Arkivbilde av kommunestyret

Kommunestyret sa nei til nytt kutt i talet på representantar

Publisert av Arne Heimestøl 18.11.2025. Sist oppdatert 17.11.2025.

Kommunestyret vedtok torsdag 13. november samrøystes å halde fram med dagens ordning med 19 kommunestyrerepresentantar. Forslaget om å redusere talet til 15 frå og med kommunevalet i 2027 fekk dermed inga støtte.

Ordføraren foreslo reduksjon

Ordførar Marit Hougsrud hadde på førehand lagt fram eit forslag om å kutte fire representantar.

Ho viste i møtet til gruppearbeidet kommunestyret hadde 17. juni, der alle gruppene hadde teke til orde for å vurdere talet på kommunestyrerepresentantar.

– Eg må følgje opp det de seier, sa Hougsrud.

Bakgrunnen for at saka kom opp no, var økonomi. Det viste seg at innsparinga ved ein reduksjon på fire representantar ville vere 50 000 kroner – ikkje 90 000 kroner, slik det stod i saksframstillinga.

Tidlegare kutt utan debatt

Dette var ikkje første gong kommunestyret vurderte ei nedjustering. Då medlemstalet vart redusert frå 25 til 19 i juni 2018, skjedde det utan politisk debatt. Også formannskapet vart den gongen redusert, frå sju til fem medlemmar. Vedtaket var samrøystes.

Frå debatten

Asle Mikkelsgård Trædal (H) var den første som fekk ordet i debatten. Han minte om at Sør-Aurdal er ein kommune med mange bygder.

– Demokrati handlar mellom anna om at fleire får vere med på å bestemme. Dessutan er det lite å spare på reduksjonen ordføraren har kome med framlegg om, sa høgrerepresentanten.

Han fekk støtte frå fleire av dei som tok ordet etterpå.

Ståle Borgersen (H) la til at ein kunne spare noko på å ha litt færre møte, men åtvara mot opphoping av saker i desembermøtet dersom det skulle bli praksis.

Inga endring

Kommunestyret valde altså å halde på dagens ordning. Dermed blir talet på 19 representantar vidareført også etter kommunevalet i 2027.

Les også..

Idrettsprisen

Fire kamerater får Livredderprisen

Det som startet som en vanlig fotballøkt ved Hedalen barne- ...
Kjell Eriksen og Øivind Næss

Kommunen kan pålegge opprydding av skrot på private eiendommer

Oppsamling av biler, maskiner og annet skrot i Sør-Aurdal skaper ...
Bodil Øyhus Pihl og Øivind Næss

SFO-tilbudet i Hedalen uteblir – politisk vedtak får konsekvenser

Manglende SFO-tilbud på onsdager i Hedalen skyldes et tidligere politisk ...
Trim med oss

Hva skjer i Hedalen helselag?

Årsmøtet er avholdt, og både styremedlemmer og varamedlemmer fortsetter i ...
Lokalet

Dugnad på Lokalet

BEKJENTGJØRELSE: Hedalen ungdomslag ønsker store og små velkommen til vårrengjøring ...
Syver

Barnedemens – og å leve mens du lever

18. mars hadde alle helselaga i Valdres et arrangement på ...