Sist oppdatert: 13.09.2018 06:07

Vekas fireliner

 

ELDOR BRÅTHEN


Klimadebatt
La havet stige ved Asias strender.
Det skil ikkje meg det som der hender.
Allting er bra vil no eg meina
så lenge vi sjølve er tørre på beina.


«Kjempetyfon i vest og kjempeskjelv i nord.»
Slik var emnet for ein e-post vi fekk frå misjonær i Japan, Anniken Mori, tidleg om morgonen 7. september. Mori har besøkt Hedalen fleire gonger, og det er sikkert andre i bygda som har fått same brevet. Eg siterer litt av det ho skriv:
 
– Vi beveget oss tirsdag i retning av tyfon no 21 i år. Men vi merket omtrent ikke noe til den. Her i Nagano fylke er vi omgitt av mange fjell, og tyfonen passerte Japan lenger vest. Men nifse nyheter ventet oss om kvelden. I Osaka og Kobe fløy tak og vegger, og vinden målte over 58 m i sek på den store Kansai flyplassen pga. ødelagt bro og oversvømte flybaner. Over 1000 hus ble ødelagt, over 600 skadet og flere døde. De siste tallene er ikke klare enda. Svære økonomiske tap.

– Så kom det største skjelvet til Hokkaido kl. 3.07 torsdag morgen. Fjell raste ned, og i et område av hovedstaden Sapporo sto husene skakt eller overende. Øyen har ca. 5 mill. innbyggere, og det første døgnet var de uten strøm pga. skadene ved dets største strømgiver, et kullverk. Nå har en tredjedel nesten fått elektrisiteten tilbake, men det tar visst en uke før situasjonen er stabil. (Så langt or brevet frå Anniken Mori.)

Eg må vedgå at første reaksjonen min var: – Dette visste eg ikkje. Eg prøvde å sjekke kva Nrk TV og Nrk radio hadde sagt om dette, men fann ingenting. Det einaste eg fann, var ein artikkel på nrk.no. Først noko seinare vart hendingane i Japan nemnde på norsk radio.

Er ein slik måte å dekke nyhende på, nett slik vi ønskjer? Ja, kvifor ikkje? Sant å seia bør vi vel konsentrere oss mest om det som skjer her heime? Eg vil få lov å dreie dette litt over på norsk kultur. Sverigedemokratane gjorde eit godt val. Dei ivrar for svensk kultur, las eg . Mange norske politikarar ivrar sterkt for norsk kultur , i alle fall om ein held nynorsken unna, og i tillegg ikkje er inne i budsjettdrøftingar.

Denne «kultursvingen» vart kanskje litt kunstig, men eg tok han for å få høve til nemne Peer Gynt. Peer Gynt er norsk. Det same er naturlegvis Henrik Ibsen, mannen som skapte Peer, dvs. henta han fram frå sitt eiga diktarsinn og det norske folkedjupet. Skal vi tru Ibsen, er det forskjell mellom det «å være seg selv» og det «å være seg selv nok». Er «seg selv nok-personen » Peer Gynt prototypen på ein nordmann?

Sjølvsagt ikkje. Alle veit at vi løyver mange skillingar til uhjelp. No har vi også begynt å gi pengar til land som Hellas og Italia. Da kan dei byggje interneringsleirar lenger sør i Europa eller i Nord-Afrika som båtflyktningar kan puttast inn i. Poenget er å halde dei unna strendene våre.

Opplever Asia fleire tyfonar enn før, og skuldast det, i alle fall delvis, vår måte å leva på? Dei spørsmåla lar eg liggje og konsentrerer meg om vår heimleige kringkasting.

Fem millionar menneske, bortimot så mange som det bur i heile Noreg, mista straumen på Hokkaido. Svært mange av desse fem millionane var utan straum ei heil veke. Eit tusental hus vart øydelagde. Fleire hundre menneske vart skadde. Mange mista livet.

Kvifor var norske media så tause om desse hendingane? Er det ei korrekt vurdering at det som skjer i verda er uinteressant så lenge vi er tørre på beina?

Henrik Ibsen let vera å svare. Han nøgde seg med å spørja, og det har vel ein skarve firelinerskribent også lov til?

 


Flere firelinjere er samlet i en bok. Den kan du få kjøpt på Joker. Overskudd fra salget går til Hedalen idrettslag og Hedalen ungdomslag. Les mer her.

 

Hedalen.no takker Eldor for at vi får lov til å publisere noen av diktene hans! Dette vil vi gjøre på onsdager eller torsdager i tiden som kommer. Redaktøren