Anette og Sigrid, æresmedlemmer

Æresmedlemmar i historielaget

Publisert av Åse Østgård Hagen 23.02.2026. Sist oppdatert 22.02.2026.

Historielaget har utnemnt fleire æresmedlemmar sidan starten – i alt tolv personar. Alle desse har gjort ein stor innsats for å ta vare på og formidle den rike kulturhistoria i kommunen. No har styret vedteke å utnemne to nye æresmedlemmar som vil føye seg inn i rekka av store kulturpersonar i Sør-Aurdal.

Anette Hougsrud – æresmedlem 2026

Allsidig og engasjert innsats

Den fyrste vi vil heidre, er ein person som er aktiv på mange område, både i lokalsamfunnet og i kommunen generelt. I historielagssamanheng har ho hatt ei særleg viktig rolle i fleire ulike prosjekt, og ho har bidrege sterkt ved å skrive og sikre lokalhistorie for ettertida.

Arbeidet med Sagn og Soge

Anette kom inn i skriftkomiteen for Sagn og Soge i 2004 og var med på utgjevinga av heile åtte hefte, fram til 2018. Artiklane hennar har vore grundige og interessante, med spennande historie frå heile kommunen.

Innsamling av stadnamn

Ho gjorde også ein stor jobb i prosjektet med innsamling og registrering av lokale stadnamn – eit prosjekt som starta i 1998. Ho arbeidde mykje med etterarbeidet, digitaliseringa og sikringa av materialet.
No er arbeidet fullført, og resultatet kan sjåast på digitale kart på nettet.

Skogshytteprosjektet

Prosjektet om skogshyttene i Sør-Aurdal resulterte i bokutgjeving i november 2024. Her gjorde Anette ein formidabel innsats med registrering, fotografering og kontaktarbeid. Boka vart godt motteken og gav gode inntekter for historielaget.

Sør-Aurdal Historielag utnemner med dette Anette Hougsrud til æresmedlem. Tusen takk for innsatsen!

Sigrid Haugen – æresmedlem 2026

Langvarig og målretta arbeid

Vi har enda eit medlem vi vil heidre. Denne personen har gjort – og framleis gjer – ein stor innsats på fleire område i lokalsamfunnet. I historielaget har ho vore med i mange prosjekt, men særleg utmerkt seg i arbeidet med å nå formålet til laget.

Redaktør for Sagn og Soge

Sigrid kom med i skriftkomiteen for Sagn og Soge i år 2000 og har vore aktiv der i 25 år. Ho har hatt hovudansvaret som redaktør – tek imot stoff, redigerer, fører korrektur, fordeler oppgåver og sørgjer for god kommunikasjon i komiteen. Ho har òg hovudansvaret for den praktiske oppfølginga ved trykking og distribusjon.
Sigrid har sjølv bidrege med fleire artiklar, og ho er no i gang med hefte nr. 23, som kjem ut før jul i 2026.

Innsats i styret og andre prosjekt

Ho kom inn i styret som varamedlem i 2012, har også vore fast styremedlem, og er framleis aktiv som vara. I tillegg deltok ho i arbeidet med Skogshytteboka, der ho bidrog med både innsamling og korrekturlesing.

Sør-Aurdal Historielag utnemner med dette Sigrid Haugen til æresmedlem. Tusen takk for innsatsen!

Les også..

Begnadalen.no i ny drakt – etter 24 år på nettet

Begnadalen.no har fått helt ny nettside. Den nye løsningen ble ...

Bildeglimt fra idrettens dag

Vi har bildene tale for seg selv.

Workshop i Hypopressiv trening med Johanne Drivarbekk

ANNONSE: 📅 Lørdag 26. september  ⏰ Kl. 10.00–14.00 📍 Brunbakklievegen 1, ...

Gå med oss til gapahuken – hele familien

BEKJENTGJØRELSE: Onsdag 16. sept. kl.18.00 fra parkeringsplassen ved skytebanen. Servering ...
Hedalen barne- og ungdomsskole. Foto: Dagfinn Heimestøl

Satte sju-grensen til side i mai – nå foreslås den videreført

I mai vedtok kommunestyret enstemmig en midlertidig ordning som sikret ...

Marius fikk Hilmar-prisen 2026

TALE VED UTDELING AV HILMARPRISEN 2026: Kjære alle sammen – ...