Sist oppdatert: 06.07.2018 05:49

Dugnadsarbeid på sitt beste

 

Sist veke arrangerte Ildjarnstad 4H fylkeleir for 160 deltakarar i Oppland 4H. Det var fjerde gongen klubben har teke på seg dette oppdraget. Arrangementsansvar for fylkesleir går på omgang mellom klubbane. Då fylket i 2017 stod utan arrangør for sommarleir i 2018, bestemte Ildjarnstad 4H at klubben skulle ta på seg oppgåva.

 

Med førebuing, gjennomføring og etterarbeid har dei 45 klubbmedlemmane, føresette og andre lagt ned over 1300 dugnadstimar. Og målet var klart: Dette skulle bli klubbmedlemmane sin leir.

 

Budsjettet for leiren var på 200 000 kroner, og inntektene kom frå sponsorar og avgift deltakarane betalte. Bedrifter både i og utanfor bygda har støtta leiren, og det same har lag og foreiningar i bygda gjort. Dette har vore eit samarbeidstiltak på sitt aller beste.

 

Det er stor grunn til å vere stolte over dei 45 klubbmedlemmane i Ildjarnstad 4H og støttespelarane deira. Leiren vart på alle måtar vellukka. Til og med vêret spelte på lag denne gongen.

 

Lagsarbeidet i Hedalen vert ført vidare av nye generasjoner. Barn og unge lærer både i skole og fritid tidleg å ta på seg ansvar for seg sjølv og andre. Dette gjev framtidshåp for bygda og kommunen vår.