Bilkirkegård

Nabotips er neppe ein effektiv strategi

Publisert av Arne Heimestøl 05.05.2026. Sist oppdatert 04.05.2026.

LEIAREN:

I kommunestyremøtet 16. april stilte Kjell Eriksen (Ap) eit betimeleg spørsmål om skrot og forsøpling på private eigedomar i Sør-Aurdal.

Svaret frå kommunedirektøren var mellom anna dette: Kommunen har heimel til å gripe inn. Kontrollrunder i kommunen kan sjølvsagt gjerast oftare, men kommunen oppfordrar til at konkrete saker vert melde til administrasjonen for vurdering.

Temaet er ikkje nytt i Sør-Aurdal. Alt i 2018 tok Olav Kristian Huseby (H) opp same problemstilling i kommunestyret. Då svarte administrasjonen at kommunen ikkje hadde faste rutinar for å avdekke slike saker og i stor grad var avhengig av tips. Åtte år seinare verkar mykje av utfordringsbildet å vere det same.

Vi trur det neppe er mange som ønskjer å melde frå om naboar, slekt eller kjenningar. Derfor er det også grunn til å tru at kommunen vil få relativt få tips.

Resultatet kan bli tilfeldig opprydding: Nokon blir melde inn, andre ikkje. Det er verken særleg rettferdig eller særleg effektivt.

Kommunen har heller ikkje berre heimel til å gripe inn. Etter forureiningslova har kommunen også eit ansvar for å føre tilsyn og avdekke forsøpling.

Sør-Aurdal manglar ikkje mål på dette området no. Kommuneplanen slår fast at berekraftig forvaltning av naturressursar skal stå sentralt. Planen seier også at naturmangfald og kulturlandskap skal takast vare på.

Temaplan for plan og teknisk går lenger og nemner både miljøvenleg renovasjon, avfallshandtering, gjenvinning, avrenning og samarbeid med Valdres Kommunale Renovasjon IKS.

Problemet er at planane stoppar der. Dei seier lite om korleis kommunen konkret skal oppdage forsøpling på private eigedomar, prioritere saker og sikre lik oppfølging.

Ringerike kommune har gått lenger.

Der har kommunen laga ein eigen handlingsplan mot forsøpling etter å ha konstatert at dei mangla god oversikt og trong meir systematisk oppfølging.

Planen går konkret inn i ulike former for forsøpling: bilvrak, skrothaugar, villfyllingar, hageavfall, forsøpling i vassdrag og dumping av avfall.

Planen skisserer også prioriteringar, rutinar, juridiske verkemiddel og konkrete tiltak.

Det betyr ikkje at Sør-Aurdal skal kopiere Ringerike. Men det bør vere lov å spørje om kommunen – eller kanskje Valdres-kommunane saman – treng eit betre system enn dagens modell.

Og her kjem eit naturleg spørsmål: Kvifor vere så avhengig av tips frå privatpersonar?

Valdres Kommunale Renovasjon IKS er allereie ute i heile regionen og vil naturleg nok oppdage mykje av det som skjer ute i bygdene.

Det betyr ikkje at renovatørar skal opptre som kontrollørar. Men dei kan varsle når dei ser forsøpling som bør vurderast nærare.

Dette er ikkje ein idé henta lause lufta. Ein nasjonal rettleiar frå Hold Norge Rent og Avfall Norge tilrår tettare samarbeid mellom kommunar og renovasjonsselskap i forsøplingssaker. Grunngjevinga er enkel: Renovasjonsselskapa har allereie kompetanse, infrastruktur og rutinar som kommunane kan bruke betre.

Sør-Aurdal har miljømål.

Det kommunen manglar, er eit meir konkret og systematisk opplegg for å oppdage og prioritere slike saker.

Å vente på tips er neppe ein effektiv strategi.

Les også..

Bærene er store nå.

Hvor godt kjenner du skogsbærene?

Norske skoger og myrer byr på viltvoksende bær. Hva vet ...
Hedalen kulturfestival

«Fire begravelser og ett bryllup» til Hedalen kulturfestival. NB! Aldersgrensen på forestillingen senkes til 13 år.

BEKJENTGJØRELSE: Lørdag 1. august gjester teaterregissør, dramatiker og teatersjef Morten ...
Brøtning fra Øvre Grunntjern til Nedre Grunntjern. Foto: Arne G. Perlestenbakken

Vassfarbrøtningen

Hvordan ble de veldige skogene i Vassfaret forvandlet til eksportvare? ...
Kommunedirektør Øivind Næss Foto: Arne G. Perlestenbakken

Avtale om kommunedirektørens fratreden

Arbeidsgiverutvalget i Sør-Aurdal kommune og kommunedirektør Øivind Næss har inngått ...

Nesbyen–Hedalen veglag orienterer

Det har kommet spørsmål til styret for veglaget angående vedlikehold ...

Stabilt arbeidsmarked med mange ledige stillinger i Innlandet

Arbeidsmarkedet i Innlandet var fortsatt stabilt i juni. Ved utgangen ...