Brakadokka og Kulterudstabburet. Foto: Arne G. Perlestenbakken

No blir det nytt tak på Brakadokka!

Publisert av Odd Arne Rudi 04.05.2026. Sist oppdatert 04.05.2026.

Valdresmusea planlegg tekkekurs på Brakadokka 7. til 9. mai. Dette er etterlengta og har vore prat om i lengre tid.

Attende til opphaveleg tak

Det har ligge papp på taket på Brakadokka i mange år, men opphaveleg var det flis her. Dette skal me gjenskapa.

Behov for meir flis

For å kunne tekke heile taket går det mykje flis. Det er lagra ein del slike i låven på Brakadokka som me skal bruka, men me treng meir.

Er det nokon som har flis liggjande, og kan tenkja seg at me kan overta den og bruka henne her? Flisa er frå 58 til 60 cm lang.

Om kurset

Kurset skal gå over tre dagar, 7. til 9. mai.

Open dag med flishøvling

Laurdagen den 9. blir det open dag der det mellom anna skal høvlast flis på gamlemåten, med hest.

Kunnskap og deltaking

Om det er nokon som har vore med på slik høvling, eller har kunnskap om det, ta gjerne kontakt. Og sjølvsagt er de velkomne til Bautahaugen denne dagen – både de som kan noko om det, og andre.

Beste helsing
Odd Arne Rudi
Bygningsvernrådgjevar
Telefon 97 68 90 65

Les også..

Markedsdag

BEKJENTGJØRELSE: Det blir markedsdag på Bagn 22. august.
Hedalen helselag ny logo

Trim med oss

BEKJENTGJØRELSE: Hver tirsdag kl. 10.00. Vi starter opp 18. august. ...

VKR lanserer app for tømmekalender og renovasjon

Valdres Kommunale Renovasjon IKS (VKR) lanserer appen MinRenovasjon for fastboende ...
Nydyrking på skogsjord. Her dyrkes gulrot, ulike beter, poteter, løk og kålvekster.

Fra steinete skogbunn til frodig kjøkkenhage

Det som startet med noen pallekarmer på steinete grunn, har ...

Motbakkeløp

BEKJENTGJØRELSE: Begnadalen idrettslag arrangerer motbakkeløpet Puttekøllen opp søndag 30. august.

Bygdefest på Nordre Hedalen forsamlingshus

– Lørdagskvelden på Hedalen kulturfestival ble avsluttet med god gammeldags ...