Bjørn Olav Søndrol. Foto: privat

Landbruket – ein berebjelke i norsk beredskap

Publisert av Arne Heimestøl 15.11.2025. Sist oppdatert 11.11.2025.

Under beredskapskonferansen på Fagernes 30. oktober heldt nestleiar i Innlandet Bondelag, Bjørn Olav Søndrol, eit innlegg om korleis og kvifor landbruket er ein sentral del av norsk totalberedskap.

Han viste til at landbruket er kritisk for matsikkerheita – at det kan skaffast nok mat, og at Stortingsmeldinga om totalberedskap no slår fast det Bondelaget har hevda over lengre tid: Landbruk er beredskap.

Matproduksjon gir reell beredskap

Søndrol understreka at den kontinuerlege matproduksjonen over heile landet er grunnlaget for reell matberedskap.

Landbruket bidreg til å sikre busetjing, grunnberedskap og levande lokalsamfunn i heile landet.

Bonden si rolle i totalberedskapen

Kvart gardsbruk er ei hjørnesteinsverksemd i lokalsamfunnet. Søndrol peikte på at beredskap handlar om meir enn eigenberedskap – det handlar òg om å stille opp for kvarandre.

Bonden har ei sentral rolle i totalberedskapen som:

  • matprodusent
  • fagperson med kunnskap om jord og dyrking
  • lokalkjend, særleg viktig ved stengde vegar
  • brukar av maskinar og utstyr
  • til stades – overalt

Ei uroleg verd krev sterkare matberedskap

Verdssituasjonen tilseier ifølgje Søndrol eit auka fokus på matberedskap. Han viste til eit sitat frå eit medlem i Totalberedskapskommisjonen:

«Vil du destabilisere eit samfunn, tek du først energien – og deretter maten.»

Landbruket er allereie ein del av totalberedskapen, og næringa har fleire samfunnsoppdrag som robust og berekraftig matproduksjon, trygg mat, god dyrevelferd, vedlikehald av kulturlandskapet og bidrag til busetjing.

Behov for at det er føreseieleg

For å kunne levere på desse oppdraga treng næringa at vilkåra er føreseielege.

Han åtvara mot å redusere føresetnadene for matsikkerheit, beredskap, sjølvforsyning og løpande matproduksjon til forhandlingspostar mellom parti i statsbudsjettet – noko han kalla gamling på høgt nivå.

Kunnskap som nøkkel

Avslutningsvis peikte Søndrol på at matproduksjon krev kunnskap og kompetanse, og stilte spørsmålet:

«Kor få hender og hovud tør vi basere denne kunnskapen på?»

Les også..

Fra innsiden av Fekjær

YTRING: En ny dag gryr i Hedalen. På Fekjær våkner ...
Kjell Eriksen. Foto: Arne Heimestøl

Vil diskutere kommunestyrets rolle som øverste styringsorgan

Kommunestyrerepresentant Kjell Eriksen (Ap) ønsker en bred diskusjon om hvordan ...
Nye SAUS

Administrasjonen anslår kostnadsnivået til 110 millioner kroner

Kommunestyret skal 18. juni ta stilling til veien videre for ...

Entreprenør til bygging av enebolig i Oslo

ANNONSE: Entreprenør søkes til bygging av enebolig i Oslo kommune. ...

Status mandag ettermiddag

INNSAMLINGSMÅLET ER NÅDD. En forening har varslet at de støtter ...
Vassfartur for sjetteklassinger

28 sjetteklassinger på tradisjonsrik tur i Vassfaret

Onsdag 12. juni arrangerte Lions Club Vassfaret den årlige vassfarturen ...