Sist oppdatert: 07.02.2018 17:04

Hemsingfestivalen

 

Systrene Eldbjørg og Ragnhild Hemsing inviterte i februar 2017 internasjonale musikervener til den femte Hemsingfestivalen i heimbygda si, Aurdal i Valdres. Festivalen ynskjer å gje publikum intime møte med stor musikk.

 


 

Hovedscenen følgde musikarane tett, og NRK var med på konsertar i vakre Aurdal kirke, i Frikar-Smia og vart med publikum på ski i "klassisk stil" til konsert i Aurdal Fjellkirke. Programleiar Arild Erikstad.

Planlagt sendt: NRK2 · Sundag 11. februar 2018 kl. 20:45

Ny festival
No nærmar det seg ny Hemsingfestival og vinterfest med intime møte med stor musikk i Aurdal i Valdres!

Festivalprogrammet 21.–25. februar 2018 inneheld 16 ulike konsertopplevingar på fem dagar med over 30 musikarar på topp internasjonalt nivå. Du får høyre klassisk musikk ved spennande verdskjende artistar som Alexey Stadler, Yulianna Avdeeva og Goldmund Quartet, i tillegg til kjende norske namn som Henning Kraggerud, Ingrid Andsnes, Adrian Angelico og Eldbjørg og Ragnhild Hemsing.

Hemsingfestivalen er eit unikt høve til å få oppleve klassisk musikk kombinert med friluftsliv i vakre omgjevnader og med utsikt til snøkledde valdresfjell.

Desse dagane kan besøkande også hyggje seg med middag "Smak med tonar" på Nythun, foredrag og mat på Frydenlund Skysstasjon, konsertforedrag på Fagernes Folkemuseum, lunsj med minikonsert på Noraker Gard, matinékonsert i Aurdal fjellkyrkje, guida skitur frå Nythun til Aurdalsåsen til enkelte konsertar der publikum kan teste ut dei fine skiløypene i området. Dette i tillegg til kveldskonsertane i Aurdal kirke og Frikar-Smia.