Avløpssak må opp politisk
LEIAREN
Eit kommunalt reinseanlegg som ikkje fungerer som det skal, er framleis i drift i Hedalen. No bør saka opp til open, politisk behandling.
Allereie i 2016 vart det avdekt alvorlege manglar ved reinseanlegget som er knytt opp mot avløp frå Skolehagen, Brunbakklia, Hedalsheimen og skolen og barnehagen: innlekking av framandvatn, utslepp til bekk, tette infiltrasjonsrøyr og massar ueigna for infiltrasjon. Nokre tiltak vart gjennomførte, men utfordringane ved anlegget heldt fram.
Kommunen har i hovudsak basert seg på driftserfaring og overordna miljøovervaking – utan systematisk måling av reinseeffekten i sjølve anlegget. Samtidig har det vore kjent at løysinga er sårbar, og etter kvart også at ho er på slutten av levetida.
I 2024 melde driftspersonell om teikn til svikt. Kommunen tok då sjølv initiativ til tilsyn og vidare vurderingar. No slår ein ny fagrapport fast – basert på tekniske vurderingar av funksjon og risiko – at anlegget ikkje fungerer som føresett, og at det er risiko for utslepp av utilstrekkeleg reinsa avløpsvatn. Samtidig blir det administrativt planlagt eit nytt reinseanlegg.
Kommunen viser til at prøver i elva ikkje dokumenterer forringa miljøtilstand. Men det endrar ikkje hovudpoenget: Når anlegget ikkje er godt nok dokumentert, har ein heller ikkje tilstrekkeleg kunnskap om kva som faktisk blir sleppt ut. Dessutan er problemet med framandvatn i anlegget ikkje løyst.
Dette er etter vårt syn både ei politisk og ei administrativ sak.
Etter forureiningslova §§ 7 og 24 og krav i forureiningsforskrifta har kommunen plikt til å sikre at avløpsanlegg fungerer som dei skal.
Vassforskrifta § 4 krev at miljøtilstanden ikkje blir forverra, medan naturmangfaldlova § 9 slår fast at føre-var-prinsippet skal leggjast til grunn når kunnskapen er usikker.
Etter plan- og bygningslova § 27-2 kan utbygging berre skje der avløpsløysinga er forsvarleg.
Og endeleg: Etter kommunelova er det kommunestyret som er øvste ansvarlege organet i kommunen. Ei sak av denne karakteren kan difor ikkje bli verande på administrativt nivå.
Saka reiser fleire prinsipielle spørsmål.
For det første sit kommunen i ei dobbeltrolle: som eigar av anlegget og som lokal forureiningsstyresmakt. Det skaper ein innebygd interessekonflikt. Då må krava til openheit og uavhengig kontroll skjerpast.
For det andre har dei folkevalde fått lite informasjon. Det er sett av midlar til nytt reinseanlegg i langtidsbudsjettet, men utan brei politisk behandling av status, alternativ og prioriteringar.
For det tredje ligg det i utkast til ny arealplan inne forslag om utviding av Brunbakklia bustadfelt. Dersom nye bustader skal knytast til same system, må det vere avklart at kapasitet og løysing er tilstrekkeleg – før vidare utbygging blir vedteken.
For det fjerde skal investeringane dekkjast av abonnentane gjennom gebyr. Då må det stillast særleg strenge krav til at løysingane er godt utgreidde og kostnadseffektive.
I tillegg er dokumentasjonen av dagens anlegg mangelfull. Det blir ikkje gjort systematiske målingar av reinseeffekten. Når slike grunnleggande forhold ikkje er godt nok dokumenterte, er det vanskeleg å etterprøve om lovkrava er oppfylte.
Manglane har vore kjende i nær ti år utan at ei varig løysing har kome på plass. Det gjer spørsmålet om oppfølging og ansvar uunngåeleg.
Dette handlar om meir enn eit reinseanlegg. Det handlar om korleis kommunen forvaltar rolla si over tid:
- korleis risiko blir vurdert når kunnskapen er usikker
- om tillit blir sikra når ein i praksis kontrollerer seg sjølv
- korleis fellesskapen sine midlar blir prioriterte
Difor må saka no leggjast fram for planutvalet og kommunestyret til open politisk behandling.

























