Sist oppdatert: 13.11.2008 07:15

Ny gladmelding til kommunen

ARNE HEIMESTØL
 

– Vi trudde vi kom til å tape vel ein million kroner i eigedomsskatt på kraftanlegg, fortel ordførar Kåre Helland. – Dette er lagt til grunn i budsjettsaka kommunestyret i dag skal behandle. Nyleg kom det melding om at pengane kjem på plass att. Dermed har kommunen på kort tid fått nesten 5 millionar kroner meir enn dei hadde rekna med i inntekter for 2009.

– Vi var av dei som reagerte på bortfall av eigedomsskatt på kraftverk, og Gunnar Tore Stenseng tok opp saka gjennom LVK. Det viste seg at departementet ikkje hadde sendt nye reglar på høyring, og då saka hamna i finanskomiteen i Stortinget, vart det raskt fleirtal for å få pengane på plass att. Dette støttar finansdepartementet også.