag 22. oktober ...
Trygghetsalarm

Sør-Aurdal skal vurdere alle vedtak om trygghetsalarm på nytt

Sør-Aurdal kommune opplyser på sin nettside at trygghetsalarm er en ...
Hedalsheimen. Foto: Helge Nordby

Høstens elggryte på Hedalsheimen

BEKJENTGJØRELSE: Søndag 1. november kl. 15.00 ønsker vi alle over ...

Seniortreff

BEKJENTGJØRELSE: Sør-Aurdal kommune inviterer til seniortreff tirsdag 10. november i ...