Arkivkveld Hedalen

Foto- og arkivkveld i Hedalen

Publisert av Eirin Breie, Konservator NKF-N / Arkiv og samling 27.01.2024. Sist oppdatert 24.01.2024.

Bautahaugen samlinger og Valdresmusea gjorde innsamling av foto og arkivmateriale i Hedalen førre veke, torsdag 19.01.2024. Hensikten var å sikre at dokument og fotografi frå Hedalen blir bevara på best mogleg måte for framtida.

Spesielt viktig er å samle opplysningane om kva og kven dette materialet viser og fortel om. Kven personane på gamle fotografi er, blir ofte gløymt når det ikkje lenger lever nokon som hugsar kven desse menneska er.

Om informasjonen blir skriven ned og tatt godt vare på, vil kjennskapen til kven menneska i fotografia er, leve lenge etter at både dei og dei næraste etterkommarane deira er borte.

Med trygg lagring vil det væra mogleg å finne tilbake til fotografia og menneska dei viser, også i framtida. Det same gjeld lyd og musikk, tekst og papir. Om ingen sørger for å ivareta informasjonen, kan kjennskapen til innhaldet i bileta forsvinne.

Arkivfellesskap

Bautahaugen samlinger og Valdresmusea inngår i arkivfellesskapet Innlandsarkiva, saman med dei andre musea i Innlandet. Musea samarbeider om best moglege bevaring av foto, arkiv og lyd, og strekker seg etter å følgje standardar og krav som gjeld for museum.

Valdresmusea låner inn eldre fotografi for å skanne desse, og bevarer ei skanna fotofil, men museet tek også imot fysisk fotomateriale til bevaring.

Museet nyttar den nasjonale museumstenesta Kultur-it, som bidreg til trygg datalagring, og sikrar dei digitale foto-filane for framtida.

Digitalt museum

Dei skanna fotografia blir delte på internett på nettstaden Digitalt museum, saman med foto av gjenstandar, bygningar og anna.

Dersom du har sett eit gamalt bilete frå Valdres på internett, er det ganske sannsynleg eit bilete museet har delt på Digitalt museum. Har du ikkje besøkt nettsida enno bør du gjere det no.

Søker du på «Hedalen» på Digitalt museum, kjem det opp 545 fotografi du kan kikke på, og talet veks. Valdresmusea har delt over 15 000 gamle bilete frå Valdres på denne nettsida. Mykje av dette er bilete frå privatpersonar, gamle svart-kvit bilete folk har hatt heime som dei har valt å dele med museet.

Då blir ikkje berre fotografia delte, men informasjonen om dei blir og sikra. Fleire foto vil komma på nettstaden, så lenge foto blir delt med museet, og det finst frivillige og tilsette på museet som gjer jobben med å skanne, lagre og publisere.

Etter arkivkvelden i Hedalen fekk museet låne med seg fleire nye gamle foto frå Hedalen, foto som snart vil bli lagt ut på Digitalt museum.

Papirarkiv

Under foto- og arkivkvelden i Hedalen på torsdag vart også levert inn arkivmateriale i form av papirarkiv. Blant anna fleire sider handskrivne dagboksnotat frå ein sjøfartsmann frå Hedalen som deltok på ein seilas til Sydishavet i 1934–1935.

Det vil no bli oppretta eit arkiv med namnet til sjøfararen, og informasjon om arkivet blir lagra ved museet og publisert på nettstaden Arkivportalen.no.

Dagboksnotata, som består av fleire ark med sirleg handskrift, blir pakka ned i syrefrie arkivesker, som gjer at papiret held seg lengst mogleg, og teksten held seg best mogleg.

Alle som ønsker, kan ta kontakt med museet for å få sjå innhaldet i arkivet. Det krev berre ei førespurnad, ein telefon eller ein epost.

Arkivmateriale frå over 700 ulike lag, foreiningar, personar, bedrifter og andre aktørar er samla og lagra på Bautahaugen samlinger, Bagn Bygdesamling og Valdres Folkemuseum. Dette er historie på papir.

Musea har lister over innhaldet i arkiva, og arbeider for å publisere informasjon om kva arkiva inneheld på internett, så det blir lettare for alle å finne fram til arkiva. Informasjonen om fortida som er samla i arkiva, blir gjennom systema til musea tilgjengeleg også utanfor nærområdet, og kan bli ein del av større samanhengar.

Blant anna kan samlingane musea tek vare på, nyttast av universitet og andre institusjonar til forsking. Under arkivkvelden på i Hedalen vart det levert inn eit herbarium, ei tjukk bok frå 1898 med pressa blomar og planter limt inn på kvar side. Kven veit, kanskje kan den ein gong i framtida gje oss informasjon om naturen her og korleis han endrar seg?

Innlandsarkiva

Nettverket Innlandsarkiva arbeider mot løysningar for å betre bevare også digitale filer, ettersom historia i dag ikkje lenger vert skriven med penn, men med tastatur. So langt finns moglegheita for trygg lagring av lyd og lydspor.

Valdresmusea driftar Valdres Folkemusikkarkiv, som samlar lyd- og videopptak av folkemusikk her i regionen, i tillegg til som anna informasjon kring dette. Lyd- og videoopptak av folkemusikk som ikkje er kommersielt utgitt, og som gjort av privatpersonar, er spesielt interessant for museet.

Det er eit stort ynskje frå museet si side å finne fram til slike opptak. Lyd frå Hedalen har såklart sin plass i historia, og museet ynskjer spesialt at alle som kan har slik materiale, tek kontakt.

Bautahaugen samlinger og Valdresmusea vil ynskjer å gjere fleire innsamlingar av foto, arkiv og lyd i Hedalen i framtida.

Les også..

Påskenøtt 2024

Påskenøtt 2024

Her kommer årets påskenøtt🐣. Dette er noe som finnes i ...
Arbeidsmarkedet i Innlandet i mars

Fortsatt lav ledighet og mange ledige stillinger i Innlandet

Arbeidsledigheten i Innlandet holder seg fortsatt lav med 1,9 prosent ...
Klar for rumpeldunkkamp

Den mystiske boksen

Mellomtrinnet ved Hedalen skole har gjennomført et 8-ukers tverrfaglig prosjekt med ...
Løype fra Jevnlismyra

Nykjørte løyperBEKJENTGJØRELSE 

Onsdag kl. 14.10: Rolf Gunnar har kjørt løype fra Jevnlismyra ...
Skitur torsdag

Siste vinterleirskoleuke

Denne uka hadde Vassfaret leirskole sin siste uke med vinterleirskole. ...
Mellombygget

– Arbeidene går godt framover

Bygningsingeniør Oddleiv Juvkam forteller at flere anbud på opprusting av ...