Sist oppdatert: 04.03.2018 21:11

Bøker og bilder på nett

 

SIGRID HAUGEN

 

Sør-Aurdal Historielag hadde årsmøte på Kroken i Hedalen 1. mars. Etter at årsmøtesakene var unnagjort, fikk fotoarkivarene Kristine Runshaug og Bettina Walser Garmann fra Valdresmusea slippe til.

De har nå skanna og lagt ut på nettet store mengder med historiske bilder. De viste oss noen av de mange mulighetene for å søke på
www.digitaltmuseum.no.

Av de mer enn 5 000 historiske bilder i samlingene til Valdresmusea, er de fleste nå lagt ut her.

 

 


 

En stor del, ca. 1 900, kommer fra Sør-Aurdal (Bagn Bygdesamling).

Vi finner f. eks. en rekke bilder fra Gudbrand Brager, journalisten som dekket de fleste begivenhetene i Hedalen i en mannsalder.
 

Museet fikk nylig den store samlingen etter Einar Rustebakke. Arbeidet med å digitalisere dette blir snart påbegynt. 
 

Museet ønsker hjelp av publikum til å identifisere personer og steder. Jo mer info om bildene, jo mer verdifulle er de. Nederst på hvert bildeoppslag er det et kommentarfelt der alle kan bidra. Vi ble oppfordra til å bruke dette. Se dette  eksemplet. Dette tror jeg neppe er Ildjarnstad skole, men hvor er det?  

 

Så langt bilder.

Nasjonalbibliotekets kjempeprosjekt er digitalisering av bøker. Her er pressemelding fra Nasjonalbiblioteket 1. februar 2018:

 

ALLE NORSKE BØKER TIL OG MED ÅR 2000 FRITT PÅ NETTET
Som fyrste land i verda har Noreg digitalisert og lagt den nasjonale litteraturarven ut på nettet. Kring 250.000 bøker gjevne ut i Noreg til og med år 2000 kan no lesast fritt på
www.bokhylla.no av heile befolkninga.

– Eg meiner at litteratur og kunnskap skal vera tilgjengeleg for alle. Brei og enkel tilgang til litteratur på norsk er viktig for danning, demokratisk deltaking, utvikling av språkkjensle og identitet. Bokhylla.no gjev folk i Noreg ein unik tilgang til den nasjonale kulturarven vår, seier kulturminister Trine Skei Grande, som vitja Nasjonalbiblioteket torsdag 1. februar i samband med at bokhylla.no er fullført.

Det er det storstilte digitaliseringsprosjektet til Nasjonalbiblioteket og ein kollektiv avtale med rettshavarane gjennom Kopinor som har gjort bokhylla.no mogleg.

– Sidan 2006 har Nasjonalbiblioteket jobba målretta med å digitalisera samlinga. Takk vere den eineståande kompetansen som er bygd opp kring digitalisering i Mo i Rana, har vi nådd eit mål mange meinte var umogleg å gjennomføra, seier direktør Aslak Sira Myhre.

Fem år etter at Nasjonalbiblioteket og Kopinor inngjekk Bokhylla-avtalen, er han framleis eineståande i verda. Nasjonalbiblioteket og Kopinor vil i laupet av 2018 innleia samtalar om ei mogleg utviding av avtalen til å omfatta bøker gjevne ut seinare enn 2000.

 

Fakta:

·    Bokhylla.no vart fyrst lansert som eit prøveprosjekt i 2009. Etter ein avtale mellom Nasjonalbiblioteket og Kopinor frå 28. august 2012 vart tenesta permanent og utvida til å omfatta alle bøker gjevne ut i Noreg til og med år 2000.

 

·    Nasjonalbiblioteket starta i 2006 ei systematisk digitalisering av alle samlingane sine. Digitaliseringa sikrar at materialet blir bevart for framtida. Samstundes er det eit mål å gjera så mykje som mogleg av kulturarven fritt tilgjengeleg på nettet. Bokhylla er ein viktig del av dette arbeidet.
Bøkene på Bokhylla.no er fritt tilgjengelege for lesing på nett for alle med norsk IP-adresse. Bøker som ikkje lenger er opphavsrettsleg verna, kan i tillegg lastast ned og skrivast ut. Forfattarar, andre opphavspersonar og forlag blir betalte gjennom den kollektive avtalen mellom Nasjonalbiblioteket og Kopinor.

·   Forfattarar og forlag har gjennom avtalen høve til å reservera seg mot å leggja ut bøker. Per i dag er kring 4 000 bøker haldne attende. Dette dreier seg stort sett om fagbøker og bøker som framleis har eit kommersielt potensial.

·   Noreg er så langt det einaste landet i verda som har fått til ei slik teneste.
 

 

Vi fikk demonstrert www.bokhylla.no. Se dette eksemplet.

 

Ettersom bind D av Gard og bygd i Sør-Aurdal for lengst er utsolgt, er det ekstra nyttig at den er tilgjengelig her. Søkefunksjonen gjør den langt mer brukervennlig enn papirutgava. En kan søke på hvilket som helst ord i teksten og komme rett til sida det er nevnt. Her ligger også aviser.
 

Historielagets egen årbok, Sagn og Soge i Søndre Ourdahl, er ennå ikke digitalisert, men Nasjonalbiblioteket forsikrer at det vil komme!

Vi minner om Sør-Aurdal Historielags egen nettside.
 

Her er det lenke til Valdresbiblioteka, der du kan søke på både forfattere og emner i Sagn og Soge.

 

Historielaget ønsker seg flere medlemmer. Medlemskap ordnes enkelt ved å betale 100 kr. for enkeltmedlem eller 150 kr. for familie til bankkonto nr. 6185.56.13238.

Velkommen som medlem i Sør-Aurdal Historielag!